Fredlaus

Fredlaus (Lysimachia vulgaris) er ei plante i fredlausslekta. Fredlaus er ei ufarleg plante, og vi forventar ikkje symptom om du ved eit uhell får i deg ein liten bit.

Blomst med fem gule kronblad, som er rød i midten

Fredlaus er ei ufarlig plante, og vi forventar ingen symptom dersom du har fått i deg ein bit frå planta.

Symptom etter inntak av fredlaus

Fredlaus er ei ufarleg plante, og vi forventar ikkje symptom om du ved eit uhell får i deg ein liten bit.

Førstehjelp etter uhell med fredlaus

  • Fjern eventuelle planterestar frå munnen.
  • Gi gjerne litt å drikke for å fjerne restar eller ubehageleg smak frå munnen.

Skildring av fredlaus

​Fredlaus er ei fleirårig urt som kan bli opptil 150 cm lang. Stengelen er dunhåra. Blomane har 5–7 gule flikar, og begerkantar med raude kjertlar og hår i kanten. Bløminga skjer frå juni til august.

Fredlaus er vanleg å finne på fuktig, litt næringsrik torv eller mineraljord. Han finst òg i sumpskog, vatn, strender, bekkekantar, fukteng, grøfter og vegkantar. Fredlaus blir dyrka i hagar og forvillar seg lett.

Content provided by The Norwegian Poisons Information Centre

The Norwegian Poisons Information Centre. Fredlaus. [Internet]. Oslo: The Norwegian Directorate of Health; updated Friday, April 19, 2024 [retrieved Tuesday, July 16, 2024]. Available from: https://www.helsenorge.no/en/poison-information/planter-og-bar-a-a/fredlos/

Last updated Friday, April 19, 2024