Kantkonvall

Kantkonvall (Polygonatum odoratum) er ei plante med irriterande plantesaft. Kontakt Giftinformasjonen dersom du har ete fleire enn 8 til 10 bær frå kantkonvall.

Hvite, hengende, klokkeformede blomster med lys grønn kant, hengende på rad

Symptom ved forgifting med kantkonvall

  • svie i munn og/eller svelg
  • ​magesmerter
  • kvalme
  • oppkast
  • diaré

Førstehjelp ved forgifting med kantkonvall

  • Fjern eventuelle planterestar frå munnen.
  • Gje litt drikke.
  • Kontakt Giftinformasjonen dersom du har ete fleire enn 8 til 10 bær frå kantkonvall.

Skildring av kantkonvall

​Kantkonvall er ei viltvoksande plante som blir 20 til 40 cm høg. Stilken er tydelig kanta, med ringforma blad nede. Blada er i to rekkjer, og dei er tjukke, opprett, 5 til 10 cm lange.

Dei kvite, hengande, klokkeforma blomane sit einsleg øverst, nede ofte i par. Kantkonvall får blåsvarte bær med lyseblå voksoverdrag. Bæra kan bli 10 til 15 mm i diameter.

Hvite, hengende, klokkeformede blomster med lys grønn kant. Henger på rad på stilk, to enslige og to sammen i par

Ovale grønne blader med blå bær hengende på stilk

The Norwegian Poison Information Centre offers a helpline to provide assistance when needed

22 59 13 00

24-hour telephone line

Content provided by The Norwegian Poisons Information Centre

The Norwegian Poisons Information Centre. Kantkonvall. [Internet]. Oslo: The Norwegian Directorate of Health; updated Friday, August 30, 2024 [retrieved Friday, November 22, 2024]. Available from: https://www.helsenorge.no/en/poison-information/planter-og-bar-a-a/kantkonvall/

Last updated Friday, August 30, 2024