Stønad til tannbehandling ved sjeldne diagnosar

Mange personar med medfødde, sjeldne medisinske tilstandar kan få stønad til undersøking og behandling hos tannpleier eller tannlege etter takstar fastsett av Helse- og omsorgsdepartementet.

Sjeldne diagnosar som gjev rett til tannbehandling

​Her finn du en liste over sjeldne medisinske tilstandar, eller sjeldne diagnosar, som kan gje rett til stønad til tannbehandling (SMT-listen, helsedirektoratet.no). 

Har du ein diagnose som står på lista, kan du ha rett til stønad til tannbehandling.

Tannlegen må ha avtale med Helfo

For at du skal få stønad, må tannlegen ha avtale om direkte oppgjer med Helfo.

Pasientbetaling du må dekke sjølv

Ettersom stønadsordninga ikkje dekker alle utgiftene, må du betale ein del av behandlinga sjølv.

Denne eigenbetalinga tel ikkje med i oppteninga til frikort for helsetenester.

Definisjonane på sjeldne medisinske tilstander som kan gje rett til stønad

Med sjeldne medisinske tilstandar siktar ein til enkeltdiagnosar som finst i talet på opp til 1:10 000 individ eller totalt ca. 500 personar i Noreg. Den sjeldne medisinske tilstanden din må vere medfødd og varig. SMT-lista over sjeldne medisinske tilstandar er delte i ein A- og ei B-liste:

  • A-lista: Viss du har ein diagnose som står på A-lista, har du krav på stønad til nødvendig tannbehandling. Dette gjeld ikkje ved behov for kjeveortopedisk behandling. Det er eigne reglar for stønad til slik behandling.

  • B-lista: Har du ein diagnose som er oppført på B-lista, er det eit vilkår at den sjeldne medisinske tilstanden eller behandlinga av tilstanden har ført til at du har auka behov for tannbehandling. Det er tannlegen som må ta stilling til om vilkåra for stønad er oppfylte i ditt tilfelle.

Spørsmål og meir informasjon

Les meir om tann- og munnhelse ved sjeldne diagnosar hos TAKO-senteret - Nasjonalt kompetansesenter for oral helse ved sjeldne diagnosar, ved Lovisenberg Diakonale Sykehus.

Dentistry tools

Who pays your dental bill?

Children receive free public dental treatment. In principle, adults have to pay themselves, however there are a number of exceptions.

Illustration: Morten Rakke / Helfo

Innhaldet er levert av Helfo

Helfo. Stønad til tannbehandling ved sjeldne diagnosar. [Internet]. Oslo: The Norwegian Directorate of Health; updated Friday, November 8, 2024 [retrieved Sunday, December 22, 2024]. Available from: https://www.helsenorge.no/en/sjeldne-diagnoser/stotte-til-tannbehandling/

Sist oppdatert Friday, November 8, 2024