CT-undersøking

CT (frå engelsk computertomografi) er ei røntgenundersøking der det blir tatt tverrsnittbilete av aktuelle område i kroppen.

CT-maskin på sykehus.

CT-undersøking er nyttig for å:

  • undersøke blødingar, aneurismar (utposingar på blodkar), hjernesvulstar og hjerneskadar
  • oppdage svulstar og andre prosessar i heile kroppen
  • vurdere om kreftbehandling verkar
  • avklare infeksjonar og betennelsestilstandar
  • vurdere organskadar etter skadar (trauma)
  • vurdere tilstandar i muskel og skjelett
  • ta vevsprøve (biopsi)

CT-undersøkingar har ulike namn avhengig av kva del av kroppen som skal undersøkast.

I kvart enkelt tilfelle blir det vurdert om det er behov for å sette røntgenkontrast intravenøst.

Tilvising og vurdering

Lege på sjukehuset eller primærhelsetenesta tilviser deg til CT.

Slik førebur du deg til undersøkinga

Nokre CT-undersøkingar kan innebere førebuingar som blodprøvetaking eller faste/tarmtømming. Førebuingane varierer ut frå kva som skal undersøkast. Informasjon om korleis du skal førebu deg til undersøkinga, vil du få i innkallingsbrev eller ved avdelinga når timen blir avtalt.

Gi beskjed til legen som tilviser deg dersom du har forhøgd stoffskifte, eller om du tidlegare har hatt reaksjonar på intravenøs kontrast, som har kravd behandling.

Amming og graviditet

CT blir vanlegvis ikkje brukt ved graviditet. Er du gravid, må du kontakte tilvisande lege og opplyse om dette i god tid før undersøkinga.

Overgang av kontrastmiddel til morsmjølk er minimal, og du kan ta CT sjølv om du ammar.

Førebuing på sjukehuset

Gjenstandar i metall som knappar, glidelås, belte og liknande må takast vekk frå området som skal undersøkast. Dette for å sikre best mogleg kvalitet i bileta.

CT med intravenøs kontrastvæske

I nokre tilfelle må det setjast kontrast i blodårene, men dette er avhengig av kva ein skal sjå etter på bileta.

Dersom du skal ha kontrast i åra, får du eit plastrøyr (kanyle) lagt inn i ei blodåre. Du vil på førehand bli spurt om du har hatt reaksjonar på kontrastmiddel tidlegare, og enkelte andre risikofaktorar.

Slik føregår CT-undersøkinga

Korleis undersøkinga blir utført, vil variere ut frå kva som skal undersøkast. 

Som regel tar undersøkinga 10-30 minutt. Sjølve bilettakinga tek berre nokre få minutt.

Under undersøkinga ligg du på ein motorisert benk, som flyttar deg gjennom den korte opninga av CT-maskina. Når bileta blir tatt, beveger benken på seg. Det er heilt avgjerande for biletkvaliteten at du ligg i ro under heile undersøkinga. Ved nokre undersøkingar blir du beden om å halde pusten i nokre sekund når bileta blir tatt. Dette for å unngå unødige bevegelsar i lunge- og mageregionen. Undersøkinga er smertefri.

Personalet går ut av undersøkingsrommet når bileta blir tatt. Dei kan sjå deg gjennom eit vindauge, og høyre deg gjennom ein mikrofon i maskina.

CT med intravenøs kontrastvæske

Når kontrasten passerer gjennom organa i kroppen, blir det tatt bilete i serie av dei ulike organa. Når kontrastvæska blir gitt er det vanleg å få ei varmekjensle i kroppen, men denne kjensla forsvinn etter kort tid.

Kva skjer etter CT-undersøkinga?

Ved CT-undersøking der du har fått kontrast intravenøst, blir du beden om å vente på avdelinga i 30 minutt etter at kontrasten blei sett inn. Etter ventetida blir venekanylen tatt ut.

Resultat av undersøkinga

Bileta blir granska av ein røntgenlege (overlege) som lagar ein skriftleg rapport av kva bileta viser. Rapporten blir sendt legen som tilviste deg. Bileta og rapporten blir lagra i datasystemet vårt.

Risiko ved CT-undersøkelse

Normalt sett er det ingen risiko forbunde med denne undersøkinga. CT-undersøkinga inneber røntgenstrålar og undersøkingane skal vere tilpassa slik at stråledosen er så låg som mogleg.

CT med kontrast

I svært sjeldne tilfelle kan enkelte få eit kløande utslett på kroppen opptil ei veke etter å ha fått kontrast. Kjøp i så tilfelle reseptfri allergimedisin, eventuelt kontakt fastlege.

Røntgenkontrast gir svært sjeldan alvorlege allergiliknande reaksjonar.   

Sjå ventetider og vel behandlingsstad

Du har rett til å velje behandlingsstad for alle undersøkingar og behandlingar du blir tilvist for. På Velg behandlingssted vil du sjå at ventetidene kan variere.

Innhaldet er levert av St. Olavs hospital HF

St. Olavs hospital HF. CT-undersøking. [Internet]. Oslo: The Norwegian Directorate of Health; updated Tuesday, May 17, 2022 [retrieved Sunday, December 22, 2024]. Available from: https://www.helsenorge.no/en/undersokelse-og-behandling/ct-undersokelse/

Sist oppdatert Tuesday, May 17, 2022