Digitale skjema og SMS-varsel frå Helfo

Du kan sende søknader og refusjonskrav til Helfo via digitalt skjema. Helfo sender kvittering på SMS når søknaden er motteken – både når du eller behandlaren din søker. Vedtaket blir vanlegvis sendt til deg som digital post.

SMS-varsel

SMS-varsel innan to yrkedagar

Når du sender Helfo ein søknad, får du eit automatisk SMS-varsel innan to yrkedagar. Du vil også få eit SMS-varsel dersom behandlaren din søker på vegner av deg.

Helfo brukar det mobilnummeret som er registrert i kontaktregisteret til Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi). Sjå til at du er registrert med rett mobilnummer hos ID-porten.

Svar på søknaden i digital postkasse

Helfo sender dei fleste breva og vedtaka via digital post.

Du kan velje om brevet skal sendast til Digipost eller e-Boks. Hugs å opprette brukarprofil hos ei av desse digitale postkassene! På nettsida norge.no kan du allereie no gjere deg klar til å ta imot digitale svar frå Helfo.

Helfo vil sende deg vedtak eller informasjon som gjeld saka i din innboks på Helsenorge eller i din digitale postkasse. Om du ikkje brukar digitale løysingar, sender vi post til di folkeregistrerte adresse. 

NB: Du kan ikkje svare på / sende brev til Helfo via Digipost eller e-Boks!

Andre meldingar og varsel frå Helfo

Du kan få varsel via SMS og e-post frå Helfo i fleire samanhengar:

  • Frikort for helsetenester: Du vil få ein SMS eller e-post når det er gjort vedtak om frikort for helsetenester, avhengig av kva varsel du har valt på Helsenorge.

  • Fristbrot ved helsehjelp i spesialisthelsetenesta: Du som har fått ein frist for helsehjelp og ikkje har motteke helsehjelpa innan denne fristen, har rett til å få tilbod ved ein annan behandlingsstad. Ved fristbrot skal sjukehuset eller behandlingsinstitusjonen din ta kontakt med Helfo pasientformidling, som vil sende deg ein SMS.

  • Fastlegeordninga: Helfo sender også varsel eller påminning til e-postadressa eller telefonnummeret du har registrert i kontaktregisteret til Difi. Dette kan vere for å minne deg på at du står på venteliste til ny fastlege, eller at du har flytta til ny kommune og kanskje bør vurdere å byte fastlege.

  • Brukarundersøkingar: Helfo sender med jamne mellomrom ut invitasjonar til å svare på brukarundersøkingar via SMS, til eit utval av personar som har teke kontakt med Rettleiing Helsenorge på telefon.

Fristar for innsending av refusjonskrav

​Fristen for å sende Helfo krav om dekning av utgifter er som hovudregel 6 månader frå den dagen du fekk behandlinga eller kjøpte eit produkt. Dette gjeld sjølv om du ventar på vedtak frå oss.

Enkelte saksområde har andre fristar. Dette finn du informasjon om på Helsenorge.

Veiledning Helsenorge

23 32 70 00

Hverdager kl. 08:00 - 15:30

Innhaldet er levert av Helfo

Helfo. Digitale skjema og SMS-varsel frå Helfo. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert måndag 28. februar 2022 [henta fredag 19. april 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/refusjon-og-stotteordninger/digitale-skjema-og-sms-varsel-fra-helfo/

Sist oppdatert måndag 28. februar 2022