Bekkenleddsmerter

Bekkenleddsmerter kan alle få, men rammar oftast i samband med svangerskap og fødsel.

Kva er bekkenleddsmerter

Bekkenleddsmerter er vanleg og kan gi store smerter og funksjonsnedsetjing. Vi veit ikkje kvifor smertene oppstår. Mange kallar desse smertene «bekkenløysing». Denne nemninga kan likevel verka misvisande fordi bekkenet har veldig liten rørsle.

Om lag ein av fem gravide får bekkenleddsmerter i Noreg kvart år. For dei fleste går bekkenleddsmerter over av seg sjølv etter fødsel. Likevel opplever cirka 25 prosent av desse å få langvarige bekkenleddsmerter.

Du som opplever bekkenleddsmerter, kan trenge rettleiing i formålstenleg rørsle og aktivitet. Dette gjeld uavhengig av årsak og kor lenge smertene har vart. Fokuser gjerne på enkle og lett tilgjengelege aktivitetar du trivst med. Det er viktig at du vekslar mellom aktivitet og kvile

Video om bekkenleddsmerter

Video om bekkenleddsmerter: Oslo Universitetssykehus i samarbeid med  Folkehelseinstituttet og LKB (Landsforeningen for kvinner med bekkenleddsmerter)

Symptom på bekkenleddsmerter

Bekkenet har tre store ledd. Framme ligg symfysen. Bak sit dei to iliosakralledda, ofte forkorta IS-ledda. Bekkenknoklane blir haldne saman av sterke leddband og er omslutta av store musklar som verkar over både bekken, rygg og hofter.

Smertene er oftast lokaliserte over symfysen og iliosacralledda, og dei kan òg stråle nedover sete og lår. Nokon får vondt over eit bekkenledd, andre over to eller alle tre.

Mange opplever at smertene blir forverra av aktivitetar som å gå, stå og sitje over tid.

Illustrasjon av bekkenledda

Illustrasjonar av bekkenledda

Kva anna kan det vere?

Bekkenleddsmerter og korsryggsmerter kan ha overlappande symptom og smertelokalisering. Personar med bekkenleddsmerter under svangerskap har betydeleg større problem med daglege aktivitetar enn personar med korsryggsmerter.

For å stille diagnosen bekkenleddsmerter, bør ein utelukke andre tilstandar som underlivssmerter, reumatologiske og nevrologiske sjukdommar, kreft og infeksjonar.

Plutselege og akutte smerter i bekkenet går ofte over ved kvile og ved redusert aktivitet. Viss smertene held fram og påverkar funksjonsnivået ditt, bør du oppsøke helsepersonell med kompetanse på bekkenleddsmerter som fastlege, fysioterapeut, manuellterapeut eller kiropraktor.

Dei kan gjere ei undersøking og gi deg behandling, og dessutan rettleie deg på kva du kan gjere sjølv. Det er ofte ikkje nødvendig med mange behandlingar viss du får god hjelp før smertene aukar i styrke og omfang.

Kunnskap om årsakene til bekkenleddsmerter er mangelfull.

Moglege årsaker kan vere

  • Hormonelle
  • Biomekaniske
  • Ugunstig bruk av musklar
  • Stress av leddband

Svangerskap eller eit fall på bekkenet kan vere utløysande faktorar.

I svangerskapet sørger hormonet relaxin for ein oppmjuking av leddband rundt bekkenledda, for å førebu kroppen til fødselen. Studiar har ikkje vist nokon samanheng mellom relaxinnivå og bekkenleddsmerter. Den fysiologiske oppmjukinga er ein normal respons under svangerskap som går raskt tilbake etter fødsel. Det er ikkje funne meir bevegelse i bekkenledda hos pasientar som har bekkenleddsmerter.

