Georgine

Georgineslekta (Dahlia spp.) er ei planteslekt i korgplantefamilien. Felles for georginer er at alle er lite farleg å smake på.

En gul/oransje georgine med dyp farge i kjernen

Felles for georginer er at alle er lite farlege å smake på.

Symptom ved forgifting med georgine

​Georgine er ei lite farleg planteslekt, og vi forventar ikkje symptom om du tek ein liten smak.

Førstehjelp ved uhell med georgine

  • Fjern planterestar frå munnen.
  • Gi gjerne litt å drikke for å fjerne restar eller ubehageleg smak frå munnen.

Skildring av georgine

Georgine er eit kompleks av hagehybridar mellom artar frå Mexico. Plantane er fleirårige, men klarer seg ikkje gjennom vinteren. Blada er motsette på skaft. Korgene er store og variable, ofte fylt med gule, kvite, rosa eller fiolette blomar.

Gul georgine med mange kronblad

Innhaldet er levert av The Norwegian Poisons Information Centre

The Norwegian Poisons Information Centre. Georgine. [Internet]. Oslo: The Norwegian Directorate of Health; updated Thursday, August 29, 2024 [retrieved Monday, December 23, 2024]. Available from: https://www.helsenorge.no/en/poison-information/planter-og-bar-a-a/georgine/

Sist oppdatert Thursday, August 29, 2024