Xylitol kan gi forgifting hos hund

Xylitol blir brukt som søtningsstoff i blant anna matvarer, tyggegummi og legemiddel. Hundar som et xylitol kan få alvorleg forgifting. Kontakt veterinær dersom hunden din har ete xylitol.

Tyggegummi med xylitol

Giftinformasjonen svarar ikkje på førespurnader om forgifting hos dyr. Kontakt veterinær dersom hunden din har ete xylitol.

Teikn på forgifting med xylitol

Hundar som et xylitol kan få lågt blodsukker (hypoglykemi). Dei første teikna kan komme 30–60 minutt etter inntak, men kan vere forseinka i opptil 12 timar etter inntak. Kliniske teikn på forgifting kan vere:

  • Oppkast
  • Skjelvingar
  • Slappheit
  • Ustøheit

Dyret kan vidare utvikle kraftig hypoglykemi, krampar og leversvikt. Nokre hundar utviklar akutt leversvikt 9 - 72 timer etter inntak utan å få hypoglykemi​.

Giftige mengder

​Kontakt veterinæren dersom hunden har ete over 0,1 g xylitol per kg kroppsvekt.

Behandling når hunden har ete xylitol

Kontakt veterinæren dersom du trur hunden din har​ fått i seg xylitol. Ulike typar behandling kan vere aktuelt:

  • Brekkmiddel (IKKJE SALT!)
  • Glukose​​
  • Overvake blodverdiar
  • Anna støttande behandling
  • Giftinformasjonen besvarar ikkje henvendelser om dyr
Stevia i pulverform, i boks, på flaske og i skei. Grønt underlag

Andre søtningsstoffer

Kan andre søtningsstoffer føre til forgiftning hos hund?

Illustration: Mona Makela / Mostphotos.com

Kontakt din veterinær ved forgiftninger hos dyr

Giftinformasjonen svarer ikke på henvendelser om forgiftning hos dyr.​​

Innhaldet er levert av The Norwegian Poisons Information Centre

The Norwegian Poisons Information Centre. Xylitol kan gi forgifting hos hund. [Internet]. Oslo: The Norwegian Directorate of Health; updated Wednesday, June 12, 2024 [retrieved Monday, December 23, 2024]. Available from: https://www.helsenorge.no/en/poison-information/hund-og-katt/xylitol-kan-gi-forgiftning-hos-hund/

Sist oppdatert Wednesday, June 12, 2024