Fotsopp

Fotsopp er ein infeksjon som kan gi flassande og kløande hud på føtene. Du bør behandle infeksjonen så raskt som mogleg, for å hindre at han spreier seg og blir vanskelegare å behandle.

Kva er fotsopp?

Fotsopp er ein smittsam hudinfeksjon forårsaka av ein liten sopp. Du kan lett bli smitta ved at du går berrføtt i garderobar og i dusjar på treningssenter. Soppen smittar òg frå person til person ved direkte hudkontakt.

Huda på føtene gir gode groforhold for infeksjonen, spesielt mellom tærne. Dette kjem av at føter er varme, ofte litt fuktige og fulle av keratin, som soppen lever av. Keratin er eit protein som finst i negler, hud og hår.

Symptomer på fotsopp

Fotsopp kan gi mange forskjellige symptom, mellom anna desse:

  • kløe på føtene, spesielt mellom tærne
  • oppsprukken, fuktig hud mellom tærne
  • fotsolane kan bli tørre og flassande
  • raude område på huda med ei kvit overflate som ser fuktig ut
  • blemmer

Dersom huda blir varm, raud og hoven, har du kanskje fått ein bakteriell infeksjon i tillegg. Utan behandling kan han raskt spreie seg. Bakterieinfeksjonen skal behandlast med antibiotika.

Førebygging

Held du føtene reine og tørre, kan det førebyggje fotsoppinfeksjon. Her er nokre råd du kan følgje:

  • Ta av deg skoa heime og lat føtene få lufte seg.
  • Bruk sandalar når du kan.
  • Ta alltid av sveitte joggesko etter bruk.
  • Byt til reine sokkar kvar dag.
  • Ta av deg sveitte sokkar og sko når du er ferdig med å trene.
  • Bruk bomulls- eller ullsokkar som kan absorbere fukt.
  • Bruk sko laga av lêr. Dei er luftigare enn plastsko.
  • Tørk føtene godt etter at du har bada eller dusja – spesielt mellom tærne.
  • Bruk badesko eller sandalar i offentlege garderobar.
  • Unngå å bytelåne sko.

Dersom du har eller har hatt fotsopp, kan du spraye innsida av skoa dine med eit soppdrepande middel.

Legemiddel mot fotsopp

Du kan sjølv behandle fotsopp med legemiddel som du får kjøpt reseptfritt på apoteket. Det finst kremar som du skal smørje på foten to gonger om dagen til symptoma blir borte. Behandlinga tek ofte to veker.

Forsking viser at legemiddel kalla allylaminar, fungerer best mot fotsopp, for eksempel terbinafin, naftifin og butenafin.

Andre legemiddel som kan ha effekt, men ikkje like god som allylaminar, er azolar (mikonazol, klotrimazol, ekonazol og ketokonazol), ciklopirox og tolnaftat.

Prognose

Fotsopp er ein ufarleg infeksjon som det finst behandling mot. Du blir vanlegvis kvitt infeksjonen ved hjelp av lokalbehandling av føtene. Dersom du ikkje behandlar fotsoppen, kan infeksjonen spreie seg til neglene, som er vanskelegare å behandle. Da må du kontakte fastlegen din.

Fotsopp. Helsebiblioteket.no, 2024.

Athlete's foot (pdf). Originalbrosjyre fra BMJ Best Practice, 2021.

Content provided by Helsebiblioteket/BMJ

Helsebiblioteket/BMJ . Fotsopp. [Internet]. Oslo: The Norwegian Directorate of Health; updated Friday, June 14, 2024 [retrieved Sunday, November 24, 2024]. Available from: https://www.helsenorge.no/en/sykdom/hud-og-har/fotsopp/

Last updated Friday, June 14, 2024