Problematisk seksuell åtferd hos barn og unge

Omfanget av problematisk eller skadeleg seksuell åtferd hos barn og unge er stort. 30–50 prosent av alle overgrep mot barn og unge blir utført av andre barn og unge. Kva slags seksuell åtferd er problematisk, og når er det viktig å oppsøkje hjelp?

Kva er problematisk eller skadeleg seksuell åtferd?

Seksuelle handlingar kan delast i tre kategoriar: sunn og god seksuell åtferd, problematisk seksuell åtferd og skadeleg seksuell åtferd.

Kjenneteikn på problematisk eller skadeleg seksuell åtferd hos barn og unge

  • Det skjer ved bruk av trugslar eller tvang.
  • Det er skeivt maktforhold, ulikt modningsnivå eller stor aldersforskjell mellom barna.
  • Det skjer utan samtykke, det vil seie mot den utsette sin vilje.
  • Det skjer i ein upassande kontekst, som til dømes å onanere i klasserommet.
  • Det er prega av hemmeleghald og eller planlegging.
  • Det held fram sjølv om åtferda blir prøvd stoppa.
  • Den utsette er redd eller sint, eller prega av kjensler som frykt eller sinne.
  • Den utsette utagerer eller lukkar seg inne i seg sjølv.

Det mest vanlege er å utsetje nokon ein kjenner for denne typen handlingar. For somme gjeld dette søsken eller andre i familien.

Døme på problematisk eller skadeleg seksuell åtferd

Problematisk og skadeleg seksuell åtferd kan blant anna omfatte krenkingar og overgrep i form av:

  • beføling
  • oralsex
  • kyssing på delar av kroppen
  • samleie
  • tvinge andre til å ta på seg sjølv
  • presse eller tvinge nokon til å ta på andre seksuelt
  • seksuell trakassering på mobil eller i sosiale medium
  • produsere, oppbevare og dele nakenbilete, filmar eller anna seksuelt materiale utan samtykke

Årsaker til problematisk eller skadeleg seksuell åtferd hos barn og unge

Barn som utfører overgrep mot andre barn, gjer det av ulike grunnar. For somme er det å eksperimentere med gryande seksualitet, for andre er det å gjenta handlingar vaksne eller andre barn har gjort mot dei. Andre igjen opplyser å ha vorte eksponert for mykje sex mellom vaksne, til dømes gjennom pornografi. I tillegg kjem impulsive handlingar som ikkje er planlagde eller har klar årsak.

Å ha vore utsett for fysisk vald, emosjonell omsorgssvikt og seksuelle overgrep, aukar risikoen for at barn og unge utfører overgrep mot andre barn.

Kva kan vaksne gjere ved slik åtferd?

Barn som har skadeleg seksuell åtferd, treng vaksne som rettleier og set grenser. Reaksjonane frå vaksne bør vere tydelege, tilpassa barnet sitt modningsnivå og kome tidleg etter at hendinga har skjedd. Dei fleste barn stoppar når dei får reaksjonar frå vaksne.

Det er eit mål at desse barna skal utvikle ein sunn seksualitet der dei rettar seg etter andre sine grenser og ikkje eksponerer seg sjølv seksuelt. Det er derfor viktig at vaksne ikkje påfører barna skamkjensle knytt til eigen seksualitet. Mange unge nektar for å ha utført slik åtferd, og det blir sett på som ein normal reaksjon. Å nekte for slik åtferd aukar ikkje sjansen for nye hendingar.

Korleis søkje hjelp og kva slags hjelp kan gjevast?

For mange er det å snakke om seksualitet og seksuelt krenkjande åtferd prega av skam og uvisse. Vaksne kan vere usikre på om det dei har sett eller vorte fortalt, er innanfor det som blir kalla god og sunn seksuell åtferd. Å drøfte hendinga med andre er derfor nyttig.

Pårørande eller foreldre som har mistanke om eller oppdagar problematisk eller skadeleg seksuell åtferd, kan kontakte fastlege, helsesjukepleiar, skule-/kommunepsykolog eller barnevernstenesta for å drøfte det som har skjedd. Lærar eller anna personell ved skulen bør også involverast dersom hendingane har skjedd i tilknyting til skulen.

Tidleg innsats og tverrfagleg samarbeid er viktig

Nokre barn har seksuell åtferd som er svært alvorleg eller gjentek seg trass i sanksjonar frå vaksne. Då kan profesjonell hjelp vere nødvendig.

For å førebyggje overgrep og hjelpe sårbare barn og unge med utfordringar knytte til bekymringsfull og skadeleg seksuell åtferd, er det viktig at dei får hjelp så tidleg som mogleg. Ofte må fleire ulike etatar samarbeide, slik at barna får den hjelpa og støtta dei skal og bør få – når dei treng den.

Eit slikt samarbeid kan til dømes involvere familie og pårørande, skule/barnehage, helsesjukepleiar, Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT), barnevern, Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP), Politiet, Statens barnehus, kommunepsykolog og Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat).

Tips til konkrete tiltak

  • Stopp åtferda
  • Ta vare på begge partar for å førebyggje vanskar seinare
  • Kontakt relevante samarbeidspartnarar
  • Hald samråd for å planleggje vegen vidare
  • Lag tryggleiksplan

Eit samråd med deltaking frå fleire etatar bør haldast i løpet av få dagar etter utøving av skadeleg seksuell åtferd, slik at alle partar får ei felles forståing for kva som skal skje vidare.

Dei ulike instansane bør samarbeide med familien om å lage ein tryggleiksplan, som beskyttar andre barn og hindrar at barnet som utøver åtferda, blir sett i ein liknande posisjon igjen.

