Blåveis

Blåveis (Hepatica nobilis) er ei plante med mildt irriterande plantesaft. Ein liten smak gir vanlegvis ikkje symptom. Kontakt Giftinformasjonen dersom barnet ditt har ete større mengder blåveis.

Små blå blomster

Blåveis er ei plante med mildt irriterande plantesaft, og ein liten smak gir vanlegvis ingen symptom.

Symptom ved uhell med blåveis

Ein liten smak gir vanlegvis ikkje symptom.

Dersom barnet ditt har ete ei større mengde blåveis kan hen få

  • vondt i magen
  • kvalme
  • oppkast og/eller diaré

Ved smaksuhell med blåveis

  • Fjern planterestar frå munnen og gi litt drikke.
  • Kontakt Giftinformasjonen dersom barnet ditt har ete større mengder blåveisblomar.

Skildring av blåveis

​Blåveis er ein viltveksande, liten vårblome. Planta veks gjerne på kalkhaldig jord. Blåveis inneheld små mengder av ei flyktig olje med brennande smak.

The Norwegian Poison Information Centre offers a helpline to provide assistance when needed

22 59 13 00

24-hour telephone line

Content provided by The Norwegian Poisons Information Centre

The Norwegian Poisons Information Centre. Blåveis. [Internet]. Oslo: The Norwegian Directorate of Health; updated Wednesday, April 3, 2024 [retrieved Friday, November 22, 2024]. Available from: https://www.helsenorge.no/en/poison-information/planter-og-bar-a-a/blaveis/

Last updated Wednesday, April 3, 2024