Kokain

Kokain er eit sentralstimulerande rusmiddel. Kokainrus kan gi auka følelse av energi og oppstemtheit, fordi signal om at ein er sliten, trøytt eller svolten blir dempa. Kokain er avhengigheitsskapande og helseskadeleg.

Kva er kokain? 

Kokain blir vunne ut av blada på den søramerikanske kokabusken (Erythroxylon coca). Kokain i pulverform blir framstilt ved å behandla kokablada med ulike kjemikaliar. Kokaplanten blir dyrka i hovudsak i Colombia, Peru og Bolivia, i austskråninga av Andesfjella. Særleg i latinamerikanske land er produksjonen av kokain er kontrollert av kriminelle kartell, og har store negative konsekvensar både for samfunn, miljø og individ. 

Kokain er ifølge European Monitoring Centre for Drugs and Drug Addiction (EMCDDA) det nest mest brukte ulovlege rusmiddelet i Europa etter cannabis (emcdda.europa.eu). 
 
Kokain blir oftast inntatt ved sniffing (“snorting”) gjennom nasen. Injisering og røyking er meir vanleg i andre land, men har også noko aukande utbreiing i Noreg. 
 
Rusmiddelet har ulike kallenamn, som "cola", "coke", "brus", "snow", "snowflake" eller "snø". Å ta kokain ute på byen blir for eksempel kalla å "snorte" eller å ta "ein nøkkel ". Mange av dei som oppgir å bruke kokain, bruker det i kombinasjon med alkohol og på fest. 

Akutte verknader av kokain 

Kokain hemmar reopptaket av dopamin og til ei viss grad noradrenalin og serotonin i sentralnervesystemet . Dette kan føre til eufori, auka vaktsamheit og energi. Det kan også føre til ein oversensibilitet for berøring, lyd og lys. 
 
Effektane av kokain kjem nesten med ein gong. Effektane varer frå minutt til éin eller nokre få timar, avhengig av dosen og måten rusmiddelet blir inntatt på. Dersom stoffet har høg reinheit, vil akutte verknader av inntak opplevast sterkare, og risikoen for negative helsekonsekvensar auke.  

Kokain og helse 

Kokainbruk, sjølv i avgrensa omfang, kan vere svært helseskadeleg – og i verste fall dødeleg. Helsekonsekvensane er avhengige av dose og måten stoffet blir inntatt på. 
 
Kokainbruk kan gi både fysiske og psykiske verknader:  
 
Fysiske 

  • rask puls 
  • auka blodtrykk 
  • hjarterytmeforstyrringar 
  • hjarteinfarkt eller slag – dette kan vere dødeleg 
  • utvida pupillar 
  • naseblødingar 
  • auka seksuell lyst og evne 

 
Psykiske 

  • rusfølelse/eufori 
  • oppstemtheit 
  • snakkesaligheit 
  • angst 
  • depresjon 
  • psykosar 

Kokain kan senke impulskontrollen og gjere at du opptrer meir ukritisk. Dette kan føre til at du lettare skader deg sjølv eller andre. 
 
Hos unge, der hjernen framleis er under utvikling, vil bruk av kokain vere særleg skadeleg. Jo yngre du er når du bruker rusmiddel, desto større er skadeverknadene, inklusive effektane på lang sikt.  

Er du gravid, bør du verken bruke kokain eller andre rusmiddel. Det er vist helseskadar på fosteret ved bruk av kokain . 

Blande kokain med andre rusmiddel eller medisinar 

Generelt bør du vere forsiktig med å blande ulike rusmiddel. Dette gjeld også kokain. Spesielt gjeld dette kombinasjon med alkohol. Ved bruk av alkohol og kokain i kombinasjon, blir stoffet kokaetylen danna. Kokaetylen har ei lengre verketid enn kokain aleine, og sterkare dopamineffekt, men har elles mange av dei same effektane som kokain har. 
 
Kokainbruk kombinert med alkohol er meir giftig for fleire av organa i kroppen, og er dermed meir skadeleg enn kokain brukt aleine. 
 
Om du bruker medisinar, kan dette påverke både effekten og skadeverknader av kokain. Det kan også vere særleg uheldig å blande kokainbruk med for eksempel bruken av medisinar mot depresjon.  

Kokain og avhengigheit 

Kokain er vurdert til å skape sterk avhengigheit. Rusverknaden av kokain er kortvarig, og kan gi følelse av velvære, auka sjølvtillit og energi. Det at rusen kjem raskt etter inntak, er noko av grunnen til at det er svært vanedannande. Ved bruk av kokain over tid blir toleranse utvikla, noko som betyr at du treng større og hyppigare dosar for å oppnå dei same effektane. 

Kokainbruk i Noreg og Europa 

I Noreg gir undersøkingar i ulike populasjonar oss kunnskap om bruken. I ei landsomfattande undersøking frå Folkehelseinstituttet (FHI) (tal publisert i 2023) oppgir cirka 4,7 prosent av unge mellom 16-30 at dei har prøvd kokain ein gong eller meir siste året (fhi.no). Bruken av kokain er meir vanleg blant gutar og i større byar som Oslo og i Austlandsområdet. Ein studie frå Oslo (tal publisert i 2023) viser at 17 prosent av gutane på Vg3 oppgav å ha prøvd kokain siste år, medan 8 % av jentene i same aldersgruppe oppgav å ha prøvd (PDF 1,7 MB, oslomet.no). 
 
