Helseskadar ved røyking

Røyking skader helsa di og kan gje deg alvorlege sjukdomar. Hjarte- og karsjukdom, kols og lungekreft er blant dei alvorlege sjukdomane som røyking kan føre til.

Røntgen av lunger

All røyking medfører helserisiko. Også dersom du berre røykjer av og til. Det finst inga sikker nedre grense, og det er individuelt kor mykje som skal til før du tek skade av røykinga.

Røyking skader nesten alle organ i kroppen og fører til mange sjukdomar. Rundt 5000 menneske døyr på grunn av røyking kvart år i Noreg. Hjarte- og karsjukdomar er den hyppigaste dødsårsaka.

Røyking er den største risikofaktoren for tapte leveår i befolkninga. Nær halvparten av storrøykarane døyr før dei har vorte 70 år.

Lungesykdom, kols og røyking

Alle som røyker får skadear på lungene. Kols eller kronisk obstruktiv lungesjukdom er ei samlenemning på ei gruppe lungesjukdomar som gjev innsnevring av luftvegane, kronisk bronkitt og emfysem. Ved emfysem er lungeblærene skadde og reduserte i tal. Dette gjev nedsett evne til å ta opp oksygen.

Vanlege symptom på kols er tung pust og irritasjon i luftvegane med hoste og auka slimproduksjon. Kols gjev varige skadar på lungene og dårlegare lungefunksjon. Sjukdomen kan gje stor grad av uføre og kan også vere dødeleg.

To av tre kolstilfelle kjem av røyking. Det er rekna at rundt 300 000 nordmenn har udiagnostisert kols.

Du kan ikkje bli frisk av kols, men dersom du sluttar å røyke kan du hindre vidare sjukdomsutvikling. Det finst medisinar og hjelpemiddel som kan gjere sjukdomen lettare å leve med.

Å vere røykfri er det viktigaste du kan gjere for å førebyggje kols. Når du sluttar å røyke vil

  • hosten minke
  • pusten bli betre etter berre nokre månader
  • faren for luftvegsinfeksjonar reduserast

Røykhoste

Røykhoste er ein langvarig eller kronisk hoste som utviklar seg over tid hos mange som røyker. Ofte er hosten meir tørr i starten og utviklar seg etter kvart til meir slimhoste. Hosten er gjerne verre om morgonen. Hoste kan vere eit symptom på lungesjukdom.

Dersom du har slike symptom og er over 40 år, er det tilrådd å undersøkje lungefunksjonen med ei spirometri-undersøking hos fastlegen.

Relaxed man in the forest

Gevinster ved røykeslutt

Quitting smoking is good for you and brings a whole host of health benefits, some of which you will notice after only 20 minutes.

Illustration: Hinda Fahre / Helsedirektoratet

Hjarte- og karsjukdom og røyking

Hjarte- og karsjukdomar er sjukdomar i hjartet og blodårene​ i kroppen. Hjarteinfarkt og hjerneslag er dei vanlegaste av desse å døy av. Røyking, høgt kolesterol og høgt blodtrykk​ aukar risikoen for hjarte- og karsjukdom.

Røyking gir åreforkalking​ og høgt blodtrykk​. Åreforkalking er feittavleiringar i åreveggane som gjer dei trongare og stivare, slik at blodtilførselen blir hindra. Auka trykk og trongare årer gjev auka risiko for blodpropp.

Blodpropp i årene til hjartet er hjarteinfarkt. Blodpropp i årene til hjernen er hjerneslag. Innsnevring i årene til beina gjev dårleg blodtilførsel til beina og kan gje deg smerter ved gange, såkalla røykjebein, eller i verste fall kaldbrann slik at det må gjerast amputasjon.