Risikofaktorar

Kjente risikofaktorar for bekkenleddsmerter i svangerskapet er:

  • Tidlegare ryggsmerter
  • Tungt fysisk arbeid
  • Overvekt

Prognostiske faktorar for langvarige bekkenleddsmerter er:

  • Alvorleg grad av bekkenleddsmerter under svangerskap
  • Smerter frå alle tre bekkenledd
  • Symptom på angst og depresjon under svangerskap

Utgreiing og diagnose

Karakteristisk for bekkenleddsmerter er problem med å gå, stå og sitje over tid. Diagnosen blir stilt etter ei grundig sjukehistorie og klinisk undersøking med testar for bekkenledda.

Dei beste testane for å identifisere bekkenleddsmerter er posterior pelvic pain provocation test (P4) og active straight leg raise (ASLR) test.

Bekkenleddsmerter blir ikkje viste på røntgenbilde, MR eller CT, men kan brukast ved behov for å sjå bort frå andre årsaker til smertene. Figurane viser eksempel på korleis dei fysiske testane blir utførte.

Smerteprovokasjon av bakre bekken

Figur 1: Smerteprovokasjon av bakre bekken, posterior pelvic pain provocation (P4) test. Ill

Test av aktivt strakt beinløft

Figur 2: Test av aktivt strakt beinløft (ASLR) test. Ill

Behandling ved bekkenleddsmerter

Det blir tilrådd at du utfører fysisk aktivitet og trening som ikkje gir deg auka smerte.

Du kan ha god nytte av rettleiing på å bruke kroppen formålstenleg. Øvingar for bevisstgjering, rørsle og kontroll av bekkenet er den viktigaste treninga. Å veksle mellom aktivitet og kvile er sentralt. Kroppen toler aktivitet betre om du tar pausar i gode kvilestillingar. Når du gjer det, avlastar du bekkenledda og restituerer kroppen. Korte kvilepausar gjennom dagen kan førebygge smerter og gjer det mogleg å leve eit meir aktivt liv.

Behandling når du er gravid

  • Få rettleiing på formålstenleg rørsle og aktivitetar hos fagpersonar med kompetanse på bekkenleddsmerter. Fokuser gjerne på enkle, lett tilgjengelege aktivitetar og trening du trivst med.
  • Det er viktig å veksle mellom aktivitet og god kvile.
  • For nokon kan det vere aktuelt å få hjelp til å losne på muskulatur og leddband som har blitt belasta feil eller for mykje.

Behandling i barseltida

  • Få rettleiing på gunstig rørsle og aktivitetar hos fagpersonar med kompetanse på bekkenleddsmerter.
  • Det er viktig med gradert, gradvis og individuelt tilpassa opptrening.
  • Det er viktig å veksle mellom aktivitet og god kvile.
  • Oppsøk kunnskap om meistringsstrategiar, sjå sjølvhjelp og råd lengre ned på sida.
  • Til liks med andre, blir dei med bekkenleddsmerter tilrådde å amme. Bruk tid på å finne gode ammestillingar, og bygg gjerne opp med puter enten du sit eller ligg.

Langvarige bekkenleddsmerter

  • Hugs å veksle mellom aktivitet og god kvile.
  • Oppsøk fagpersonar med kompetanse på bekkenleddsmerter for individuelt tilpassa opptrening.
  • Rehabiliteringsopphald på stad med spesialkompetanse kan vere aktuelt, og det kan vere nyttig med ei tverrfagleg tilnærming.
  • Operasjon: For nokon få med alvorlege bekkenleddsmerter som har halde fram over fleire år, og som ikkje har hatt nytte av anna anbefalt behandling, kan det vere aktuelt å vurdere kirurgisk avstiving av bekkenledd
  • Isposar, eller varmebehandling, kan redusere smerter hos nokon. Unngå å leggje is eller sterk varme rett på huda, då dette kan føre til skade.

Behandling med medisin

Det finnast ingen tilrådde smertestillande medisinar ved langvarige bekkenleddsmerter, men Paracetamol kan ha effekt hos ein del og bør vere førstevalet. Nokon har effekt av antiinflammatoriske legemiddel (NSAIDs). Tricykliske antidepressiva kan òg ha smertestillande effekt og det kan òg forbetre søvn. Sterke smertestillande medikament (opiat) blir ikkje tilrådd ved langvarige bekkenleddsmerter. Slike smertestillande betrar ikkje smerta over tid, men fører snarare til auka smertesensitivisering og dårlegare funksjon på sikt.

