Skuldersmerter

Skuldersmerter kan ha fleire ulike årsaker, og behandlinga avheng av ein spesifikk diagnose.

Det finst mange årsaker til skuldersmerter. Ei sene, det vil seie eit band som festar ein muskel til ein knokkel, kan bli klemd under beinet i skuldra. Ei gjenteken rørsle, for eksempel tunge løft, kan gi senebetennelse eller muskelfestebetennelse. Dersom du har vore utsett for ei ulykke som skada skuldra, kan dette naturleg nok gi smerter. Betennelse i ledda eller slimposar rundt skuldra kan òg gi smerter.

Dersom du ikkje bruker skuldra, for eksempel etter ein skade, kan ho lett stivne. Dette kallar vi frosen skulder (engelsk: frozen shoulder). Tilstanden kan òg oppstå heilt av seg sjølv.

Det finst andre sjeldne årsaker til skuldersmerter som ikkje er omtalte i denne artikkelen.

Når skal eg kontakte lege?

Dersom du har store smerter eller smertene har vart i meir enn seks veker, bør du oppsøkje lege. Har du vore utsett for ei ulykke, bør du oppsøkje lege straks. Er smertene derimot moderate, kan du sjå an situasjonen ei vekes tid før du bestiller time.

Behandling av skuldersmerter

Det finst fleire behandlingsalternativ som kan hjelpe mot skuldersmerter, alt frå legemiddel til fysioterapi og nokre gonger operasjon.

Ved akutt innsetjande smerter er det tilrådd å kjøle ned området med ein ispose. Du bør pakke isposen inn i eit handklede for å unngå frostskade.  

Har du slimposebetennelse, er tilrådinga avlasting, smertestillande legemiddel (NSAIDs) eller kortisoninjeksjon.

Legemiddel

Smertestillande legemiddel kan hjelpe mot skuldersmerter. Ibuprofen er eit betennelsesdempande middel som hjelper både mot hevelse og smerter. Ibuprofen og liknande kan du kjøpe reseptfritt på apotek og butikk. Har du store smerter, kan legen skrive ut høgare dosar. Ved overflatiske smerter kan du bruke ein gel med det same verkestoffet.

Betennelsesdempande middel kan gi biverknader som magesmerter, diaré, hovudverk og svimmelheit. Pasientar med magesår eller hjarteproblem bør halde seg unna desse.   

Paracetamol er eit anna smertestillande alternativ. Det legemiddelet får du kjøpt reseptfritt på apotek og butikk.

Bruk aldri større dosar enn det som står i pakningsvedlegget. Det kan i verste fall gi leverskade.

Nokre gonger er det nødvendig med sterkare smertestillande, som tramadol eller legemiddel med kodein. Desse har ein morfinliknande verknad og kan vere avhengigheitsskapande ved lengre tids bruk. Du bør òg vere forsiktig ved bilkøyring. Les informasjonen i pakningsvedlegget nøye. Snakk med lege eller apotek dersom du er i tvil.

Enkelte studiar har vist effekt av kortisonsprøyter (injeksjonar) eller tablettar. Verknaden varer i nokre veker, men over tid er det ikkje stor forskjell på dei som får slik behandling, og dei som ikkje får det. Injeksjonane gir sjeldan biverknader, men kan skade senestrukturen slik at han ryk. Dette skjer hos færre enn 1 av 100. Kortisonsprøyter er spesielt effektivt ved akutt slimposebetennelse (bursitt).

Anna behandling

Fysioterapi kan hjelpe mot kronisk senebetennelse. Ein studie viste at personar med seneproblem hadde mindre smerter og betre rørsleevne etter seks månaders behandling. Enkelte fysioterapeutar har prøvd laserbehandling og elektrisk stimulering. Nokre studiar har vist at laserbehandling i ti minutt, to eller tre gonger i veka, reduserte smertene.

Det finst ikkje nok forsking til å seie at elektrisk stimulering hjelper.

