Alvorleg svangerskapskvalme (hyperemesis)

Alvorleg svangerskapskvalme rammar berre eit fåtal gravide. Det gjev så ekstrem kvalme og så store plager at du treng helsehjelp.

Kva er alvorleg svangerskapskvalme?

Nesten alle kvinner opplever noko kvalme eller oppkast når dei er gravide. Den vanlegaste svangerskapskvalmen er plagsam og ein kan kjenne seg veldig sjuk, men han fører oftast ikkje til ernæringssvikt eller sjukdom hos mor eller foster.

1 til 3 prosent av gravide utviklar alvorleg svangerskapskvalme (Hyperemesis gravidarum, ofte kalla hyperemesis). Ved denne tilstanden er det ofte behov for behandling på sjukehus.

Konsekvensar for mor 

Alvorleg svangerskapskvalme blir kjenneteikna av vedvarande kvalme og oppkast som startar før veke 20. Tilstanden kan gjere det vanskeleg å halde på mat og drikke utan å kaste opp. Dette kan igjen føre til at du får

  • væsketap (dehydrering) 
  • endringar i væske- og saltinnhald i kroppen (elektrolyttforstyrringar) 
  • ernæringssvikt med vekttap og vitaminmangel 

Alvorleg svangerskapskvalme gjev svært redusert livskvalitet, og påverkar både arbeidsevne og kapasitet til å delta i kvardagslege gjeremål og familieliv.

Ein sjeldan, men alvorleg komplikasjon er hjerneskade hos mor grunna vitamin B1 (tiamin)-mangel. 

Konsekvensar for fosteret 

Fleire studiar har vist at barnet kan ha auka risiko for å bli fødd for tidleg, og/eller med låg fødselsvekt.

Risikoen for låg fødselsvekt aukar dersom du ikkje får i deg nok væske og næring. Det er derfor svært viktig at gravide med alvorleg svangerskapskvalme får behandling, og følgjer dei råda lege eller jordmor gjev.

Symptom på alvorleg svangerskapskvalme

Symptom på alvorleg svangerskapskvalme (hyperemesis) er: 

  • vedvarande, intens kvalme 
  • brekningar og oppkast 
  • vekt- og væsketap (dehydrering) 
  • dårleg allmenntilstand 

Ta kontakt med lege eller jordmor viss du har desse symptoma. Diagnosen blir sett når andre årsaker til symptoma er utelukka, til dømes urinvegsinfeksjon, mage-tarminfeksjon eller betennelse i bukspyttkjertelen.

Utgreiing og diagnose

Svangerskapskvalme kan graderast ved hjelp av eit spørjeskjema som på norsk blir kalla SUKK (SvangerskapsUtløyst Kvalme Kvantifisering). På engelsk heiter skjemaet PUQE.

Skjemaet inneheld tre spørsmål:

  • Kor mange timar per døgn er du kvalm?
  • Kor mange gonger har du brekt deg?
  • Kor mange gonger har du kasta opp?

Legen går gjennom SUKK-skjemaet saman med deg, og graderer deretter svangerskapskvalmen som lett, moderat eller alvorleg. Du blir også undersøkt for å sjå om det er andre sjukdomar eller faktorar som kan vere årsak til kvalmen. 

Erfaring viser at høg SUKK-skår heng saman med redusert livskvalitet og næringsinntak. 

Andre undersøkingar 

Vekta di vil bli målt og vektutviklinga følgt opp. Det blir også teke urin- og blodprøvar blant anna for å kontrollere salt-, elektrolytt- og ernæringsstatus. Ei ultralydundersøking blir utført for å stadfeste svangerskapslengd og trivsel hos fosteret.

Behandling

Mild og moderat svangerskapskvalme

Kvinner med mild og moderat svangerskapskvalme kan ofte behandlast heime med symptomlindrande tiltak. Sjukemelding, kvalmestillande medisinar, kosthaldsrettleiing, vitamintilskot og ro gjer at dei fleste greier å få i seg nok væske og næring.

Alvorleg svangerskapskvalme

Dersom du har alvorleg svangerskapskvalme, og symptomlindrande tiltak og kvalmestillande medikament ikkje gjev tydeleg betring av kvalmen og næringsinntaket, må du leggjast inn på sjukehus. 

På sjukehuset vil du få

  • kvalmestillande behandling
  • tilførsel av væske, elektrolyttar og næring intravenøst 

Nokon får også tilført næring og nødvendige vitamin gjennom ein sonde. Det er ein tynn slange som blir lagd ned i magesekken.

