Lån av spesialvogn for barn med hoftelidingar

Du kan få låne spesialvogn til barn med hofteliding frå Nav hjelpemiddelsentral eller hjelpemiddellager. Helfo kan gi godkjenning til eit slikt utlån.

Barn med hoftefeil kan få stønad

Helfo kan gi godkjenning til utlån av spesialvogn for

  • barn med medfødd hoftefeil (hofteluksasjon eller hoftedysplasi) som blir behandla med gips eller Freijkas pute
  • små barn med erverva (ikkje-medfødde) hoftelidingar som blir behandla på same måte i ein kortare periode

Send søknad til Helfo

Du kan søkje om å få låne spesialvogn ved å bruke digitalt skjema. Legg ved ei legeerklæring som beskriv situasjonen til barnet

Dersom du ikkje kan bruke det digitale skjemaet, kan du i staden fylle ut og sende inn legeerklæringa som beskriv situasjonen til barnet, til Helfo, Postboks 2415, 3104 Tønsberg.

Utlevering av vogn

Når søknaden er handsama, får du eit vedtak frå Helfo i posten. Helfo sender ein kopi av vedtaket til Nav hjelpemiddelsentral i det fylket barnet er busett i.

Når du har teke imot vedtaket, tek du det med deg til Nav hjelpemiddelsentral i det fylket barnet er busett i, så får du utlevert vogna.

Viss hjelpemiddelsentralen ikkje har ei passande vogn til utlån, kan hjelpemiddelsentralen kjøpe inn ei ny vogn. Innkjøpet må avgrensast til «den rimelegaste vogna som fyller formålet».

Spesialvogna må leverast tilbake til hjelpemiddelsentralen når du er ferdig med henne.

Sakshandsamingstid for spesialvogn

Sakshandsamingstida er normalt inntil éi veke.

Content provided by Helfo

Helfo. Lån av spesialvogn for barn med hoftelidingar. [Internet]. Oslo: The Norwegian Directorate of Health; updated Friday, May 24, 2024 [retrieved Thursday, November 21, 2024]. Available from: https://www.helsenorge.no/en/refusjon-og-stotteordninger/tvillingvogn-og-spesialvogn/

Last updated Friday, May 24, 2024