Hjarteinfarkt

Røyking doblar risikoen for hjarteinfarkt, og ser ut til å auke risikoen endå meir for kvinner enn for menn. Det å røyke nokre få sigarettar dagleg gjev også auka risiko. Sjølv med eit forbruk på 1–4 sigarettar om dagen, er risikoen for å få hjartesjukdom​​ dobbelt så høg som hos ein ikkje-røykar. Dei som røyker, utviklar hjartesjukdom tidlegare enn dei som ikkje røyker.

Hjarteinfarkt kjem av blodpropp i årene til hjartet. Då kan delar av hjartemuskulaturen døy fordi han ikkje får nok oksygen.

Dei vanlegaste symptoma på hjarteinfarkt er

  • brystsmerter, ofte med utstrålande smerter i armar, hals og nakke
  • ein blir tungpusta
  • kvalme med eller utan oppkast

Det er likevel variasjon i symptombilete når det gjeld grad av smerte og kvar i kroppen ein kjenner smerta. Somme opplever at smertene er i øvre del av magen eller ryggen.

Ved mistanke om hjarteinfarkt skal ein alltid ringje 113. .

Dersom du sluttar å røyke no, er risikoen for hjarte- og karsjukdom redusert alt etter eitt døgn, og etter eitt år er tilleggsrisikoen på grunn av røykinga halvert.

Hjerneslag

Røyking doblar risikoen for hjerneslag. Røyking skader åreveggane og gjer at feitt samlar seg i blodårene. Røyking gjev stivare og trongare årer, og dette kan stanse blodtilførselen til hjernen og gje hjerneslag.

Eit slag kan føre til lammingar eller død. Ikkje alle som røykjer får slag, men alle som røykjer dagleg, har feittavleiringar i årene. Eit hjerneslag kjem plutseleg og uventa, og dersom du blir ramma, kan du få vanskelege og langvarige funksjonstap.

Symptom på hjerneslag er problem med å løfte, smile eller prate. Ring 113 dersom du eller nokon rundt deg har problem med ein eller fleire av desse tinga.

Røykeslutt vil redusere risikoen for hjerneslag. Dersom du sluttar å røykje, vil du etter 2–15 år ha same risiko for slag som ein ikkje-røykar.

Røykebein

Røykebein, eller claudicatio intermittens, kjem av åreforkalking som gir redusert blodtilførsel til beina. Sjukdomen blir kalla røykebein fordi tilstanden oftast rammar dei som røyker.

Sjukdomen gjev smerter i beina, og mange opplever at beinet er konstant kaldt. Ved alvorlege tilfelle har du også smerter i kvile. Det kan oppstå kaldbrann, slik at det angripne området må amputerast.

Dersom du sluttar å røyke, vil ikkje åreforkalkinga forsvinne, men meir oksygen i blodet vil betre tilstanden. Regelmessig mosjon over tid kan bidra til at små og nye årer finn nye vegar rundt det området som er angripe.

Kreft og røyking

​Røyking er den viktigste enkeltårsaka til kreft. Det er minst 40 ulike kreftframkallande stoff i tobakksrøyk, og sjølv små mengder tobakksrøyk kan skade arvestoffet ditt (DNA). Kreftceller kan utvikle seg dersom arvematerialet blir skadd.

Røyking aukar risikoen for svært mange kreftsjukdomar, som kreft i munnhola, den øvre del av luftvegane, overgangen mellom nase og svelg, matrøyret, magen, tjukktarmen, endetarmen, levra​, bukspyttkjertelen, nasehola og biholene, strupehovudet, lungene, livmora, livmorhalsen, eggstokkane, urinblæra, nyrene, urinleiaren og beinmergen.

Sluttar du å røyke, kan celler som er i eit forstadium til kreft få høve til å lækjast. Du vil redusere risikoen for mange krefttypar.

Dersom du blir utsett for helseskadelege stoff i arbeidslivet, som til dømes nikkel eller asbest, aukar kreftrisikoen særleg kraftig dersom du også røyker.

