Samarbeidspartnarar

Informasjonen på Helsenorge er levert av ulike organisasjonar i helsesektoren. Kvar enkelt leverandør av innhald er ansvarleg for at informasjonen er oppdatert, kunnskapsbasert og har høg fagleg kvalitet.

Våre samarbeidspartnarar

  • Akershus universitetssykehus HF (Ahus) er eit lokal- og områdesjukehus for omlag 560 000 innbyggarar. Hovudoppgåvene er pasientbehandling, forsking, undervisning og pasientopplæring

  • Apotekforeininga er bransjeorganisasjonen for apoteka i Noreg og eigarane deira. Alle apotek, både privateigde og dei offentleg eigde sjukehusapoteka, er medlemmer av Apotekforeininga.

  • BarnsBeste - Nasjonalt kompetansenettverk for barn som pårørande (sshf.no) er eit nasjonalt kompetansenettverk for innsamling, systematisering og formidling av kunnskap om barn som har foreldre med somatiske, psykiske og/eller rusrelaterte lidingar. Senteret arbeider for at barna og familiane deira får oppfølginga dei har behov for. Helse Sør-Øst eig nettverket, og Sørlandet sjukehus har ansvar for drifta.

  • Dei regionale fagmiljøa for autisme, ADHD og Tourettes syndrom skal bidra til gode tenestetilbod til pasientar med diagnosane. Verksemda deira omfattar formidling, fagutvikling, konsultasjon, rettleiing., rådgjeving, forsking og undervisning. Dei gir ikkje tilbod om pasientbehandling, men kan gi råd og informasjon om behandlingstilboda i regionen.

  • Direktoratet for e-helse (ehelse.no) er eit fag- og forvaltingsorgan underlagt Helse- og omsorgsdepartementet. Direktoratet for e-helse har ansvar for nasjonal styring og koordinering i samarbeid med helseføretak, kommunar, fagmiljø og interesseorganisasjonar.

  • Direktoratet for medisinske produkter (DMP) er nasjonal fagmyndighet når det gjelder legemidler og medisinsk utstyr. DMP har også ansvar for ulike spørsmål som gjelder e-sigaretter og blod, celler og vev.

  • Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA), tidlegare Statens strålevern, utfører oppgåver på vegne av Helse- og omsorgsdepartementet, Utenriksdepartementet og Klima- og miljødepartementet. Det er òg myndigheit og kompetanseorgan for atomsikkerheit, all bruk av stråling, for naturleg stråling og for radioaktiv forurensing i miljøet.

  • Fleirregional behandlingsteneste for usikker somatisk kjønnsutvikling (oslo-universitetssykehus.no) omfattar diagnostikk og behandling der det ved fødsel er vanskeleg å fastslå barnet sitt kjønn, eller der det seinare kjem fram teikn på at kjønnsdifferensieringa er feil.

    For å sikre god kvalitet og einsarta behandlingstilbod, er tenesta sentralisert til ei fleirregional behandlingsteneste lokalisert ved Oslo universitetssjukehus og Haukeland universitetssjukehus.

  • The Norwegian Institute of Public Health (fhi.no) acts as a national competence institution placed directly under the Ministry of Health and Care Services, with employees in Oslo and Bergen.

  • The Norwegian Poisons Information Centre provides specialist expertise to health care professionals and the public on the prevention, diagnosis and management of poisoning.

  • Haraldsplass Diakonale Sykehus AS er eit av tre store private ikkje-kommersielle sjukehus i Noreg. Sjukehuset er ein viktig del av det offentlege helsetilbodet gjennom driftsavtale med Helse Vest RHF. Sjukehuset tilbyr spesialisthelsetenester innan indremedisin, kirurgi, ortopedi og radiologi med tilhøyrande poliklinisk aktivitet.

  • Haukeland University Hospital (helse-bergen.no), Helse Bergen HF, is one of the five health trusts owned by the Western Norway Regional Health Authority.

  • Helfo (helfo.no), The Norwegian Health Economics Administration,is an external agency of the Directorate of Health. The agency’s responsibilities include making payments from the National Insurance scheme to healthcare providers, suppliers and service providers, as well as individual refunds of expenses incurred by private individuals relating to medicines, dental healthcare and health services abroad.

  • Helse Førde HF driv den offentlege sepsialisthelsetenesta i Sogn og Fjordane, og er eittt av fire helseføretak på Vestlandet. Dei er organisert under Hesle Vest RHF. 

