Prostatitt – akutt
Symptom på akutt prostatitt er feber og smerter i bekkenområdet. Det kan ramme menn i alle aldrar. Akutt prostatitt blir behandla med antibiotika.
- Kva er prostatitt?
- Symptom på akutt prostatitt
- Risikofaktorar og førebygging
- Utgreiing og diagnose
- Behandling av akutt prostatitt
Kva er prostatitt?
Prostatitt tyder at prostatakjertelen er betent, ofte forårsaka av ein infeksjon. Prostatakjertelen ligg mellom blære og penis, like framfor endetarmen (rektum).
Symptom på akutt prostatitt
Symptom på akutt prostatitt er smerter rundt penis, testiklar, anus, bekkenet eller i korsryggen. For mange kan det kan vere smertefullt eller vanskeleg å tisse. I tillegg til smerter kan du få feber og frysningar og føle deg generelt uvel.
Risikofaktorar og førebygging
Den vanlegaste årsaka til akutt prostatitt er bakterieinfeksjon. Du har auka risiko for å få prostatitt dersom du har hatt ein urinvegsinfeksjon eller forstørra prostata.
Utgreiing og diagnose
Prostata blir undersøkt ved at legen forsiktig plasserer ein finger inni anus og kjenner på prostata. Du må truleg ta ein urinprøve, som blir sjekka for bakteriar.
Behandling av akutt prostatitt
Infeksjonen blir behandla med antibiotika, vanlegvis i to veker ifølgje norske retningslinjer. Menn med teikn på alvorleg infeksjon (sepsis) må ha sjukehusbehandling med antibiotika intravenøst. Betennelsesdempande middel (for eksempel ibuprofen) kan hjelpe mot smerter i behandlingstida.
Om du strevar med å tisse, kan du prøve ein alfa-blokkar. Dersom vasslatinga stoppar heilt opp, må du få sett inn eit kateter (tynt røyr) for å tømme blæra for urin.
Menn med teikn på abscess (eit holrom fylt med puss, bakteriar og daudt vev) kan trenge kirurgi for å drenere prostatakjertelen. Dette er svært sjeldan.
Dei fleste med prostatitt blir bra etter behandling med antibiotika. Nokre menn, særleg dersom dei ikkje blir raskt behandla, kan få kronisk prostatitt. Dette inneber at dei held fram med å ha smerter og problem med vasslating. Kronisk prostatitt blir vanlegvis behandla med lengre antibiotikakurar og andre legemiddel.
Prostatitt - akutt. Helsebiblioteket.no, 2024.
Prostatitis (pdf). Originalbrosjyre fra BMJ Best Practice, 2021.