Når allmenntilstanden er betra og du greier å halde på noko væske og mat, kan du skrivast ut – med avtale om vidare kontroll og korleis behandlinga skal følgjast opp heime. Nokre blir skrivne ut frå sjukehuset med sonde og held fram med sondeernæring heime.

Dei fleste blir kontrollert vidare hos fastlege eller jordmor. Nokre vil trenge ei ny intravenøs behandling, som kan gjerast utan at du blir lagd inn på sjukehuset (poliklinisk). Om tilstanden din forverrar seg igjen med kvalme eller oppkast som gjev vektnedgang, kan det bli nødvendig at du blir lagt inn på nytt.

Sjølvhjelp og råd ved alvorleg svangerskapskvalme

Ro og høve til å kvile er viktig i behandlinga. Hjelp og psykologisk støtte frå partnar, familie og vener er avgjerande for at behandlinga skal gje effekt.

Sterke lukter kan gi kvalme. Matlaging, blomstrar, sterk parfyme og andre sterke dufter bør derfor haldast unna gravide med alvorleg svangerskapskvalme. 

Generelt gjeld dei same råda for sjølvhjelp som ved vanleg svangerskapskvalme.

Årsaker til alvorleg svangerskapskvalme

Årsaka til alvorleg svangerskapskvalme (hyperemesis) er ikkje kjend, og ser ut til vere samansett av hormonelle, genetiske og sosiale faktorar kan vere medverkande faktorer. I 2024 fant forskarar i England ei kobling mellem svangerskapskvalme og hormonet GDF15, men det er lenge til vi har ein medisin som kan virke.   

The Norwegian Food Safety Authority (Mattilsynet)

Advice on safe food and drink during pregnancy, and information on breastfeeding (in norwegian).

Trygg mammamedisin

Get advice from professionals about safe medication use during pregnancy and breastfeeding. The service is free of charge.

Zanzu

Information about pregnancy, childbirth and the postnatal period in Arabic, English, Farsi, French, Norwegian, Polish, Somali, Tigrinya and Turkish aimed at immigrants and others with a short period of residence.

Feizo,M, Rocha N, …O’Rahilly S. GDF15 linked to maternal risk of nausea and vomiting during pregnancy. Nature 625, 760-767 (2024)

Dean CR, Shemar M, Ostrowski GAU, Painter RC. Management of severe pregnancy sickness and hyperemesis gravidarum. BMJ 2018; 363: k5000

Birkeland E, Stokke G,  Tangvik RJ et al.;  Norwegian PUQE (pregnancy-Unique Quantification of Emesis and nausea) identifies patients with hyperemesis gravidarum and poor nutritional intake:  a prospective cohort validation study. PLoS One 2015; 10(4):e0119962

Stokke G, Gjelsvik BL, Flaaten KT, Birkeland E, Flaaten H, Trovik J. Hyperemesis gravidarum, nutritional treatment by nasogastric tube feeding: a 10-years restrospective cohort study.  Acta Obstet GYnecol Scand 2015; 94(4): 359-67

Fejzo MS, Poursharif B, Korst LM et al. Symptoms and pregnancy outcomes associated with extreme weight loss among women with hyperemesis gravidarum. Journal of Womens Health, vol.18, nr.12, 2009:1981-1987.

Poursharif B., Korst L.M., Fejzo M.S., Macgibbon K.W., Romero R., Goodwin T.M. The psychosocial burden of hyperemesis gravidarum. J Perinatol 2008;28:176-181.

Veenendaal M., van Abeelen A., Painter R., van der Post J., Roseboom T. Consequences of hyperemesis gravidarum for offspring: a systemic review and meta-analysis. BJOG 2011;118:1302-1313.

Vikanes Å., Grjibovski A., Vangen S., Magnus P.. Variations in prevalence of hyperemesis gravidarum by country of birth: a study of 900,074 births in Norway, 1967-2005. Scand J Public Health 2008;36:135-142.

Zara G., Codemo V., Palmieri A. et al. Neurological complications in hyperemesis gravidarum. Neurol Sci (2012).

Innhaldet er levert av Haukeland University Hospital

Haukeland University Hospital. Alvorleg svangerskapskvalme (hyperemesis). [Internet]. Oslo: The Norwegian Directorate of Health; updated Wednesday, April 9, 2025 [retrieved Thursday, April 24, 2025]. Available from: https://www.helsenorge.no/en/sykdom/svangerskap/alvorlig-svangerskapskvalme/

Sist oppdatert Wednesday, April 9, 2025