Hjerneslag er den hyppigaste årsaka til funksjonshemming. Dei synlege følgene av eit hjerneslag er ofte lammingar eller redusert styring på ein arm eller ein fot.
Dei usynlege følgene blir likevel ofte opplevde som vanskelegare. Eit hjerneslag kan snu livet på hovudet for både deg og dei pårørande.
For å sikre at slagrammede får gode helsetjenester etter et hjerneslag, har Helsedirektoratet utarbeidet pakkeforløp hjerneslag (helsedirektoratet.no) som bygger på de nasjonale retningslinjer for akutt behandling og rehabilitering etter hjerneslag. Det er også laget informasjon til pasient og pårørende om pakkeforløp hjerneslag (helsedirektoratet.no).
Prognosen etter hjerneslag
Kjem du raskt til behandling, kan du vere heldig og ikkje få nokre skadar i det heile tatt. Fleire vil derimot kunne få eitt eller fleire symptom, for eksempel
- større eller mindre funksjonsnedsettingar
- angst, uro og depresjon
- vanskar med å følgje med i samtalar og diskusjonar
- problem med sosial kontakt
- trøyttleik/utmatting
- taleproblem
- redusert minne – ha problem med å utføre enkelte daglege gjeremål som å koke kaffi, kle på seg, lese aviser eller handle
- problem med synet
Det er viktig å komme raskt i gang med rehabilitering for å trene opp att funksjonar. Både for å kunne meistre kvardagen og komme tilbake i arbeid.
Ifølge årsrapport fra Norsk hjerneslagregister fra 2022 oppgjer over halvparten av dei slagrammade at dei ikkje mottok hjelp til daglege gjeremål tre månedar etter hjerneslaget. Nær ein av fire fekk hjelp av sin familie, mens ein av ti fekk hjelp i institusjon.
Oppfølging av deg etter utskriving fra sykehuset
Slageininga vil i løpet av første uke gjere ein grundig tverrfagleg vurdering ut frå din situasjon, for å finne det beste behandlingstilbodet for deg i det vidare forløpet.
Du skal få informasjon om at du er inkludert i pakkeforløp hjerneslag og motta informasjon om kva planar som er utarbeida for vidare behandling for deg. Dersom du har behov for helsetenester eller praktisk hjelp etter utskriving frå sjukehus, melder sjukehuset frå om dette behovet til kommunen.
Kommunen kartlegg behovet for tenester, tilrettelegging av bustad og tildeling av hjelpemiddel. Eksempel på slike tenester:
- heimehjelp
- heimesjukepleie
- fysioterapi
- ergoterapi
- logoped
- rehabilitering osv.
Fastlegen har ansvaret for at du får rett medisinsk oppfølging i kommunen. Dersom du har behov for fleire tenester over ei viss tid, har du rett på å få ein individuell plan og skal få tilbod om koordinator.
Pårørande
Pårørande er ofte pasientens viktigste støtte og har mange roller i tida etter eit hjerneslag, både som kunnskapskjelde og omsorgsgivar
Pårørande treng av og til å få hjelp sjølv, slik at dei ikkje slit seg ut eller blir sjuke sjølv.
Pårørande
Pårørande treng av og til å få hjelp sjølv, slik at dei ikkje slit seg ut eller blir sjuke sjølv.
Kontakt andre slagramma og deira pårørande
Du kan lære mykje av andre som har opplevd dette før. Derfor synast mange som har hatt hjerneslag, og dei pårørande, at det er viktig og godt å få kontakt med andre i same situasjon.