Klumpfot

Klumpfot er ei relativt sjeldan medfødd fotfeilstilling som ved riktig behandling gjev ein tilnærma normal fot hos dei aller fleste. Det medisinske namnet på denne diagnosen er pes equino varus, som blir forkorta til PEV.

Årsaka til klumpfot er ukjend. 

1,4 per 1.000 barn i Skandinavia blir fødde med denne fotfeilstillinga. Halvparten har det i begge føter. Det er dobbelt så mange gutar som jenter som har klumpfot.  

Når barnet blir fødd, står foten dreidd nedover og innover. Klumpfoten (PEV) kan variere frå ei mild til ei særs stiv feilstilling. Den stive feilstillinga kallar vi kompleks klumpfot.  

Behandlinga startar etter fødsel og er langvarig.

I denne videoen som er laga av Oslo Universitetssykehus, er det meir informasjon om klumpfot.

Symptom på klumpfot

  • Knoklane i foten står i ein unormal posisjon i forhold til kvarandre. 
  • Sener og leddband er for korte og stramme. 
  • Foten til barnet står i spissfotstilling, det vil seie at hælbeinet er trekt opp og foten peikar nedover. 
  • Samtidig er forfoten dreidd innover. 
  • Foten er stiv og lèt seg ikkje korrigere til normalstilling utan behandling.  

I tillegg til forandringane i foten har barnet ofte også tynnare leggmuskulatur på grunn av ei forandring i bindevevet i muskulaturen. 

Klumpfoten kan vere litt kortare, og barnet kan ha behov for ulik skostorleik. I enkelte tilfelle er òg beinet kortare.  

Klumpføter før behandling

Klumpføter før behandling

Årsaker til klumpfot

Årsaka til klumpfot er ukjend. 

Arvelegheit kan spele ei rolle. I cirka 25 prosent av tilfella er det fleire i familien med klumpfot. Det er 30 prosent auka risiko for klumpfot dersom ein av foreldra eller søsken har tilstanden.

Utgreiing og diagnose

Diagnosen blir vanlegvis stilt ved fødselen, men kan òg sjåast på ultralyd frå omkring 18. svangerskapsveke.

Behandling for klumpfot

I Noreg blir Ponsetis metode brukt, som i dag blir rekna som den mest anerkjende behandlingsmetoden for klumpføter.  

Behandlinga startar som regel opp i løpet av første leveveke. Foten blir gipsa kvar veke til feilstillingane i forfoten er korrigerte. Dette tek ca. 6 veker. 

Den endelege korreksjonen er å få hælbeinet ned, og dei aller fleste barna treng ein liten operasjon der ein kuttar akillessena for å få hælen ned i normal stilling. Denne operasjonen kallar vi akillotomi. Etter operasjonen må barnet ha gips i tre veker. Når denne siste gipsen blir fjerna, skal barnet bruke ei spesialskjene som held føtene i riktig stilling. Begge føtene skal vere i skjena sjølv om barnet berre har klumpfot på éi side. Skjena skal brukast dag og natt i 3 md. og deretter når barnet søv, fram til 5 års alder. Barnet må bruke skjena for å unngå at foten glir tilbake i feilstilling.  

Barnet vil bli følgt opp med jamlege kontrollar på sjukehuset fram til føtene er ferdig utvaksne. Det er fordi klumpføter har ein tendens til å ville trekkje seg tilbake mot den opphavlege feilstillinga under vekst.  

Ved dei fleste sjukehusa blir barnet følgt både av ortoped og fysioterapeut. Ortopediingeniør er òg ein del av det tverrfaglege teamet og blir involvert når barnet skal tilpasse eller byte skjene.  

Barnet vil bli følgt opp av behandlande lokalsjukehus. Av og til kjem ein ikkje i mål med dei første gipsane. Det kan òg vere at legen ser at feilstillinga er kompleks. Då bør ortopeden tilvise barnet til eit av dei større sjukehusa for ei ny vurdering og vidare hjelp der.  

Ved fleire sjukehus bruker ein tøyingar og rørsle av foten som eit supplement til Ponsetis metode. Fysioterapeut eller ortoped vil instruere dykk i dette. Behovet for tøyingar vil variere og bli fortløpande vurdert. Når barnet er større, kan det òg utføre øvingar sjølv.  