Å føde med bekkenleddsmerter

Bekkenleddsmerter er ikkje eit hinder for naturleg fødsel, og det finst ingen dokumentasjon for at vaginal forløysing vil forverre bekkenleddsmertene dine.

Dersom du har sterke bekkenleddsmerter kan det likevel vere lurt å planlegge fødselen saman med avdelinga der du skal føde. Jordmor eller fysioterapeut med spesialkompetanse på bekkenleddsmerter kan hjelpe deg med å utforske kva fødestilling som kan vere best for deg. For eksempel fungerer det bra å føde i sideliggande stilling eller sitjande i saccosekk.

Mange kvinner har behov for smertedempande tiltak under forløysinga, og det finst ikkje dokumentasjon på at bedøving har uheldige verknader på bekkenleddsmerter.

Sjølvhjelp og råd

  • Å veksle mellom gunstig aktivitet og god kvile er sentralt. Restitusjon er viktig, du toler aktivitet betre om du tar pausar i gode kvilestillingar.
  • Det finst mange ulike treningsformer og øvingar, men det er ikkje dokumentert at nokon har betre effekt enn andre. Det er fint å velje ein aktivitet du trivst med som ikkje aukar smertene under eller etter aktiviteten.
  • Små justeringar på korleis du står, går og sit kan lette smertene. Unngå til dømes for stor svai i ryggen eller å lene deg for mykje bakover. Stå med tyngda midt på foten.
  • Når du går, hugs å bruke framfoten og sparke frå med tærne.
  • Gå heller to korte turar i staden for ein lang, eller gå på mjukt underlag framfor hard asfalt. For dei fleste er det best å gå i ulendt terreng.
  • For nokon kan det vere nyttig å få hjelp til å losne på muskulatur og leddstrukturar som har vorte belasta feil eller for mykje.
  • Avspenning, rolege pusteøvingar og langsam tøying kan gjere godt.
  • Smerta kan forverrast av redsel, lite aktivitet og ugunstig aktivitet.
  • Bekkenbelte kan gi smertereduksjon og auke funksjonsevna. Elastisk belte er betre enn uelastisk.
  • Nokon er redde for at rørsle skal gjere smerta verre. Derfor held dei seg i ro. Andre held fram med høg aktivitet og meir trening sjølv om det fortset med å gjere vondt. Verken for mykje ro eller for mykje aktivitet er gunstig.
  • Hald deg i aktiv innanfor eiga smertegrense. Kva øvingar og kor mykje aktivitet som passar, er individuelt. Korleis aktiviteten blir utført har òg mykje å seie for smertene. Aktivitetar kan forverre smertene dine viss du overdriv eller utfører dei på ein ugunstig måte. Ein god aktivitet bør ikkje gi smerter etter at du har utført han.
  • Søvn er viktig for å hindre smerter å eskalere.
  • Golvvask og støvsuging kan ofte provosere fram smerter, spør om hjelp eller prøv å bruke tørrmopp i staden.
  • Krykker kan gi avlasting, bruk diagonal gonge med motsett arm og bein. Få opplæring for å unngå feilbelastning i armar og skuldrer.
  • Ikkje hald fram med behandling som forverrar plagene eller som ikkje gir positiv effekt.
  • Aktivitet i varmvatn kan vere godt.
  • Medisinsk, forsiktig yoga kan vere godt for nokon.
  • Når det gjeld hormonelle prevensjonsmiddel gjeld same tilrådingar som for dei utan bekkenleddsmerter.
  • Å ta omsyn til smertene er førebyggande.