Sjokkbølgjebehandling fungerer ved at ein sender sterke lydbølgjer mot ein langvarig senebetennelse med kalk i sena (kalsifisert tendinose), dersom ein trur at kalken er årsak til irritasjonen. Sjokkbølgjebehandling kan derimot vere smertefullt. Du kan òg få blødingar under huda. Kalk i sena kan òg løysast opp med injeksjonsbehandling eller fjernast kirurgisk.

Ultralyd har òg vore prøvd, men det er lite forsking på dette.

Enkelte har prøvd akupunktur eller injeksjonar med bedøvingsmiddel i skuldermusklane. Å leggje varme eller kalde posar på skuldra har òg blitt prøvd ut. Men det er lite forsking på dette.

Kirurgi

Ved akutt avriving av muskel- eller senefiber, det vil seie ved ein skade som har oppstått i løpet av de siste seks vekene, vil legen vurdere operasjon.

Avgjersla avheng av:

  • storleiken på avrivinga
  • alderen til pasienten
  • tidspunktet skaden oppstod på
  • om skuldra blir brukt mykje i arbeid eller sportsaktivitetar
  • om det er annan skade rundt området
  • i kor stor grad funksjonen i skuldra er nedsett

Anten du blir operert eller ikkje, er det uansett gunstig med fysioterapirettleia opptrening av skuldra. Dersom du har gamle skadar, prøver ein ofte å tøye område som er stramme. Ein sjeldan gong prøver ein kirurgisk behandling.

Det er vanlegast å bruke kikholskirurgi ved skulderoperasjonar. Kikholskirurgi blir utført gjennom små snitt i huda og ved hjelp av spesielle instrument. Dersom det er tronge forhold, kan delar av beinet høvlast vekk, slik at plassforholda blir betre i skuldra. Dette kallar vi artroskopisk dekompresjon, og det kan gjerast ved hjelp av laser.

Du vil truleg vere hemma i skuldra i seks veker etter ein operasjon. Det kan ta fleire månader før du oppnår full kraft og rørsleevne.

Ein annan operasjonsmetode, kalla artroskopisk rotator-cuff-reparasjon, tek i bruk stiftar for å reparere avrivne sener.

Dersom du har stor slitasje (artrose) i skulderleddet, tilrår kirurgen truleg å setje inn eit kunstig ledd – såkalla total skulderplastikk.

Open kirurgi kan òg vere eit alternativ til kikholskirurgi. Dette er den tradisjonelle måten å operere på, der kirurgen lagar eit større snitt i huda og bruker vanlege operasjonsreiskapar. Metoden har like god effekt som kikholskirurgi, men det kan ta lengre tid før du er tilbake i god form.  

Når blir eg betre?

Det er gode moglegheiter for at skuldersmertene forsvinn av seg sjølv med tida. Ein studie viste at halvparten av alle med skuldersmerter var smertefrie etter 18 månader. Dersom du opplever at smertene ikkje går over av seg sjølv, finst det gode behandlingsmoglegheiter.

Ulike yrkesgrupper

Tren riktig med "Smart mosjon i arbeidslivet"

Med få tastetrykk får du et gratis, skreddersydd og forskningsbasert treningsprogram, som er tilpasset din arbeidshverdag, fysiske form og mulige plager.

Å jobbe med skuldersmerter

De fire regionale helseforetakene har i samarbeid med NTNU laget denne informasjonsfilmen om hvordan du kan tilpasse aktiviteten din til smerten i skulderen. 

Skuldersmerter. Helsebiblioteket.no, 2021.

Innhaldet er levert av Helsebiblioteket/BMJ

Helsebiblioteket/BMJ . Skuldersmerter. [Internet]. Oslo: The Norwegian Directorate of Health; updated Friday, April 23, 2021 [retrieved Sunday, December 22, 2024]. Available from: https://www.helsenorge.no/en/sykdom/muskel-og-skjelett/skuldersmerte/

Sist oppdatert Friday, April 23, 2021