  • Helse Møre og Romsdal HF dekkjer primært etterspurnaden etter spesialisthelsetenester for dei om lag 255.000 innbyggjarane i dei 36 kommunane i fylket. Verksemda er fordelt mellom Ålesund sjukehus, Volda sjukehus, Molde sjukehus, Kristiansund sjukehus og fleire mindre institusjonar. Helseføretaket yter tenester både innan psykiatri og somatikk.

  • Helse Nord RHF skal sørga for at befolkninga i Nord-Noreg og på Svalbard får dei beste spesialisthelsetenestene i landsdelen der dei bur.

    Helse Nords hovudoppgåver er å tilby den nordnorske befolkninga gode tenester innan behandling, forsking, utdanning av helsepersonell og kurs og opplæring for pasientar og pårørande.

    Helse nord RHF eig seks helseføretak, og fire er sjukehus som tilbyr pasientbehandling: Finnmarkssykehuset, Universitetssykehuset Nord-Norge (UNN), Nordlandssykehuset, Helgelandssykehuset, Sykehusapotek Nord og Helse Nord IKT. Til saman jobbar det totalt over 18 000 tilsette i føretaksgruppa.

  • Helse Nord-Trøndelag HF har ansvar for at 140 000 innbyggarar i regionen får tilbod om spesialisthelsetenester av høg kvalitet når det gjeld fysiske sjukdomar (somatikk) og psykiatrisk helsevern. Sjukehuset Levanger, Sjukehuset Namsos, DPS Stjørdal og DPS Kolvereid er einingar i Helse Nord-Trøndelag, som i tillegg driftar AMK-sentralen og ambulansetenesta.

  • Helse Sør-Øst RHF er det største av fire regionale helseføretak i Noreg og er den strategiske eininga som eig helseføretaka og sjukehusa i regionen. Helse Sør-Øst RHF eig 11 helseføretak og samarbeider tett med private sjukehus og institusjonar.

  • Helse Stavanger HF, Stavanger universitetssjukehus gir tilbod til 369 000 menneske i Sør-Rogaland, frå Hjelmeland i nord til Sokndal i sør. Stavanger universitetssjukehus er eigd av det regionale helseføretaket Helse Vest.

  • Helse Vest RHF har det overordna ansvaret for spesialisthelsetenesta i Rogaland og Vestland fylke og sørgjer for at om lag 1,1 millionar innbyggjarar i regionen får dei spesialisthelsetenestene dei har krav på.

    Verksemda omfattar spesialiserte helsetenester innanfor fysisk helse, psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling. Hovudoppgåver er å sørgje for pasientbehandling, opplæring av pasientar og pårørande, utdanning av helsepersonell og ​forsking.

  • Helsebiblioteket.no er ein offentleg finansiert nettstad som gir helsepersonell og studentar innan medisin og helsefag gratis tilgang til sentrale kunnskapskjelder. Det meste av innhaldet er fritt tilgjengeleg for alle innbyggarar i Noreg, medan noko av innhaldet berre kan brukast av helsepersonell og tilsette i helsetenestene, og studentar innan medisin og helsefag.

    BMJ Best Practice er eit internasjonalt oppslagsverk som gir rask informasjon om diagnosar, behandling og prognosar. Brukarar med norsk IP-adresse får gratis tilgang til BMJ Best Practice gjennom helsebiblioteket.no.

  • Farmasøytisk institutt ved Universtitetet i Oslo (UiO) er Noregs største forskings- og utdanningsinstitusjon innan farmasi. Forskingsgruppa «Pharmacoepidemiology and Drug Safety» (PharmaSafe) er ei av fleire forskingsgrupper ved Farmasøytisk institutt, UiO. Forskinga deira omfattar bruk og tryggleik av legemiddel på pasient- og samfunnsnivå. Dei er ansvarlege for Foreldrebrosjyrane i «Gode Råd»-serien.

  • The Norwegian Directorate of Health (helsedirektoratet.no) aims to better the quality in the health service and to promote factors that bring good health to the population.

  • Kreftforeningen er ein landsdekkande organisasjon som arbeider med forsking, omsorg, førebygging og informasjon. Kreftforeningen sitt arbeid er basert på innsamla middel, gåver og tippemiddel.