Statens barnehus kan hjelpe til juridisk, med til dømes drøfting om melding, avhøyr, utgreiing og vidare hjelp i systemet.

Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk

Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP) kan bidra med utgreiing og behandling. Behandlinga vil vere individuelt tilpassa det enkelte barnet. Aktuelle tema i behandlinga kan blant anna vere

  • å øve på å regulere eigne kjensler
  • å øve opp sosiale ferdigheiter
  • å auke kunnskapen om kva god og sunn seksualitet er
  • å forstå kva som utløyste hendingane og kva konsekvensar det har
  • å unngå gjentaking
  • å behandle eventuelle traume barnet har

Nokre få har behov for medikamentell behandling, dei fleste vil ha best effekt av samtaleterapi, eventuelt i kombinasjon med miljøterapi eller gruppesamlingar.

Ta vare på begge partar

Det er svært viktig å ta vare på begge partar for å førebyggje vanskar seinare. For somme vil det vere viktig med gjenopprettande prosess. Det vil seie at utøvar og utsett får hjelp til dialog, slik at dei kan møte på kvarandre på ulike arenaer utan å bli plaga.

Støtte til dei føresette

Dersom hendinga har skjedd i familien, til dømes mellom søsken, er det spesielt utfordrande for dei føresette. Dei har ofte behov for bistand frå hjelpeapparat for å sortere inntrykk og kjensler, og for vite korleis dei best kan vareta barna etterpå.

Korleis førebyggje problematisk eller skadeleg seksuell åtferd hos barn og unge?

For å utvikle ein sunn seksualitet og førebyggje krenkingar, er det er viktig at barn og unge får rettleiing om seksualitet og god seksuell åtferd. Dei treng trygge vaksne som kan vere gode rollemodellar for kva som er normal og akseptert seksuell åtferd, og som kan gje ærlege og konkrete svar på spørsmål om kropp og seksualitet.

Tips til kva du kan gjere for å førebyggje:

  • Ta initiativ til å snakke om tryggleik, grenser, kropp og seksualitet med barn og ungdom.
  • Skjerm barn frå å bli overdrive eksponert for pornografisk materiale.
  • Fortel barn og unge om at nettovergrep eller deling av bilete og filmar med seksualisert innhald kan vere strafflagde handlingar, som kan ha alvorlege konsekvensar for både for offeret og den som utøver handlinga.

Ettersom det å ha vore utsett for fysisk vald, emosjonell omsorgssvikt og seksuelle overgrep, aukar risikoen for at barn og unge utfører overgrep mot andre barn, er det veldig viktig med generell førebygging av denne typen grenseoverskridingar mot barn og unge.

Korleis snakke med barn og unge om kropp og seksualitet?

Du finn gode råd om korleis du kan snakke med barn og unge om kropp og seksualitet på nettsidene til Bufdir:

Seksuellatferd.no

Nettside med informasjon om sunn seksuell utvikling hos barn og unge, og håndtering av bekymringsfull og skadelig seksuell atferd.

Trafikklyset

En guide som kan hjelpe voksne å identifisere, vurdere og håndtere bekymringsfull eller skadelig seksuell atferd hos barn.

jegvet.no

Alderstilpasset informasjon om vold, seksuelle overgrep og mobbing.

Statens barnehus

Statens barnehus er et tilbud til barn, ungdom og deres familier når det er mistanke om at barn eller ungdom kan ha vært utsatt for eller vært vitne til vold eller seksuelle overgrep.

Politiet.no

Råd fra politiet om hva du bør gjøre ved vold og overgrep mot barn og unge.

rvts.no

De regionale ressurssentrene om vold, traumatisk stress og selvmordsforebygging (RVTS) er en ressurs for deg som i ditt arbeid møter mennesker berørt av vold og seksuelle overgrep, traumatisk stress, migrasjon eller selvmordsproblematikk.

V27 – Betanien sykehus

V27 er en ressursenhet ved Betanien sykehus i Bergen. De sprer kunnskapsbasert erfaring med skadelig seksuell atferd, underviser i samarbeid med RVTS og leder Nasjonalt klinisk nettverk.

Seksuellatferd.no. Til deg som er foresatt eller pårørende [Internett]. De regionale ressurssentrene om vold, traumatisk stress og selvmordsforebygging (RVTS) [hentet 2021-12-15]. Tilgjengelig fra: https://www.seksuellatferd.no/foresatt-eller-parorende/

Seksuellatferd.no. Håndtering av skadelig seksuell atferd [Internett]. De regionale ressurssentrene om vold, traumatisk stress og selvmordsforebygging (RVTS) [hentet 2021-12-15]. Tilgjengelig fra: https://www.seksuellatferd.no/handtering-av-bekymringsfull-skadelig/ 

Seksuellatferd.no. Skadelig seksuell atferd [Internett]. De regionale ressurssentrene om vold, traumatisk stress og selvmordsforebygging (RVTS) [hentet 2021-12-15]. Tilgjengelig fra: https://www.seksuellatferd.no/skadelig-seksuell-atferd/

Innhaldet er levert av The Norwegian Directorate of Health

The Norwegian Directorate of Health. Problematisk seksuell åtferd hos barn og unge. [Internet]. Oslo: The Norwegian Directorate of Health; updated Thursday, January 6, 2022 [retrieved Saturday, December 21, 2024]. Available from: https://www.helsenorge.no/en/psykisk-helse/problematisk-seksuell-atferd-barn-og-unge/

Sist oppdatert Thursday, January 6, 2022