Eingongsstønad ved heimefødsel

Når du har fødd heime, kan du få eingongsstønad frå Helfo.

Eingongsstønad på 3324 kroner

Kvinner som føder heime, har rett til eingongsstønad ved heimefødsel (fødsel utanfor institusjon).

Eingongsstønaden er på 3324  kroner for 2024 (3260 kroner i 2023).

Les meir om vilkåra for heimefødsel på denne sida:

Planlagd heimefødsel

Dersom du vil føde heime, må du vere frisk og ha eit normalt svangerskap med fødsel til termin.

Illustration: Mostphotos

Husk erklæring frå jordmor/sjukehus

Merk at du ikkje kan få stønaden dersom fødselen skjer i ambulanse.

Det er svært viktig at jordmor/sjukehus lagar ei skriftleg erklæring om at heimefødselen har funne stad heime hos den fødande.

Du som er heimefødande legg denne erklæringa med søknaden du sender til Helfo. 

Helfo må ha teke imot søknaden seinast innan seks månader etter fødselsdatoen til barnet.

Send søknad til Helfo

Du kan søkje om eingongsstønad etter heimefødsel ved å bruke digitalt skjema.

Du må leggje ved ei stadfesting frå helsepersonell på at du har fødd heime.

 

Papirskjema

Dersom du ikkje har moglegheit til å bruke det digitale skjemaet, kan du i staden fylle ut

Send søknaden til Helfo, Postboks 2415, 3104 Tønsberg.

Fullmakt ved kontakt med Helfo

Kontaktar du Helfo på vegne av andre, må du ha fullmakt.

Les meir om korleis du kan ordne fullmakt ved kontakt med Helfo.

 

Innhaldet er levert av Helfo

Helfo. Eingongsstønad ved heimefødsel. [Internet]. Oslo: The Norwegian Directorate of Health; updated Thursday, April 25, 2024 [retrieved Sunday, December 22, 2024]. Available from: https://www.helsenorge.no/en/payment-for-health-services/engangsstonad-ved-hjemmefodsel/

Sist oppdatert Thursday, April 25, 2024