Dette er for å halde ved like rørsleevna føtene har fått og dermed hindre eller tidleg oppdage tilbakefall av feilstillinga. Tøyingar blir også brukte i periodar for å auke rørsleevna dersom ho har vorte dårlegare, til dømes gjennom ein vekstspurt.

Sjølvhjelp og råd

Ta kontakt med behandlande sjukehus (poliklinikken/ fysioterapeut/ortopediingeniør) 

  • dersom gipsen sklir  
  • dersom det er vanskeleg å bruke skjena  
  • dersom barnet får gnag av skjeneskoa  
  • dersom skoa har vorte for små  
  • dersom skjenebreidda har vorte for smal (skal vere skulderbreidde)  
  • dersom du oppdagar tilbakefall av feilstillinga  
  • dersom du har nokon spørsmål  

Prognosen er god og vil med riktig behandling gje ein tilnærma normal fot hos dei aller fleste. Sjølv om føtene er godt korrigerte etter den første behandlinga, kan føtene dra seg tilbake inn i feilstillinga seinare. Det er derfor viktig med jamlege kontrollar.  

Det er ikkje uvanleg med tilbakefall av feilstillinga (recidiv). Den vanlegaste årsaka er at skjena ikkje blir brukt som avtalt. Ein studie viste at utan oppfølging av tilrådd skjenebruk får 80 prosent av barna tilbakefall.   

Behandling for tilbakefall bør skje så fort som mogleg. Behandlinga er ofte ein ny runde med seriegipsing og eventuelt tøyingar eller øvingar i etterkant. Gipsbehandling er veldig effektivt ved tilbakefall og fører nesten alltid til ei betre stilling på foten. Kjem ein ikkje i mål med dette, kan det vere aktuelt å forlengje akillessena ein gong til.   

Det er heller ikkje unormalt at barnet treng ny behandling i form av tøyingar, seriegipsing eller kirurgi gjennom oppveksten for å få ein så godt fungerande fot som mogleg. Fleire av barna vil seinare ha behov for ein operasjon for å få ein betre balansert fot ved å flytte ei sene fram på foten.   

Nokre barn kan ha føter som er svært vanskelege å korrigere og kan ha fleire tilbakefall. Dersom det ikkje er noko framsteg etter fleire seriegipsingar, tilrår vi at barnet blir tilvist til vurdering på spesialistsjukehus med eiga barneortopedisk avdeling. Då kan det vere nødvendig også å vurdere annan kirurgi.  

Barnet vil bli følgt opp til føtene er ferdig utvaksne.

Barn med medfødd klumpfot er elles normale barn. 

Den korrigerte foten vil sjå tilnærma normal ut. Foten kan nokre gonger vere litt mindre – og nokre barn har behov for ulik skostorleik. Då kan dei få tilvising til «splitta par sko» dersom det er 2 storleikar eller meir. Barnet kan bruke vanlege barnesko. Om det er behov, der det er ei litt meir komplisert feilstilling, kan barnet få tilpassa fotsenger (solar) eller ortopediske sko.  

Barna kan vere med i all aktivitet på lik linje som andre barn på same alder. Nokre barn kan bli fortare slitne i foten/føtene etter aktivitet.

Rettar

Det er ikkje diagnosane i seg sjølv som automatisk utløyser rett til trygdeytingar og tiltak frå hjelpeapparatet. Det er graden av funksjonsnedsetjing og utgifter til pleie og omsorg ut over det ein kan forvente, som dannar grunnlag for ytingane. Dette blir vurdert i kvart enkelt tilfelle.  