  • Alle sykehus i landets fire helseregioner (Helse Vest, Helse Sør-øst, Helse Midt-Norge og Helse Nord) samarbeider om å lage felles nasjonale tekster om sykdom, behandlinger og undersøkelser.

    Medisinsk og helsefaglig redaksjon er ansvarlig for kvalitetssikring av fellestekster fra sykehusene. Redaksjonen består av leger, psykologer eller annet helsepersonell med minimum tre års erfaring innenfor sitt fagområde i spesialisthelsetjenesten.

    Medisinsk og helsefaglig redaksjon er en del av Felles nettløsning for spesialisthelsetjenesten (FNSP), en interregional organisasjon for styring og samarbeid om felles publiseringsverktøy og pasientinformasjon fra spesialisthelsetjenesten.

  • Midtnorsk senter for sepsisforsking (MNSS, sepsis.no) har som mål å redusere førekomst og død på grunn av sepsis. Dei samarbeider tett med NTNU, St. Olavs hospital, Helse Nord-Trøndelag, SINTEF og verdsleiande ekspertar ved Yale University i USA. ​Gjennom samarbeidet med SINTEF har MNSS fått Geminisenter-status. MNSS driv også utdanning og opplæring innanfor sepsis.

  • Nasjonal kompetansetjeneste for arbeidsrettet rehabilitering skal synliggjøre, tydeliggjøre og videreutvikle fagfeltet arbeidsrettet rehabilitering. 

  • Nasjonal kompetanseteneste for døvblinde (dovblindhet.no) er ein del av spesialisthelsetenesta i Noreg. Tenesta er satt saman av fire senter med regionale oppgåver, to senter med landsdekkande oppgåver, og ei koordinerande eining. Alle einingane er knytta til Helse Nord RHF.

  • Nasjonal kompetanseteneste for funksjonelle mage-tarmsjukdomar (NKFM, helse-bergen.no) er eit landsdekkande tilbod for helsepersonell og andre med behov for informasjon om funksjonelle mage-tarmsjukdomar. NKFM er ikkje ei behandlingsteneste, men formidlar fagutvikling, forsking og undervising og er ein del av Medisinsk avdeling, Haukeland universitetssjukehus. Visjonen til kompetansetenesta er å sikre at pasientar med funksjonelle mage-tarmsjukdomar får best mogleg behandling og omsorg.

  • NK LMH (mestring.no) arbeider med forsking, utvikling og formidling knytt til læring og meistring ved helseutfordringar og kompetanseheving innan helsepedagogikk. NK LMH er eigd av Helse Sør-Øst RHF og er lokalisert ved Oslo universitetssjukehus HF, Aker.

  • Nasjonal kompetansetjeneste for personlighetspsykiatri skal byggje opp og spreie kompetanse på utgreiing og behandling av menneske med alvorleg personlegdomsforstyrring. NAPP blei etablert i 2012 og blir finansiert av Helse Sør-Øst RHF.

  • Nasjonal kompetanseteneste for prehospital akuttmedisin (NAKOS) (oslo-universitetssykehus.no) vart etablert i 2003 av Helse- og omsorgsdepartementet. Tenesta er administrativt underlagt Prehospital klinikk, Oslo universitetssjukehus HF. NAKOS arbeider med undervising, forsking og kvalitetsprosedyrar innan området akuttmedisin utanfor sjukehus.

  • Nasjonal kompetanseteneste for sjeldne diagnosar er ei nasjonal teneste som samordnar alle kompetansesenter for sjeldne diagnosar i Noreg. Tenesta er samansett av ei felles eining som ligg i Barne- og ungdomsklinikken ved Oslo universitetssjukehus, og ei rekke ulike kompetansesenter. Fleire hundre sjeldne diagnosegrupper har eitt kompetansesenter dei kan ta kontakt med.

  • Nasjonal kompetansetjeneste TSB bidreg til å implementera kunnskapsbasert behandling av rusproblemar i spesialisthelsetenesten. TSB tilbyr rettleiing, undervising og stør faglege forum for utveksling av kunnskap.

