Alocasia-artar

Alocasia-artar inneheld irriterande plantesaft, og kan gi forbigåande symptom frå munn og mage-tarm systemet.

Bladplantar med store, skjoldforma blad.

Symptom ved forgifting med alocasia-artar 

Dersom barnet ditt har smakt på ein alocasia-plante, kan følgjande symptom oppstå: 

  • brennande kjensle på leppe og tunge 
  • sikling 
  • vondt i magen 
  • kvalme 
  • oppkast 
  • diaré 

Førstehjelp ved forgifting med alocasia-artar 

  • Fjern eventuelle planterestar. 
  • Gi litt drikke. 
  • Kalde produkt som isbitar, iskrem, yoghurt og liknande kan verke lindrande. 
  • Ved kraftige eller langvarige symptom kan du kontakte Giftinformasjonen for ei vurdering. 

Beskriving av alocasia-arter 

Alocasia-artar er stoveplantar, som til dømes Alocasia sanderiana. Dette er bladplantar med store, skjoldforma blad. Blomsterstanden består av eit hylster og ein kolbe.

The Norwegian Poison Information Centre offers a helpline to provide assistance when needed

22 59 13 00

24-hour telephone line

Innhaldet er levert av The Norwegian Poisons Information Centre

The Norwegian Poisons Information Centre. Alocasia-artar . [Internet]. Oslo: The Norwegian Directorate of Health; updated Monday, August 14, 2023 [retrieved Monday, December 23, 2024]. Available from: https://www.helsenorge.no/en/poison-information/planter-og-bar-a-a/alocasia/

Sist oppdatert Monday, August 14, 2023