Øyresmerter under flyreiser

Er du plaga med smerter i øyra når du flyr, finst det førebyggande behandling.

Kvifor får du smerter i øyra når du flyg?

Dottar i øyra under flyreiser er vanleg. Ganske mange vil òg oppleve smerter i øyra, spesielt når flyet går inn for landing. 

Dottar og smerter kjem når lufttrykket i mellomøyret er ulikt frå trykket utanfor øyret. Ein kanal frå øvre del av svelget til mellomøyret (øyretrompeten), skal utlikne trykkforskjellen. Denne kanalen opnar seg når du svelger eller brukar musklar i kjeveområdet. Når det er rask endring i lufttrykket utanfor øyret, fungerer ikkje utlikninga fort nok og trommehinna blir ståande i spenn. Det kan gi intense smerter. 

Hos nokre menneske fungerer denne utlikninga av trykk dårleg. Hos barn skjer dette oftare enn hos vaksne. 

Hos dei fleste vil smertene vere kortvarige fordi trykkforskjellen blir etter kvart utlikna. Det er svært usannsynleg at det oppstår komplikasjonar som varer. Sjølv om smertene kan verke dramatiske, er dette ufarleg.

Symptom på øyresmerter under flyreiser

Det er ikkje uvanleg at dei som slit med øyresmerter under flyreiser òg kan oppleve andre symptom, til dømes: 

Behandling av øyresmerter på flyreiser

Dersom du er forkjølt, har biholebetennelse eller øyrebetennelse vil det som jamnar ut lufttrykket i øyret ditt (øyretrompeten) fungere mykje dårlegare. Då er det større sjanse for at trykket i øyret ditt blir ulikt og at du får vondt. 

Viss du er ein av dei som vanlegvis får øyresmerter når du flyg, er det fleire ting du kan vurdere: 

  • Du kan bruke slimløysande tablettar eller nasespray. Det kan fungere førebyggande. 
  • Du kan prøve å blåse kraftig ut av nasen, samtidig som du held munn og nase lukka. Det kan hjelpe for å jamne ut trykket i øyret ditt. 
  • Du kan bruke kjeven aktivt. Gjesping eller tygging kan hjelpe til med å jamne ut trykket. Bruk gjerne tyggegummi, for det gjer òg at du svelger i tillegg. Mindre barn kan drikke noko med sugerøyr. Spedbarn kan suge på ei flaske eller ein smokk. 

Dersom du veit du alltid får sterke øyresmerter på flyreise, bør du vurdere om det er andre måtar du kan reise på.

Går smertene over?

Øyresmertene forsvinn sannsynlegvis kort tid etter at du landar. Det er svært sjeldan at trykket vil føre til eit hol i trommehinna.

Øresmerter under flyreiser. Helsebiblioteket, 2024.

Ear pain during air travel (pdf). Originalbrosjyre fra BMJ Best Practice, 2022.

Innhaldet er levert av Helsebiblioteket/BMJ

Helsebiblioteket/BMJ . Øyresmerter under flyreiser. [Internet]. Oslo: The Norwegian Directorate of Health; updated Friday, June 21, 2024 [retrieved Sunday, December 22, 2024]. Available from: https://www.helsenorge.no/en/sykdom/ore-nese-hals/oresmerter-under-flyreiser/

Sist oppdatert Friday, June 21, 2024