Tennvæske kan gje alvorlege lungereaksjonar

Svelging av tennvæske kan føre til alvorlege lungereaksjonar. Ikkje framkall brekningar. Ta litt å drikke. Ved sterk hoste eller symptom frå luftvegane skal du ringje 113. Dersom du ikkje har desse symptoma, skal du ringje Giftinformasjonen for råd.

En mann heller på tennvæske på en kulegrill med grillkull.

Tennvæske kan gje alvorlege lungereaksjonar ved svelging.

Ein liten slurk tennvæske kan gje symptomer

Tennvæske er eit petroleumsdestillat. Det har spesielle eigenskapar som gjer at det kan kome over luftvegane sjølv ved vanleg svelging. Ein liten slurk tennvæske kan føre til alvorleg lungepåverknad.  

Følg godt med dei første timane etter smaksuhell

Det er heldigvis mange uhell med tennvæske som går fint. Du bør likevel vere merksam på symptom dei første 6 timane etter eit uhell. Ring Giftinformasjonen for vurdering om du kan sjå an heime, eller om du bør kontakte lege. Dette vil vere avhengig av korleis uhellet skjedde, kven det skjedde med, og kva symptom det har vore. 

Førstehjelp ved svelging

  • Ikkje framkall brekningar.  
  • Gje litt drikke.  
  • Ved alvorlege symptom skal du ringje 113.   
  • Kontakt Giftinformasjonen for råd om vidare oppfølging og behandling.   

Kva skjer vidare?

Vidare oppfølging er avhengig av fleire faktorar: 

  • korleis uhellet skjedde 
  • om det er ein vaksen eller eit barn 
  • kva symptom personen har hatt 

Dersom det ikkje har oppstått nokon symptom innan 6 timar etter uhellet, er det lite fare for alvorlege symptom.  

Søl i auge   

  • Skyl straks med rennande, lunka vatn i 15 minutt.  
  • Kontakt lege ved vedvarande ubehag.  

Søl på hud  

  • Skyl og vask huda godt med mild såpe og lunka vatn.  

Symptomer 

Ved svelging  

  • Du kjenner kvalme og oppkast.  
  • Hoste, tungpust og pusteubehag er teikn på lungepåverknad.  
  • Store inntak kan i tillegg føre til sløvleik og nedsett medvit.  

Søl i auge  

  • Du kjenner irritasjonssymptom.

Søl på hud  

  • Tennvæske er avfeittande og kan gje tørr hud.   
  • Kortvarig kontakt med tennvæske på hud kan gje irritasjon.   
  • Langvarig hudkontakt kan i tillegg gje utslett og sår.  

The Norwegian Poison Information Centre offers a helpline to provide assistance when needed

22 59 13 00

24-hour telephone line

Content provided by The Norwegian Poisons Information Centre

The Norwegian Poisons Information Centre. Tennvæske kan gje alvorlege lungereaksjonar . [Internet]. Oslo: The Norwegian Directorate of Health; updated Monday, May 13, 2024 [retrieved Tuesday, July 16, 2024]. Available from: https://www.helsenorge.no/en/poison-information/produkter-og-kjemikalier/tennvaske/

Last updated Monday, May 13, 2024