Tips

Finn gode kvilestillingar:

  • Ligg på eit underlag som kjennest behageleg for deg, til dømes trykkavlastande madrassar.
  • Ligg på sida med ei lang pute føre bryst og mage og mellom lår, legg og anklar. Kvil heile beinet.
  • Bruk glatt laken i senga, så du lett kan snu deg.
  • Ligg på ryggen med ei pute under knea og delvis under nedste del av setet. Kjenn at du slappar av i heile kroppen.
  • Stå med vekta fordelt på begge bein.
  • Ikkje sit for lenge i same stilling.
  • Sit mjukt, gjerne på trykkavlastande pute.
  • Sit den motsette vegen på ein stol og kvil mot stolryggen, evt. med ei stor pute.
  • La ikkje barn henge på hofta.
  • Bruk gode sko og nytt broddar om vinteren.
  • Når du går tur, hugs at fram og tilbake er dobbelt så langt.
  • Sit gjerne i skreddarstilling, evt. med eitt bein av gongen.
  • Mange har nytte av å ha beina samla når dei snur seg i senga og går ut og inn av bil.
  • Får du vondt av å gå i trapper, så bruk leggmuskulaturen til å gå opp på tå, for så å setje flat fot inn i neste trinn.
  • Samleiestillingar kan vere smertefulle. Sideliggande med puter mellom kne og anklar kan vere god stilling.


Korleis du kan forenkle kvardagen med små barn:

  • Ha veggmontert stellebord i sitjehøgde.
  • Bruk vogn til å frakte barnet i, også inne. Bruk gjerne høg bagvogn til spedbarn slik at du slepp å bøye deg for mykje for å legge barnet ned.
  • Beresele eller beresjal kan vere til hjelp dersom du ven deg gradvis til å bruke det medan spedbarnet er lett i vekt.
  • Lær småbarn å klatre opp sjølve i staden for å løfte dei opp.

La gjerne familie, venar og kollegaer lese dette, slik at dei kan få informasjon om kva du står i og kanskje hjelper deg å leggje til rette i kvardagen din.

For dei aller fleste går bekkenleddsmertene over i løpet av to til tre månader.

Dei som opplever at bekkenleddsmertene ikkje er betydeleg reduserte etter barseltida (seks veker), bør oppsøke fysioterapeut eller anna kompetent helsepersonell for individuelt tilpassa opptrening.

Å leva med bekkenleddsmerter

Det å oppleve og leve med smerter og redusert funksjonsevne kan gjere at ein føler at ein mistar eigen identitet. Å gi deg sjølv løyve til å vere lei deg kan vere nøkkelen for å komme vidare. Det kan òg hjelpe å snakke med andre i same livssituasjon som deg. Landsforeningen for Kvinner med Bekkenleddsmerter har ei likepersonteneste med erfaringshjelparar du kan kontakte.

Rettar

Det er ikkje diagnosen, men funksjonsevna di som avgjer kva rettar du har. Høyr med ditt lokale NAV-kontor.

Om du er sjukemeld på grunn av bekkenleddsmerter medan du har foreldrepengar, kan partnar søke om å overta foreldrepengane, som beskrive i Lov om folketrygd § 14-13.

Alle kommunar skal ha hjelpemiddel for korttidsutlån til innbyggarane sine, utvalet kan vere avgrensa. Om bekkenleddsmertene dine varer over to år, kan du ha rett på hjelpemiddel frå NAV.

Landsforeningen for Kvinner med Bekkenleddsmerter (LKB)

LKB er ein pasientorganisasjon for deg med bekkenleddsmerter. LKB tilbyr likepersonsamtalar med erfaringshjelparar som har kurs og teieplikt. Det kan gjere godt å snakke med andre som er i ein liknande livssituasjon. Organisasjonen har lokale aktivitetar mange stader rundt i landet.

Zanzu

Information about pregnancy, childbirth and the postnatal period in Arabic, English, Farsi, French, Norwegian, Polish, Somali, Tigrinya and Turkish aimed at immigrants and others with a short period of residence.

