Pengespel og avhengnad
Her finn du fareteikna på speleavhengnad, og informasjon om korleis ein kan få hjelp.
- Symptombilete
- Risikofaktorar og førebygging
Om lag 55 000 personar i Noreg har truleg problem med gambling og pengespel. Risikoen for å vere problemspelar er størst hos:
- menn
- personar med låg utdanning
- personar som får ei form for offentleg stønad
- personar med fødestad utanfor Noreg
Om pengespel i Noreg
Om lag 60 prosent av befolkninga i alderen 16–74 år speler pengespel kvart år. Dei mest populære spela er talspel og skrapelodd.
Speleautomatar på nett er dei spela som flest personar slit med å kontrollere.
Nye typar pengespel, plattformer og kanalar blir stadig utvikla, og tilbodet av fjernspel, blant anna via internett, veks. Ein stor del førespurnader til Hjelpelinjen for spilleavhengige og til behandlingsstader skriv seg frå spel frå utlandet.
Symptombilete
Du kan vere speleavhengig dersom du:
- ikkje kan kontrollere lysta til å spele
- bruker svært mykje tid og pengar på spel
- blir irritert dersom nokon forstyrrar spelet
- har ei sterk overtyding om at du kjem til å vinne
- har opplevd å kome i ein transeliknande tilstand når du speler, og å miste oppfatninga av tid og stad
Fleirtalet av dei som slit, har opplevd at spelinga går ut over:
- arbeid
- utdanning
- familie
- parforhold
- vener
Mange har lett for å undervurdere eller nekte for problema sine, og mange klarer også å skjule problemet. Det er vanleg at personen med speleproblem opplever skam og skuld, og det kan gjere terskelen høgare for å søkje hjelp.
Speleavhengige har større psykiske plager enn befolkninga generelt, og det er vanleg å oppleve angst eller depresjonar i samanheng med speleavhengnad.
Dersom du trur du er speleavhengig, bør du søkje hjelp tidleg slik at spelinga ikkje går utover økonomi, relasjonar, jobb eller utdanning.
Hjelpelinja for speleavhengige
Du kan ringe anonymt til Hjelpelinjen for spillavhengige på telefon 800 800 40.
Tenesta er open alle kvardagar mellom kl. 09:00 og 18:00. Det er gratis å ringje frå fasttelefon. På kvardagar kan du også bruke chat (11:00–15:00) og e-post (09:00-15:30) til post@hjelpelinjen.no.
Pårørande kan også ringje for å få hjelp.
Spillavhengighet Norge
Brukar- og pårørandeorganisasjonen Spillavhengighet Norge har meir informasjon og råd til deg som er spelavhengig og pårørande.
Dei har ei hjelpelinje du kan ringe anonymt på telefon 477 00 200. Tenesta er open alle kvardagar mellom kl. 09:00 og 15:00.
Du kan óg sende e-post til kontakt@spillavhengighet.no.
Nettstader og lågterskeltilbod
- Du finn meir informasjon om speleavhengnad på nettsidene til Kompetansesenteret for rus – region aust.
- Hjelpelinja for speleavhengige har informasjon om speleavhengighet og behandling
- Spillavhengighet Norge har informasjon om faresignal og hjelpetilbod
Risikofaktorar og førebygging
Dersom du speler pengespel, er det fleire ting du kan gjere for å minske sjansen for å bli avhengig:
- Bestem på førehand kor mykje du har råd til å tape.
- Bestem på førehand kor mykje tid du kan bruke på pengespel.
- Spel aldri for meir enn du kan fortelje til familie og vener.
- Tru aldri at du kan vinne tilbake det du har tapt.
- Lån aldri pengar for å spele.
- Søk økonomisk rådgjeving frå Nav, banken din eller andre profesjonelle rådgjevarar.
Snakk med fastlegen din
Fastlegen kan hjelpe deg og eventuelt tilvise vidare til spesialiserte behandlingstilbod.
Behandling over internett
Nettstaden Spillbehandling.no tilbyr fjernbehandling av speleavhengnad, og blir driven av Blå Kors spilleavhengighet.
Dataspill og avhengighet
Mange bruker mye tid på dataspill, men for de færreste blir spillingen et alvorlig problem. Her finner du tegn på spillavhengighet, og steder du kan få hjelp.