Tidløs er svært giftig

Tidløs (Colchicum autumnale) er ein svært giftig plante. Kontakt Giftinformasjonen dersom nokon har smakt på tidlaus. Ved alvorlege symptom, ring 113.

Tidløs med små lilla blomster på kort stilk , voksende i mørk jord

Tidlaus er ein giftig plante, som liknar mykje på krokus. I motsetning til krokus blomstrar derimot tidlaus om hausten. Om våren kan blada forvekslast med ramslauk, noko som kan gi svært alvorleg forgifting.

Symptom ved forgifting med tidløs

Heile planten inneheld giftstoff. Dersom barnet ditt smaker tidløs, kan det : 

  • vondt i magen 
  • kvalme 
  • oppkast 
  • diaré 

Ved større inntak kan andre og meir alvorlege symptom oppstå.

Førstehjelp ved forgifting med tidløs

  • Fjern eventuelle planterestar frå munnen til barnet. 
  • Gi litt drikke. 
  • Kontakt Giftinformasjonen dersom barnet ditt har smakt på tidløs. 
  • Ved større inntak eller alvorlege symptom, ring 113.

Skildring av tidløs

Tidløs er ein hageplante som liknar på krokus. Planten blir 1520 cm høg, og blomstrane veks på ein forholdsvis kort stilk som går rett over i blomsteren. 

Blada som kjem om våren, visnar ned igjen. Blomstrane kjem som oftast om hausten. Tidløs kan skiljast frå krokus kor mange støvberarar planten har. Krokus har 3 og tidløs har 6 støvberarar. 

Lyse lilla  eller rosa blomsterblader på en forholdsvis kort stilk som går rett over i blomsten.

Contact the Norwegian Poisons Information Centre if you suspect a poisoning

22 59 13 00

The phone service is open 24 hours a day.

In case of severe symptoms call:

113

For healthcare professionals

Treatment recommendations for acute poisonings, prepared by the Norwegian Poison Information Centre.

Innhaldet er levert av The Norwegian Poisons Information Centre

The Norwegian Poisons Information Centre. Tidløs er svært giftig. [Internet]. Oslo: The Norwegian Directorate of Health; updated Thursday, January 4, 2024 [retrieved Friday, April 25, 2025]. Available from: https://www.helsenorge.no/en/poison-information/planter-og-bar-a-a/tidlos/

Sist oppdatert Thursday, January 4, 2024