Det kan vere aktuelt med til dømes  

  • grunn- og hjelpestønad 
  • pleiepengar 
  • opplæringspengar 
  • omsorgspengar 
  • andre hjelpetiltak og stønader frå NAV 

Aulie VS, Halvorsen, V.B. Brox, J.I. Motor abilities in 182 children treated for idiopathic clubfoot: a comparison between the traditional and the Ponseti method and controls. Journal of Childrens Orthopaedics [Elektronisk artikkel]. 2018;12:383-9 [hentet 2021-01-21]. Tilgjengelig fra: https://www.ncbi.nlm.nih.gov/pmc/articles/PMC6090191

Dobbs M, Rudzki J, Purcell D, Walton T, Porter K, Gurnett C. Factors predictive of outcome after use of the Ponseti method for the treatment of idiopathic clubfeet. J Bone Joint Surg Am. [Elektronisk artikkel]. 2004;86-A(1):22-7 [hentet 2021-01-21]. Tilgjengelig fra: https://pubmed.ncbi.nlm.nih.gov/14711941/

Dobbs MB, Gurnett, C. Update on clubfoot: Etiology and Treatment. Clin Orthop Relat Res [Elektronisk artikkel]. 2009;5(467):1146-53 [hentet 2021-01-21]. Tilgjengelig fra: https://www.ncbi.nlm.nih.gov/pmc/articles/PMC2664438/pdf/11999_2009_Article_734.pdf

Helsebibliotekete. Klumpfot/pes equinovarus - fysioterapioppfølging til barn med medfødt idiopatisk pes equinovarus (PEV/klumpfot) [Internett]. Oslo: Helsebiblioteket FHI; 2019 [hentet 2021-01-21]. Tilgjengelig fra: https://www.helsebiblioteket.no/fagprosedyrer/ferdige/klumpfot-pes-equinovarus-fysioterapioppfolging-til-barn-med-medfodt-idiopatisk-pes-equinovarus-pev-klumpfot

Loof E, Andriesse H, Andre M, Bohm S, Iversen MD, Brostrom EW. Gross Motor Skills in Children With Idiopathic Clubfoot and the Association Between Gross Motor Skills, Foot Involvement, Gait, and Foot Motion. Journal of Pediatric Orthopedics [Elektronisk artikkel]. 2017;24:24 [hentet 2021-01-21]. Tilgjengelig fra: https://pubmed.ncbi.nlm.nih.gov/31305379

Morcuende J. Relapses and Bracing for Children Treated with the Ponseti Method. Ponseti International Association [Elektronisk artikkel]. Clubfoot Information for Parents (2012) [hentet 2021-01-21]. Tilgjengelig fra: http://www.ponseti.info/contact-us.html

Ponseti IV, Campos J. The classic: observations on pathogenesis and treatment of congenital clubfoot. 1972. Clin Orthop. 2009;467(5):1124-32 [hentet 2021-01-21]. Tilgjengelig fra: https://www.ncbi.nlm.nih.gov/pmc/articles/PMC2664437/pdf/11999_2009_Article_721.pdf

Staheli L. Clubfoot: Ponseti managment 2009 [Internet] [hentet 2021-01-21]. Tilgjengelig fra: https://global-help.org/products/clubfoot_ponseti_management/

Sætersdal C FJ, Engesæter LB Inferior results with unilateral compared to bilateral brace in Ponsetitreated clubfeet. A prospective multicenter study of 94 children followed 8-11 years. Journal of children's orthopaedics [Elektronisk artikkel]. 2017;11 216-22 [hentet 2021-01-21]. Tilgjengelig fra: https://www.ncbi.nlm.nih.gov/pmc/articles/PMC5548038

Zapata KA, Karol LA, Jeans KA, Jo CH. Gross Motor Function at 10 Years of Age in Children With Clubfoot Following the French Physical Therapy Method and the Ponseti Technique. J Pediatr Orthop. [Elektronisk artikkel]. 2018;30:30 [hentet 2021-01-21]. Tilgjengelig fra: https://pubmed.ncbi.nlm.nih.gov/29965933

Zionts LE, Dietz FR. Bracing following correction of idiopathic clubfoot using the Ponseti method. J of the American Academy of Orthopaedic Surgeons. [Elektronisk artikkel]. 2010;18(8):486-93 [hentet 2021-01-21]. Tilgjengelig fra: https://pubmed.ncbi.nlm.nih.gov/20675641

Innhaldet er levert av Oslo University Hospital

Oslo University Hospital. Klumpfot. [Internet]. Oslo: The Norwegian Directorate of Health; updated Friday, January 26, 2024 [retrieved Friday, December 27, 2024]. Available from: https://www.helsenorge.no/en/sykdom/muskel-og-skjelett/klumpfot/

Sist oppdatert Friday, January 26, 2024