Hjerneskade hos vaksne
Erverva hjerneskade hos vaksne er ein skade som oppstår i ein normalt utvikla hjerne i vaksen alder. Det er stor variasjon i følgjene av ein slik skade, alt etter årsaka til skaden, omfanget og kva slags delar av hjernen som er råka.
- Kva er ervervet hjerneskade?
- Symptom på hjerneskade hos vaksne
- Behandling av hjerneskade hos vaksne
- Rettar
Kva er ervervet hjerneskade?
Ervervet hjerneskade er ein skade på hjernen som ikkje er medfødt.
Vi deler inn i to hovudtypar erverva hjerneskadar:
- traumatiske skadar, som følgje av trafikkskade, fallskade, vald med meir
- ikkje-traumatiske skadar, som følgje av hjerneslag, hjernesvulst, betennelse i hjerne/hjernehinner, nedsett sirkulasjon ved for eksempel hjartestans og surstoffmangel ved drukningsulykker, kveling med meir
Symptom på hjerneskade hos vaksne
Erverva hjerneskade kan vere lett, moderat eller alvorleg. Følgjene av skaden for deg som blir råka, er avhengig av årsaka til skaden, omfanget av den og i kva slags del av hjernen skaden oppstår. Hjerneskaden kan påverke både fysisk, kognitiv, psykisk og åtferdsmessig funksjon. Kognitiv funksjon betyr evna til å oppfatte, tenkje, forstå, hugse, løyse problem, ta avgjerder og kommunisere.
Symptom på erverva hjerneskade kan kome raskt, men kan også kome som seinverknader av skade og/eller behandling. Symptoma kan vere varige, men kan også bli heilt eller delvis betre spontant over tid eller gjennom trening og behandling.
Rørslevanskar
Dei mest synlege utfalla av ein erverva hjerneskade kan vere:
- lammingar
- stram og stiv muskulatur (spastisitet)
- vanskar med balanse og koordinasjon
Kognitive vanskar
Kognitive vanskar kan vere ei usynleg funksjonsnedsetjing etter erverva hjerneskade. Du kan sjå ut som før, og kan kanskje også føre samtalar utan at ein merkar at noko har endra seg. Kognitiv svikt kan vere vanskeleg å diagnostisere, og kan gje store problem for den det gjeld.
Eksempel på kognitive vanskar er:
- redusert mental kapasitet og uthald
- vanskar med minnet
- konsentrasjonsvanskar
- vanskar med å tolke sanseinntrykk
- merksemdsvanskar
- vanskar med regulering av åtferd og kjensler
- redusert tempo
- redusert evne til problemløysing og logisk tenking
- rom-/retningsvanskar
- vanskar med å kome i gang med aktivitetar eller oppgåver
- vanskar med språk og tale
- vanskar med innsikt i skaden sin
Synsvansker
Vanlege synsvanskar er synsfeltutfall, som for eksempel redusert sidesyn til eine sida, dobbeltsyn og at ein blir overfølsam for lys. Fullstendig eller delvis tap av syn kan også førekome.
Høyrslevanskar
Ein hjerneskade kan føre til forvrenging av lyd, øyresus (tinnitus) eller at ein blir overfølsam for lyd. Du kan også oppleve fullstendig eller delvis tap av høyrsle.
Smerter
Du kan få smerter som følgje av erverva hjerneskade, som oftast i form av hovudverk, nerve- eller muskelsmerter. Det kan også skje at du blir svimmel og kvalm.
Andre symptom ved erverva hjerneskade
- nedsett uthald
- søvnvanskar
- krampeanfall (epilepsi)
- psykiske plagar (depresjon)
- endra seksualfunksjon
- nedsett funksjon av blære og tarm
- nedsett svelgfunksjon
Behandling av hjerneskade hos vaksne
Først behandlar ein årsaka til hjerneskaden i akuttavdeling på sjukehus. Vidare er det viktig med rehabilitering for å behalde og få igjen best mogleg funksjon på alle område.
Rehabilitering i institusjon
Ved moderate og alvorlege hjerneskadar er det vanleg med eit opphald i rehabiliteringsinstitusjon i spesialisthelsetenesta. Du møter då eit tverrfagleg rehabiliteringsteam som består av ulike faggrupper, som for eksempel lege, sjukepleiar, fysioterapeut, ergoterapeut, sosionom, logoped, nevropsykolog, ortopediingeniør og synspedagog.
Det blir gjennomført ei kartlegging av helsetilstanden din og målsetjingane dine, og du og teamet lagar ein rehabiliteringsplan som blir utgangspunkt for rehabiliteringsprosessen din vidare.
Rehabilitering i kommune
Om ein erverva hjerneskade har varige følgjer, vil du sannsynlegvis ha behov for vidare hjelp etter eit rehabiliteringsopphald i spesialisthelsetenesta for å behalde og få tilbake best mogleg funksjon og livskvalitet. Slik hjelp yter kommunen gjennom fastlege, heimeteneste, ergo- og fysioterapitenester, og NAV/arbeidsgjevar om du var arbeidstakar før hjerneskaden.
Det kan også vere aktuelt med vidare oppfølging frå relevante avdelingar i sjukehuset.
Målsetjingar
Målsetjing med behandling og anna oppfølging er at den enkelte med erverva hjerneskade skal kunne
- leve eit godt og innhaldsrikt liv
- få hjelp ved behov
- bruke ressursane sine
- ha gode moglegheiter for deltaking, meistring og trivsel
Ei rekkje faktorar er avgjerande for kor god funksjon du kan få tilbake ved hjelp av behandling, trening og tid/spontan betring. Eksempel på slike faktorar er :
- årsak til skaden
- omfanget av skaden
- kva slags del av hjernen som er råka
- eventuelle komplikasjonar under/etter skade
- alder
- tidlegare sjukdomshistorikk
- generell helsetilstand før skaden
Rettar
Ofte kan vanskane etter erverva hjerneskade vere samansette, og såleis krevje tverrfaglege og koordinerte hjelpetiltak. Ein har då rett til å få oppnemnt ein koordinator som skal syte for oppfølging av den enkelte, sikre samordning av tenester og framdrift av arbeidet med individuell plan (IP). Tiltak kan omfatte alle livsområde, og det er behova til den enkelte som avgjer omfang og innhald.
Individual care plan and coordinator
Anyone in need of long-term and coordinated health and care services is entitled to have an individual care plan prepared for them.
Content provided by Medisinsk og helsefaglig redaksjon, Fellesinnhold spesialisthelsetjenesten
Last updated Tuesday, May 2, 2023