Om bekkenleddsmerter

Bjelland EK, Stuge B, Engdahl B, Eberhard-Gran M. The effect of emotional distress on persistent pelvic girdle pain after delivery: a longitudinal population study [Internett]. BJOG. 2013; 120(1): 32-40. [hentet 2020-12-01]. Tilgjengelig fra: https://pubmed.ncbi.nlm.nih.gov/23107369

Bjelland EK, Stuge B, Vangen S, Stray-Pedersen B, Eberhard-Gran M. Mode of delivery and persistence of pelvic girdle syndrome 6 months postpartum [Internett]. Am J Obstet Gynecol. 2013 Apr;208(4):298.e1-7. doi: 10.1016/j.ajog.2012.12.002. Epub 2012 Dec 5.Am J Obstet Gynecol. 2013. PMID: 23220506 [hentet 2020-12-01]. Tilgjengelig fra: https://pubmed.ncbi.nlm.nih.gov/23220506

Gutke A, Boissonnault J, Brook G, Stuge B. The Severity and Impact of Pelvic Girdle Pain and Low-Back Pain in Pregnancy: A Multinational Study [Internett]. J Womens Health (Larchmt). 2018 Apr;27(4):510-517. doi: 10.1089/jwh.2017.6342. Epub 2017 Aug 23.J Womens Health (Larchmt). 2018. PMID: 28832267 [hentet 2020-12-01]. Tilgjengelig fra: https://pubmed.ncbi.nlm.nih.gov/28832267

Robinson HS, Mengshoel AM, Bjelland EK, Vøllestad NK. Pelvic girdle pain, clinical tests and disability in late pregnancy [Internett]. Man Ther. 2010; 15(3): 280-5. [hentet 2020-12-01]. Tilgjengelig fra: https://pubmed.ncbi.nlm.nih.gov/20117040

Stuge B, Mørkved S, Pettersen S, Sanda B. Bekkenleddsmerter [Internett] i Veileder i fødselshjelp fra Norsk Gynekologisk forening, 15. februar 2020 [hentet 2020-12-01]. Tilgjengelig fra: https://www.legeforeningen.no/foreningsledd/fagmed/norsk-gynekologisk-forening/veiledere/veileder-i-fodselshjelp/bekkenleddssmerter

Stuge B. Diagnosis and treatment of pelvic girdle pain [Internett]. Tidsskr Nor Laegeforen. 2010 Nov 4;130(21):2141-5. Norwegian. doi: 10.4045/tidsskr.09.0702. PMID: 21052118. [hentet 2020-12-01]. Tilgjengelig fra: https://pubmed.ncbi.nlm.nih.gov/21052118

Stuge B. Diagnostikk og behandling av bekkenleddsplager [Internett]. Tidsskr Nor Legeforen utgave 21, 4. november 2010; 130: 2141. doi: 10.4045/tidsskr.09.0702 [hentet 2020-12-01]. Tilgjengelig fra: https://tidsskriftet.no/2010/11/oversiktsartikkel/diagnostikk-og-behandling-av-bekkenleddsplager

Stuge B. Evidence of stabilizing exercises for low back- and pelvic girdle pain - a critical review [Internett]. Braz J Phys Ther. 2019 Mar-Apr;23(2):181-186. doi: 10.1016/j.bjpt.2018.11.006. Epub 2018 Nov 17. PMID: 30471967; PMCID: PMC6428920 [hentet 2020-12-01]. Tilgjengelig fra: https://pubmed.ncbi.nlm.nih.gov/30471967

Vleeming A, Albert HB, Ostgaard HC, Sturesson B, Stuge B. European guidelines for the diagnosis and treatment of pelvic girdle pain [Internett]. Eur Spine J. 2008 Jun;17(6):794-819. doi: 10.1007/s00586-008-0602-4. Epub 2008 Feb 8. PMID: 18259783; PMCID: PMC2518998 [hentet 2020-12-01]. Tilgjengelig fra: https://pubmed.ncbi.nlm.nih.gov/18259783

Innhaldet er levert av Oslo University Hospital

Oslo University Hospital. Bekkenleddsmerter. [Internet]. Oslo: The Norwegian Directorate of Health; updated Monday, February 27, 2023 [retrieved Sunday, December 22, 2024]. Available from: https://www.helsenorge.no/en/sykdom/svangerskap/bekkenleddsmerter/

Sist oppdatert Monday, February 27, 2023