Symptomar ved forgiftning med tromsøpalme
Tromsøpalme inneheld plantesaft som kan gje kraftig hudutslett. Utslettet svir, er gjerne raudt og eksemliknande, og væskefylte blemmer kan utvikle seg. I verste fall kan det utvikle seg arr og permanente pigmentforandringar i huda.
Denne typen utslett oppstår i tilfelle der du først får plantesafta på huda, for deretter å vere ute i sollys. Det tar gjerne eitt til tre døgn etter soleksponering før reaksjonen i huda oppstår.
Førstehjelp etter kontakt med tromsøpalme
- Vask huda godt med såpe og vatn så raskt som mogleg.
- Unngå deretter direkte sollys i minst to døgn.
- Bruk solkrem med høg faktor, eller dekk til det aktuelle hudområdet.
- Unngå bading og svømming i to døgn, då dette kan medføre forverring.
- Kontakt lege dersom det utviklar seg sår.
Beskriving av tromsøpalme
Kjenneteikn på tromsøpalme:
Sveip: Manglar både storsveip og småsveip.
Blad: Store blad, finna med spisse, flika småblad.
Stengel: Grov og kantete, innhol. Inntil 5 cm tjukk. Jamt raudfarga nedst på stengel.
Blome: Kvit. Ytre blomar i dei ytre småskjermane har større kronblad utover.
Rot: Ingen spesielle kjenneteikn.
Høgde: To til fem meter høg.
Lukt: Ingen spesiell lukt.
Voksestad: I bjørkeskog og lier, skogkantar, eng, langsmed bekker og på tangvoll, elles i vegkantar og på skrotemark. Vanleg i kyststrøk i Nord-Noreg frå Finnmark til Nordland. Fleire stader i Sør-Noreg også.
Identifikasjon av giftige skjermplantar i Noreg
Poisonous umbellifers in Norway
Appar som identifiserar planter
Det er viktig å hugse at alle kilder til informasjon må brukast med fornuft. Det er alltid lurt å sjekke fleire kilder. Treffsikkerheit varierer og er avhengig av fleire faktorar.
Artsorakel er Artsdatabanken sin app og nettstad, og er gratis. Den kan identifisere viltvoksande og ein del forvilla planter i norsk natur.
Generelle tips for bruk av planteappar:
- Ta gode bilete (fokus).
- Bruk fleire bilete.
- Ta bilete av ulike plantedelar (for eksempel blome, stengel, blad).
- Sett deg inn i korleis appen bør brukast og kva slags avgrensingar den har.
Når du har fått forslag til namn på planta, bør du søke på plantenamnet i ei kjelde til og samanlikne. Ei anna kjelde kan vere ein blomsterflora, nettside du stolar på eller kyndige personar.