På landsbasis ser vi også kjønnsforskjellar i sjølvrapportert bruk av kokain, og ein utelivsstudie frå Oslo og Austlandsområdet nokre år tilbake viste også tydelege kjønnsforskjellar i bruk, både sjølvrapportert bruk og i spyttprøver. Omtrent 14 % av respondentane i utelivsstudien oppgav å ha prøvd kokain i løpet av siste år (PDF 1 MB, fhi.no). 
 
Kokainbruk skjer ofte i samanheng med alkoholbruk. Blant ungdom som ikkje bruker alkohol er det få eller ingen som har prøvd andre rusmiddel. I ein rapport frå European Monitoring Centre for Drugs and Drug Addiction blir det rekna med at 2,3 millionar menneske mellom 15 og 34 år har brukt kokain det siste året, og dette utgjer 2,3 % av denne aldersgruppa (emcdda.europa.eu). 
 
Kripos rapporterer at reinheitsgrada i beslag i Noreg dei siste åra har auka gradvis, frå 32 % i 2014/2015, til 84 % i 2023 (PDF 1mb, politiet.no). Auka reinheitsgrad aukar risikoen for uheldige helsekonsekvensar.  

Opplever du problem knytt til rusmiddelbruk, eller er bekymra for nokon? 

Om du opplever problem knytt til din eigen rusmiddelbruk, bør du kontakte legen din eller rustenesta i kommunen. Dei kan hjelpe deg med vidare oppfølging. Hugs at legen har teieplikt, og at du ikkje risikerer straff ved å kontakte hjelpeapparatet.  
 
Du kan få rettleiing og støtte ved å kontakta Rusinfo.no anonymt, tlf. 915 08 588. 
 
Om du treng nokon å prate med eller er bekymra for nokon, kan du ta kontakt med helsesjukepleiar dersom du går på skulen, eller fastlegen din.  

RUSinfo

915 08 588

Ring eller chat med Rusinfo heilt anonymt, og få svar på det du lurer på om rus.

Andrews, P. (1997). Cocaethylene toxicity. Journal of addictive diseases, 16(3), 75-84.

Bakken, A. Ung i Oslo (2023). Ungdommsskolen og videregående skole. NOVA-Rapport-6-2023 (oslomet.no)

Bramness, J. & Edland-Gryt, M. (2023). Økende bruk av kokain. Tidsskrift for den norske legeforening. https://tidsskriftet.no/2023/12/kronikk/okende-bruk-av-kokain

Bretteville-Jensen A. L., Andreas, J. B. & Furuhagen, H. (2019). Utelivsstudien 2017. Rusmiddelbruk blant folk "på byen" i Oslo og seks andre byer på Østlandet. notat_rusmiddelbruk_folk_paa_byen2019.pdf (pdf). 

Cone, E.J. (1995). Pharmacokinetics and pharmacodynamics of cocaine. J Anal Toxicol 1995; 19: 459-78. 

Edland-Gryt, M. (2021). Cocaine Rituals in Club Culture: Intensifying and Controlling Alcohol Intoxication. Journal of Drug Issues, 0022042620986514. https://journals.sagepub.com/doi/abs/10.1177/0022042620986514

Edland-Gryt, M. (2021). Hva er det med kokain som gjør at det blir sett på som et ideelt rusmiddel i utelivet? Tidsskriftet forebygging.no, (3).DOI: https://doi.org/10.21340/j3qz-0p89

EMCDDA (2023). European Drug Report: Trends and developments. European Drug Report 2023: Trends and Developments | www.emcdda.europa.eu

Folkehelseinstituttet (2023). Narkotikabruk i Norge. Narkotikabruk i Norge - FHI 

Heradstveit, O., Skogen, J. C., Edland-Gryt, M., Hesse, M., Vallentin-Holbech, L., Lønning, K. J., & Sivertsen, B. (2020). Self-reported illicit drug use among Norwegian university and college students. Associations with age, gender and geography. Frontiers in Psychiatry, 11,  1424. 

Kripos (2024). Narkotika- og dopingstatistikk 2023. (pdf). 

Nutt, D. J., King, L.A. & Phillips, L.D (2010). Drug harms in the UK: a multicriteria decision analysis. The Lancet, 376(9752), 1558-1565.https://www.thelancet.com/journals/lancet/article/PIIS0140-6736(10)61462-6/abstract

Ryan S. A. (2019). Cocaine Use in Adolescents and Young Adults. Pediatr Clin North Am. 2019;66(6):1135-47. 

Pregolizzi, J., Breve, F., Magunsson, P, et al. (2022). Cocaethylene: When Cocaine and Alcohol Are Taken Together. Cureus 2022; 14: e22498. https://pubmed.ncbi.nlm.nih.gov/35345678/

Smid M. C., Metz T. D. & Gordon A. J. (2019). Stimulant Use in Pregnancy: An Under-recognized Epidemic Among Pregnant Women. Clin Obstet Gynecol. 2019;62(1):168-84.

Innhaldet er levert av The Norwegian Directorate of Health

The Norwegian Directorate of Health. Kokain. [Internet]. Oslo: The Norwegian Directorate of Health; updated Monday, June 3, 2024 [retrieved Sunday, December 22, 2024]. Available from: https://www.helsenorge.no/en/rus-og-avhengighet/kokain/

Sist oppdatert Monday, June 3, 2024