Det er viktig å vere klar over at det blir forska mykje på demens, men at det enno ikkje er sikkert kva som er årsaka til dei fleste demenssjukdomane.
Forsking har vist at arvematerialet vårt til ei viss grad er knytt til risikoen for å få Alzheimers sjukdom, som er den vanlegaste sjukdommen som gir demens. Fleire forskjellige gen gir truleg litt auka sårbarheit for å få Alzheimers sjukdom. Likevel har under to prosent av alle som får Alzheimers sjukdom, eit spesielt dominant gen som gir demenssjukdomen ved at eigenskapane til genet overskygger andre gen.
Heldigvis finnes det òg forsking som viser at det er mogleg å påverke nokon risikofaktorar for demens.
Faktorar som kan gi auka risiko for demens og som det er mogleg å førebygge
Helsemessige risikofaktorar
Nokre helsemessige faktorar er knytte til auka risiko for demens, blant anna
- høgt blodtrykk
- fedme
- diabetes
- høgt kolesterol
Dette gjeld særleg midt i livet. Når du blir eldre, er det mykje som tyder på at noko av dette er motsett, til dømes at lavt blodtrykk og lav vekt aukar risikoen for demens. Dette kan vere fordi ein byrjande demenssjukdom senkar blodtrykket og reduserer vekta di.
Høgt blodtrykk og kolesterol, fedme og diabetes aukar òg risikoen for hjarte- og karsjukdomar. Det som er skadeleg for hjartet, ser òg ut til å vere skadeleg for hjernen.
Utdanning og mental aktivitet
Lav utdanning er ein risikofaktor for demens, og undersøkingar tyder på at lav mental aktivitet seinare i livet òg bidrar til risiko. Det er viktig å stimulere hjernen med nye utfordringar i kvardagen.
Depresjon
Gjentekne moderate eller tunge depresjonar i løpet av livet er knytte til litt auka risiko for demens.
Fysisk aktivitet
Regelmessig fysisk aktivitet reduserer risikoen for demens. Moderat fysisk aktivitet, til dømes tre gongar 40 minutts gonge i raskt tempo kvar veke, kan vere nok til å senke risikoen.
Røyking
Røyking gir auka risiko for demens når du blir eldre. Undersøkingar viser at dei som har røykt i mange år, har større risiko for å utvikle Alzheimers sjukdom. Dersom du sluttar å røyke, går risikoen ned med tida.
Kosthald
Eit kosthald med høgt inntak av grønsaker, frukt, fullkornsprodukt, belgfrukter, fisk og planteoljar kan redusere risikoen for demens.
Alkohol
Eit høgt forbruk av alkohol er skadeleg for hjernen og kan i nokre tilfelle føre til demens.
Gjentekne hovudskadar
Gjentekne hovudskadar eller hyppige slag mot hovudet ser ut til å auke risikoen for nokre typar demens.
Nedsette sansar
Med alderen blir sansane våre svekka. Det er blant anna påvist ein samanheng mellom nedsett høyrsel midt i livet og auka risiko for demens. Synstap seint i livet gjer òg risiko. Dette seier noko om kor viktig det er å bruke hjelpemiddel for å høyre og sjå betre.
Hva er demens?
Det viktigste kjennetegnet på demenssykdom er hukommelsessvikt. Alzheimers sykdom den vanligste formen for demens.
Dette kan du gjere for å førebygge demens
Det er ting du kan gjere for å redusere risikoen for å utvikle demens. Viktige førebyggande tiltak er å
- leve og ete sunt
- vere sosial
- ha eit aktivt liv, både fysisk og mentalt
Sjølv om du følger råda, har du dessverre ingen garanti mot å utvikle demens. Dersom du har symptom på høgt blodtrykk, fedme, diabetes eller depresjon, er det viktig at du blir undersøkt og behandla for dette.