  • Nasjonalt klageorgan for helsetenesten, også kjent som Helseklage, er ein statleg etat under Helse- og omsorgsdepartementet. Helseklage behandlar klagar på vedtak frå tolv offentlege instansar:

    • Helfo
    • Helsedirektoratet
    • Helse Midt-Norge RHF
    • Helse Nord RHF
    • Helse Sør-Øst RHF
    • Helse Vest RHF
    • Luftfartstilsynet
    • Norsk pasientskadeerstatning
    • Oslo universitetssykehus
    • Statens helsetilsyn
    • Direktoratet for medisinske produkter (tidligere Statens legemiddelverk)
    • Statsforvalteren

    Helseklage er òg sekretariat for Apotekklagenemnda, Klagenemnda for behandling i utlandet, Pasientskadenemnda og Statens helsepersonellnemnd.

  • Nasjonalt kompetansenettverk for legemidler til barn arbeider for at legemiddelbehandling til barn skal vere god og trygg, og i størst mogeleg grad basert på dokumentert kunnskap.

    Nettverket arbeider for at alle partar som er involvert i legemiddelbehandling til barn skal ha, eller ha tilgong til, nødvendig og relevant kunnskap. Og at dei kan handle og samhandle på ein god, korrekt og trygg måte.
    Nettverket består av leger, sjukepleiarar og farmasøytar som arbeider for at legemiddel til barn er ein prioritert oppgåve blant produsentar, apotek og helsepersonell.

  • Nasjonalt kompetansenettverk innan persontilpasset medisin (NorPreM) vart etablert i 2019 på oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet. Nettverket er ein arena for informasjonsutveksling, erfaringsoverføring og kunnskapsdeling innanfor relevante fagområde av persontilpasset medisin.

  • NevSom (oslo-universitssykehus.no) har kompetansesenteransvar for nevroutviklingsforstyrringar og hypersomniar. NevSom arbeider med fagutvikling, forsking, formidling, bistand og rådgiving. Kompetansesenter har ikkje ansvar for behandling. Målsetjinga er å hjelpe til med individuelt tilrettelagde og likeverdige tenester for brukarar i alle aldrar, over heile landet.

  • Nasjonalt kompetansesenter for vestibulære sjukdomar (helse-bergen.no) ligg under Helse Bergen, og har som oppgåve å bidra til og drive forsking og fagutvikling innan sjukdomar i balanseorganet i det indre øyret og dette organet sitt samband til/i hjernen.

  • Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress utviklar og spreier kunnskap og kompetanse om vald og traumatisk stress. Formålet er å bidra til å førebygge og redusere dei helsemessige og sosiale konsekvensane som vald og traumatisk stress kan føre til.

  • The Norwegian National Advisory Unit on Pregnancy and Rheumatic Diseases (NKSR) (In norwegian) offers up-to-date expertise about the time before, during and after pregnancy related to all rheumatic diseases. Both patients and healthcare professionals can contact NKSR by telephone for guidance.

     

  • NSSF er Norges ledende senter innen sjølvmordsforskning og -førebygging.

    NSSFs formål er å utvikle, vedlikehalde og dele kunnskap for å redusere antall sjølvmord, sjølvmordsforsøk og sjølvskading i Noreg, og bidra til bedre livskvalitet og omsorg for alle som vart påverka av sjølvmordsåtferd og sjølvskading.

  • Norsk pasientskadeerstatning (NPE) er ein statleg etat under Helse-og omsorgsdepartementet. NPE behandlar erstatningskrav frå pasientar som meiner dei har fått ein skade etter svikt i behandlinga i helsetenesten. Saksbehandlinga er gratis.

  • Oslo University Hospital (oslo-universitetssykehus.no) is a highly specialised hospital in charge of extensive regional and local hospital assignments and the provision of high quality services for the citizens of Oslo. The hospital also has a nationwide responsibility for a number of national and multi-regional assignments and has several national centres of competence.

  • Pasient- og brukarombodet skal arbeide for å ivareta pasientens og brukarens behov, interesser og rettssikkerheit. Dei skal òg bidra til å betre kvaliteten i tenestene. 

    Pasient- og brukarombodet er administrativt underlagt Helsedirektoratet.

  • Regionalt senter for astma, allergi og overfølsomhet (RAAO) er ein regional kompetanseteneste og eit regionalt behandlingssenter innanfor fagområdet astma, allergi og overfølsomhet.

    Pasientar med astma, allergi eller overfølsomhet kan ofte ha komplekse sjukdomsbilde og krevja utgreiing som involverer fleire fagområde. Tverrfagleg utveksling av kunnskap og kompetanse skal bidra til å sikra ei heilskaplig utgreiing og behandling av pasienter som har behov for dette.

