Symptom, lindring og behandling ved ALS

Sjølv om det ikkje finst noka behandling for ALS som kurerer sjukdomen, er det mykje som kan gjerast for å lette symptoma, kvardagen og tida du får som ALS-sjuk.

ALS er ein alvorleg sjukdom som rammar nervecellene som sender signal frå hjernen til musklane, noko som igjen gjer at musklane gradvis blir svekt og du misser kontrollen over dei.

Sjukdomsforløpet varierer frå person til person. Symptom kan oppstå brått eller dei kan kome smygande. Nokre opplever først at svelging og snakking blir vanskeleg, medan andre opplever lammingar i armar og bein.

Det finst enno ingen kur mot ALS. Behandlinga og oppfølginga du får, skal hjelpe deg å leve så godt som mogleg.

Som ALS-pasient skal du følgjast opp av ulike fagfolk. Kva slags hjelp du får, avheng av kva for behov du til kvar tid har undervegs i sjukdomsforløpet. I tillegg til den sjukdomsretta behandlinga du får, er det viktig å ha tilgang på hjelpemiddel som bidreg til å kompensere for tap av funksjonar.

Mat og ernæring

Helsepersonell vil saman med deg og dine pårørande vurdere kva som best kan hjelpe deg dersom det blir vanskeleg å ete og svelgje. Hjelp kan til dømes vere

  • ein kosthaldsplan og tilpassa kost som er lett å tyggje
  • ein PEG-sonde, som er ei kunstig opning gjennom huda inn til magesekken der mat kan førast inn direkte i magesekken

Helsepersonell vil også kunne hjelpe deg med munnstell, og du kan søkje om støtte til tannbehandling. Får du heimesjukepleie har du rett til gratis tannbehandling frå den offentlege tannhelsetenesta.

Sikling, slim og pustevanskar

Som ALS-pasient kan du oppleve at det blir vanskeleg å svelgje spytt. Det finst fleire måtar å betre dette, anten med 

  • tablettbehandling
  • medisinar via plaster
  • botox-injeksjonar til spyttkjertlar

Etter kvart kan du få vanskar med å puste og hoste, fordi pustemusklane dine blir svekte. Helsepersonell vil saman med deg og dine pårørande vurdere korleis desse vanskane kan lindrast og behandlast. Det kan vere aktuelt med

  • medisina
  • fysikalsk tilrettelegging og behandling
  • tekniske hjelpemiddel
  • pustehjelp med ventilator og maske delar av døgnet

Ei meir permanent løysing med respiratorstøtte via hol i halsen kan vere aktuelt i særskilte tilfelle.

Det er likevel mange spørsmål og utfordringar knytte til slik behandling som du og dine pårørande må drøfte nøye med kommunen og sjukehuset.

Rørsle og busituasjon

For å kunne leve eit så aktivt og sjølvstendig liv som mogleg kan du ha behov for tekniske hjelpemiddel. Det kan også vere behov for å tilpasse bustaden din. Sjukehuset eller kommunen kan gje deg informasjon om korleis du går fram og kva du kan trenge, sånn som

  • gå-hjelpemiddel som krykker, rullator, rullestol og droppfotskinne, og hjelp til tilpassing
  • alternative løysingar og hjelpemiddel for nedsett handfunksjon
  • andre praktiske hjelpemiddel heime, som skjener og trappeheis

Kommunen du bur i, har ansvar for å gje råd, rettleiing og praktisk bistand om tilpassing av bustad, og kan gje deg økonomisk støtte.

Kommunikasjon

Når musklane som blir brukte når du snakkar, blir svakare, kan du få talevanskar. Då vil du kunne få hjelp til å:

  • Lære deg tale, stemmetrening og teknikkar som gjer det lettare å prate. Her kan til dømes ein logoped, i tett samarbeid med ein ergoterapeut, hjelpe deg.
  • Kartleggje kva for kommunikasjonshjelpemiddel som kan vere aktuelle. Hjelpemiddel kan vere alt frå enkle små skrivemaskiner, til meir avansert datautstyr. Hjelpemidla blir til dømes lånte ut av NAV/Hjelpemiddelsentralen.

Fysisk aktivitet

Mange som har ALS, opplever at funksjonar i armar og bein blir svekte. Dei kan oppleve at dei blir svakare i armar og bein. Dei kan òg oppleve at dei blir spastiske eller stive i ledda. Lett til moderat fysisk aktivitet kan bidra til å halde affiserte muskelgrupper i best mogleg funksjon lengst mogleg.

Fysioterapeut eller anna helsepersonell kan vise deg gode øvingar som tøyer og strekkjer musklar og sener. Dei kan også rettleie deg i trening og vere med å tilpasse hjelpemiddel som vil gjere kvardagen din lettare.

Psykisk helse

Mange personar med ALS blir av og til bekymra, redde og triste. For nokre kan dette bli eit alvorleg problem og ta form av angst og depresjon. Dersom du har tunge tankar og vonde kjensler, er det viktig å vite at du kan få hjelp frå

Du kan lese meir om psykiske lidingar her.

Søvn

Søvnproblem er ikkje uvanleg hos ALS-pasientar. Dersom du slit med å sove, er det viktig å kartleggje kva som kan vere årsaka. Er det smerter, krampar eller bekymringar? Årsakene kan vere samansette og komplekse. Tiltak kan vere

  • søvndagbok
  • gode rutinar for søvn
  • medikamentell søvn-behandling/ikkje-medikamentell søvnbehandling

Du kan lese meir om søvn og søvnproblem her.

Content provided by The Norwegian Directorate of Health

The Norwegian Directorate of Health. Symptom, lindring og behandling ved ALS. [Internet]. Oslo: The Norwegian Directorate of Health; updated Monday, June 17, 2024 [retrieved Tuesday, July 16, 2024]. Available from: https://www.helsenorge.no/en/sykdom/als/symptomer-lindring-og-behandling/

Last updated Monday, June 17, 2024