Kjempebjørnekjeks kan gje kraftig hudreaksjon

Kjempebjørnekjeks (Heracleum mantegazzianum) inneheld plantesaft som kan gje kraftig utslett på hud. Kontakt Giftinformasjonen dersom du eller barnet ditt har hatt hudkontakt med kjempebjørnekjeks.

Bjørnekjeks kan gi kraftig hudreaksjon

​Kjempebjørnekjeks.

Symptom etter kontakt med kjempebjørnekjeks

​Kjempebjørnekjeks inneheld plantesaft som kan gje kraftig hudutslett. Utslettet svir, er gjerne raudt og eksemliknande, og væskefylte blemmer kan utvikle seg.

I verste fall kan det utvikle seg arr og permanente pigmentforandringar i huda. Denne typen utslett oppstår i tilfelle der du først får plantesafta på huda, for deretter å vere ute i sollys.

Det tar gjerne eitt til tre døgn etter soleksponering før reaksjonen i huda oppstår.

Førstehjelp ved kontakt med kjempebjørnekjeks

  • Vask huda godt med såpe og vatn.
  • Unngå deretter direkte sollys på eksponert hud i minst 2 døgn.
  • Bruk solkrem med høg faktor, eller dekk til det aktuelle hudområdet.
  • Kontakt lege dersom sår utviklar seg.

Beskriving av kjempebjørnekjeks

Kjenneteikn på kjempebjørnekjeks:

Sveip: Manglar både storsveip og småsveip

Blad: Meterlange, fleire gongar kopla eller finna, med spisse flikar

Stengel: Grov og kantete, innhol. Inntil 10 cm tjukk, raudflekka nedst

Blome: Kvit. Planten døyr oftast etter bløminga.

Rot: Ingen spesielle kjenneteikn

Høgde: To til fire meter høg

Lukt: Sterk anislukt

Voksestad: Skogkantar og eng, elles på vegkantar og anna skrotemark. Spreidd på austlandet opp til Lillehammer og i kyst- og fjordstrøk nord til Trøndelag, kanskje til Helgeland/Tromsø. Registrert funn i Finnmark (artsdatabanken).

Meir informasjon om fototoksiske skjermplanter kan du lese her: Fototoksiske skjermplanter.

Appar som identifiserar planter

Det er viktig å hugse at alle kilder til informasjon må brukast med fornuft. Det er alltid lurt å sjekke fleire kilder. Treffsikkerheit varierer og er avhengig av fleire faktorar.

Artsorakel er Artsdatabanken sin app/nettstad og er gratis. Den kan identifisere viltvoksande og ein del forvilla planter i norsk natur.

Generelle tips for bruk av planteappar:

  • Ta gode bilete (fokus).
  • Bruk fleire bilete.
  • Ta bilete av ulike plantedelar (for eksempel blome, stengel, blad).
  • Sett deg inn i korleis appen bør brukast og kva slags avgrensingar den har.

Når du har fått forslag til namn på planta, bør du søke på plantenamnet i ei kjelde til og samanlikne. Ei anna kjelde kan vere ein blomsterflora, nettside du stolar på eller kyndige personar.

Anna informasjon om skjermplanter

The Norwegian Poison Information Centre offers a helpline to provide assistance when needed

22 59 13 00

24-hour telephone line

Innhaldet er levert av The Norwegian Poisons Information Centre

The Norwegian Poisons Information Centre. Kjempebjørnekjeks kan gje kraftig hudreaksjon. [Internet]. Oslo: The Norwegian Directorate of Health; updated Friday, August 30, 2024 [retrieved Monday, December 23, 2024]. Available from: https://www.helsenorge.no/en/poison-information/planter-og-bar-a-a/bjornekjeks/

Sist oppdatert Friday, August 30, 2024