Gullranke er ei plante med mildt irriterande plantesaft

Gullranke (Epipremnum aureum) er ei plante som inneheld mildt irriterande plantesaft. Det er ufarleg å få i seg små mengder av planta, men milde og forbigåande symptom frå magen kan førekome.

Gullranke med 5 grøne blad ispedtt kvite flekkar, mot kvit bakgrunn

Gullranke er ei plante med mildt irriterande plantesaft, som kan gi milde og forbigåande symptom frå magen.

Symptom ved forgifting med gullranke

  • ubehag i munn
  • kvalme
  • oppkast og diaré
  • utslett på hud ved søl med plantesaft

Førstehjelp ved forgifting med gullranke

Det er ufarleg å få i seg små mengder med gullranke, og små inntak kan sjåast an heime.

  • Gje litt drikke.
  • Fjern eventuelle planterestar frå munnen.
  • Vask og skyl hud ved søl av plantesaft.

Ved større inntak kontakt Giftinformasjonen for råd og vidare veileiing.

Contact the Norwegian Poisons Information Centre if you suspect a poisoning

22 59 13 00

The phone service is open 24 hours a day.

Innhaldet er levert av The Norwegian Poisons Information Centre

The Norwegian Poisons Information Centre. Gullranke er ei plante med mildt irriterande plantesaft. [Internet]. Oslo: The Norwegian Directorate of Health; updated Thursday, August 29, 2024 [retrieved Monday, December 23, 2024]. Available from: https://www.helsenorge.no/en/poison-information/planter-og-bar-a-a/gullranke/

Sist oppdatert Thursday, August 29, 2024