Lungekreft

Lungekreft er den kreftforma som tek flest liv i Noreg, både for kvinner og menn. Røyking er årsak til om lag 8 av 10 lungekrefttilfelle. Risikoen for å utvikle lungekreft aukar med talet på sigarettar du røykjer, talet på år du har røykt og røykestart i ung alder. Røykeslutt er viktig for å redusere risikoen for lungekreft.

Person som sitter på benk med mobil, med slutta-appen

Få hjelp til din snus- og røykeslutt

Det er enklere med litt hjelp. Bruk Slutta-appen, snakk med helsepersonell eller apotek, bruk legemidler, sjekk tilbudet på kommunens frisklivssentral.

Illustration: Helsedirektoratet

Andre helseskadar ved røyking

Fruktbarheit og helseskadar på foster

Røyking reduserer fruktbarheita hos både kvinner og menn. Dersom mor røyker under graviditeten aukar det risikoen for blant anna redusert fostervekst, for tidleg fødsel og dødfødsel. Negative helseeffektar relaterte til mors røyking i svangerskapet, kan følgje barnet langt inn i vaksen alder.

Auka fare for krybbedød

Dersom mor røyker under og etter svangerskapet, aukar faren for krybbedød. Risikoen avheng av kor mykje mor røyker.

Diabetes type 2

Røyking aukar risikoen for diabetes type 2. Risikoen er høgare for dei som røyker mange sigarettar om dagen, enn dei som røyker mindre eller er eksrøykarar. Røyking kan også verke inn på behandling av diabetes fordi nikotin gjer at blodårene trekkjer seg saman og dette reduserer hudsirkulasjonen og insulinabsorbsjonen.

Augesjukdom og nedsett syn

​Dei som røyker, har opptil fire gonger auka risiko for redusert skarpsyn på grunn av opphoping av avfallsstoff og celledød på netthinna, såkalla makuladegenerasjon, samanlikna med dei som ikkje røyker. Røyking doblar også risikoen for grå stær, augebetennelsar og tørre auge. Røyking under svangerskap aukar risikoen for ulike synsskadar hos barnet.

Auget og sansecellene vi ser med, krev mykje næring og energi frå blodet. Røyking påverkar blodomløpet, og når blodgjennomstrøyminga blir redusert, kan dette føre til varig synstap.

Røykjeslutt har store positive effektar for synet. Å slutte å røykje er den viktigaste livsstilsendringa du kan gjere for å ta vare på synet ditt.

App: Slutta

Get help to stop smoking or using snuff with the app Slutta.

Health benefits when you quit smoking

See what happens in your body when you stop smoking.

How addicted are you to smoking?

With this test you can get a pointer.

The Health Consequences of Smoking—50 Years of Progress: A Report of the Surgeon General. U.S. Department of Health and Human Services, Centers for Disease Control and Prevention, 2014.   

Health consequences of smoking 1–4 cigarettes per day. K Bjartveit, A Tverdal. Tobacco Control 2005; 14:315-320.   

Folkehelserapporten, Folkehelseinstituttet

Lungekreft (temaside), Kreftregisteret

Smoking and Eye Pathologies. A Systemic Review. Part I. Anterior Eye Segment Pathologies. Nita M, Grzybowski A. Curr Pharm Des 2017;23:629-638.   

Smoking and Eye Pathologies. A Systemic Review. Part II. Retina Diseases, Uveitis, Optic Neuropathies, Thyroid-Associated Orbitopathy. Nita M, Grzybowski A. Curr Pharm Des 2017;23:639-654.

Visualisering av antall dødsfall som skyldes røyking – Global Burden of Disease (GBD 2019) 

Innhaldet er levert av The Norwegian Directorate of Health

The Norwegian Directorate of Health. Helseskadar ved røyking . [Internet]. Oslo: The Norwegian Directorate of Health; updated Thursday, March 3, 2022 [retrieved Sunday, December 22, 2024]. Available from: https://www.helsenorge.no/en/snus-og-roykeslutt/helseskader-av-royking/

Sist oppdatert Thursday, March 3, 2022