  • Samferdselsdepartementet har det overordna ansvaret for rammevilkår for postverksemda, for luftfarts-, veg- og jernbanesektoren, for riksvegferjene, kystforvaltinga og hamne- og sjøtransportpolitikken.

  • Samvalgssenteret (unn.no) er ein del av Universitetssjukehuset Nord-Noreg (UNN). Dei utviklar og publiserer samvalgsverktøy, tilbyr opplæring i samvalg for pasientar og helsepersonell, og jobber med implementering av samvalg.

  • Senter for idrettsskadeforsking har som mål å førebygge skadar og andre helseproblem i idrett, gjennom eit langsiktig forskingsprogram med fokus på risikofaktorar, skademekanismar og skadeførebyggande tiltak.

  • Sørlandet sykehus HF tilbyr spesialisthelsetenester innen somatikk, psykiatri og avhengighetsbehandling. Deira fire hovudoppgåver er pasientbehandling, opplæring av pasientar og pårørande, forskning og utdanning av helsepersonell.

  • Tinnitusklinikken (sshf.no) behandlar øyresus, og er tilknytt høyrselssentralen ved øyre-, nase- og halsavdelinga på Sørlandet sykehus HF.

  • St. Olavs hospital HF er universitetssjukehus for Midt-Noreg, og lokalsjukehus for befolkninga sør i Trøndelag. Verksemda omfattar spesialisthelsetenester innan somatikk, rus og psykisk helsevern, og er lokalisert på fleire stadar sør i Trøndelag.

  • Statens helsetilsyn er overordna tilsynsmyndigheit for sosiale tenester i Nav, barnevern-, helse- og omsorgstenester i Noreg, underlagt Helse- og omsorgsdepartementet.

  • Statsforvalteren, tidlegare kalt Fylkesmannen, er staten sin representant i fylket og har ansvar for å følge opp vedtak, mål og retningslinjer frå Stortinget og regjeringa. Statsforvalteren er dessutan eit viktig bindeledd mellom kommunane og sentrale styremakter.

  • Sunnaas sykehus HF tilbyr høyspesialisert rehabilitering til mennesker som har vært utsatt for alvorlig sykdom eller skade. Sunnaas sykehus er Norges største spesialsykehus innen fysikalsk medisin og rehabilitering og ett av elleve helseforetak i Helse Sør-Øst. Foretaket har hovedsakelig regionale, men også nasjonale oppgaver, og er et foretak med universitetsfunksjoner.

  • Sykehuset Innlandet HF har ansvaret for den offentlige spesialisthelsetjenesten til befolkningen i Innlandet. Virksomheten omfatter spesialisthelsetjenester innenfor somatikk, psykisk helsevern, spesialisert rusbehandling og prehospitale tjenester.

  • TRS kompetansesenter for sjeldne diagnosar (TRS) jobbar tverrfagleg og med alle aldersgrupper. Kompetansesenteret samlar, utviklar og spreier kunnskap.
    Målgruppene er dei som har ein av diagnosane, pårørande, helsepersonell og andre aktuelle fagpersoner.

    TRS er ein del av Nasjonal kompetanseteneste for sjeldne diagnosar og høyrer heime på Sunnaas sjukehus på Nesodden utanfor Oslo.

  • Universitetsjukehuset Nord-Norge HF (UNN) er eit desentralisert helseføretak med somatiske sjukehus i Tromsø, Harstad, Narvik og Longyearbyen. Helseføretaket har også psykiatriske klinikkar i Tromsø med integrert rusbehandling og fleire distriktspsykiatriske senter i Ofoten, Sør-Troms, Midt-Troms og Tromsø og områda ikring.

  • Vestre Viken HF er eit av dei største helseforetakene i Noreg. I 2021 leverer Vestre Viken spesialisthelsetenester til over 501 000 menneske i 22 kommunar.

     

  • Vulvaforum er eit tverrfagleg forum for helsepersonell frå ulike fagområde som engasjerer seg i vulvalidingar.

Content provided by Norsk Helsenett

Norsk Helsenett. Samarbeidspartnarar. [Internet]. Oslo: The Norwegian Directorate of Health; updated Tuesday, February 4, 2020 [retrieved Saturday, April 27, 2024]. Available from: https://www.helsenorge.no/en/samarbeidspartnere/