Akutt bihulebetennelse
Biholebetennelse kan vere svært smertefullt, men går ofte over av seg sjølv. Dersom symptoma ikkje forsvinn, finst det behandling som hjelper.
- Kva er biholebetennelse?
- Symptom på biholebetennelse
- Utgreiing og diagnose
- Behandling av biholebetennelse
Kva er biholebetennelse?
Biholene er små luftfylte holrom på innsida av hovudskallen i ansiktet. Biholebetennelse oppstår når slimhinna i biholene blir betent og hoven.
Betennelsen oppstår ofte etter ein virusinfeksjon, som forkjøling eller influensa. Høysnue og andre allergiar kan òg forårsake biholebetennelse.
Det er vanlegvis biholene i kinna som blir ramma, men biholebetennelse kan òg oppstå i områda bak og mellom auga og i panna.
Varer biholebetennelse mindre enn fire veker er det ein akutt biholebetennelse. Dersom biholebetennelsen varer i meir enn tre månadar blir den karakterisert som kronisk.
I sjeldne tilfelle kan biholebetennelse forårsake alvorleg sjukdom som påverkar hjernen og auga.
Du bør kontakte lege raskt viss du:
- Har svært sterk hovudverk eller stiv nakke
- Er lyssky
- Har dobbeltsyn
- Har hevelse rundt auga
- Har høg feber
- Kjenner deg forvirra eller uvanleg døsig
Symptom på biholebetennelse
Biholebetennelse kan av og til vere svært smertefullt. Bakteriell infeksjon oppstår gjerne i etterkant av ein virusinfeksjon (forkjøling).
Vanlege symptom på bakteriell biholebetennelse er:
- Tett nase
- Feber
- Smerter i panna, overkjeven, tennene, kinna eller rundt auga
- Tap av luktesans
- Hovudverk som blir forverra når du lenar deg framover (han kan starte når du står opp om morgonen)
- Tannsmerter eller smerter når du eit
- Mykje grønt eller gult slim i nasen
- Nedsett allmenntilstand
- Sår hals forårsaka av slimet som renn frå nasen og ned i svelget
Forkjølelse
Forkjølelse kan ligne på influensa, men ved influensa får du feber og føler deg i langt dårligere form. Det finnes ingen kur mot forkjølelse.
Influenza
Influenza causes fever and body aches as well as respiratory symptoms. Typically, five to ten per cent of the population becomes ill during a winter season.
Utgreiing og diagnose
Biholebetennelse blir vanlegvis diagnostisert ut frå symptoma. Viss biholebetennelsen er uvanleg kraftig eller tilbakevendande, kan det bli nødvendig med røntgen eller CT-undersøking eller ei tilvising til øre-nase-halsspesialist.
Behandling av biholebetennelse
Biholebetennelse går vanlegvis over utan behandling. Reseptfrie smertestillande som paracetamol eller ibuprofen kan lindre smertene.
Dersom symptoma er veldige plagsame eller held fram over ei veike, bør du kontakte fastlegen din.
Kortisonnasespray
Det finst mange ulike betennelsesdempande kortisonsprayar som kan hjelpe mot biholebetennelse. Nokre av dei vanlegaste er budesonid, flutikason, mometason og triamcinolon. Sprayen blir inhalert gjennom nasen ein eller to gongar dagleg. Vanlege biverknadar er hovudverk eller nasebløding.
Forsking viser at personar som brukte ein kortisonspray i 2-3 veker hadde ei forbetring av symptoma, samanlikna med personar som ikkje brukte denne typen medisinar. Men effekten var likevel liten.
Slimhinneavsvellande medisin
Slimhinneavsvellande medisinar finst som tablettar, nasespray og dropar. Legemiddelet hjelper mot tett nase, slik at du pustar lettare. Det kan òg hjelpe mot smerter gjennom trykkutlikning i biholene. Vanlege slimhinneavsvellande legemiddel er phenylpropanolamin, oksymetazolin, og xylometazolin.
Desse legemidla blir ikkje anbefalte til alle. Har du diabetes, ei hjarteliding eller ein stoffskiftesjukdom, bør du rådføre deg med lege på førehand.
Du bør ikkje bruke slimhinneavsvellande nasespray i meir enn ei veike. Ved lengre bruk kan nasetettleiken forverrast etter avslutta behandling fordi det er vanedannande.
Antibiotika
Antibiotika er ikkje særleg effektive legemiddel mot biholebetennelse, men kan nokre gonger brukast mot biholebetennelse som kjem av bakteriar. Dei fleste med bakteriell biholebetennelse blir som oftast bra utan antibiotika.
Annen behandling
Nokon merkar betring etter å ha inhalert damp for å opne tette biholer, men det er ein risiko for skåldingsskadar.
Eit anna alternativ er å reinse nasen med saltvasspray eller naseskyljing.
Reseptfrie smertestillende medisiner
Når kan du bruke reseptfrie smertestillende, hvilke smertestillende bør du bruke og hvilke bør du være forsiktig med?
Omtrent to tredelar blir bra utan noka behandling, vanlegvis etter 5-10 dagar. Nokon er plaga med gjentatte biholebetennelsar.
Ved kronisk biholebetennelse bør du kontakte lege. Legen vil då tilvise deg til spesialist og vidare undersøkingar og behandling.
Akutt bihulebetennelse. Helsebiblioteket.no, 2024.
Sinusitis (acute) (pdf). Originalbrosjyre fra BMJ Best Practice, 2021.