Kroppsmasseindeks (KMI) og midjemål

KMI og midjemål brukast for å vurdere risiko for sykdom. KMI blir også kalla BMI (Body Mass Index).

KMI som mål og vurdering av helserisiko

Kroppsmasseindeks (KMI),  er eit av måla ein ser på for å vurdera helserisiko og for å følgje utviklinga i kroppsvekt i befolkninga over tid.  KMI reknar ut forholdet mellom høgde og kroppsvekt, det vil seie kor mykje kroppsmasse ein har i forhold til høgda si.

Kroppsmassen består av feittvev, muskelvev og beinvev. Ei svakheit ved KMI er at den ikkje skil mellom kor stor del av kroppsmassen som kjem frå høvesvis feitt-, muskel- og beinvev.

Fedme (KMI over 30) gir over tid auka risiko for utvikling av ei rekkje sjukdomar og plagar, mellom anna:

  • diabetes type 2
  • hjarte-karsjukdom
  • fleire typar kreft
  • pustestopp om natta
  • artrose i hofter og kne

Midjemål for å vurdere helserisiko

For å vurdere risiko for sjukdom, er det av verdi å vita korleis feittet er fordelt på kroppen. Om feittet hovudsakeleg er fordelt rundt magen, er det meir helseskadeleg enn om feittet hovudsakeleg er fordelt rundt rumpe, hofte og lår. Difor bør ein i tillegg til KMI måle livvidda (midjemålet). Når ein stor del av feittet er fordelt rundt magen, aukar risikoen for diabetes type 2 og hjarte- og karsjukdom.

Midjemålet målast med eit målband rundt livet i navlehøgde.

Om du har overvekt eller fedme bør legen din også kartlegge andre faktorar, for å vurdere risikoen din for å utvikle sjukdom som   

  • blodtrykk
  • lipider (også kalla kolesterolverdiar)
  • diabetes
  • Levevanar (fysisk aktivitet, kosthald, tobakk og alkohol)
  • Pustestopp om natten (søvnapné)

KMI hos vaksne

Verdas helseorganisasjon (WHO) klassifiserer KMI slik for vaksne:

  • Mindre enn 18,5 er undervekt
  • 18,5–24,9 er normalvekt
  • 25–29,9 er overvekt
  • 30–34,9 er fedme grad 1
  • 35–39,9 er fedme grad 2
  • 40 og over er fedme grad 3

Menneske med stor muskelmasse kan ha høg KMI, men samtidig ha låg feittprosent, og har då ikkje økt helserisiko.  

Les mer om KMI og vektauke hos gravide.

Midjemål hos vaksne

For vaksne blir eit midjemål på over 88 centimeter hos kvinner og over 102 centimeter hos menn definert som bukfedme.

KMI hos barn

Barn og unge blir vurderte etter andre KMI-verdiar enn vaksne. KMI blir justert ut frå alder og kjønn hos barnet. Kjønns- og aldersjustert KMI blir kalla iso-KMI på norsk.

Dersom KMI hos barnet viser eit forhold mellom vekt og høgde over iso-KMI 25, kan det vere behov for å følge med på barnet si vektutvikling. Ta kontakt med helsestasjon, skulehelsetenesta eller fastlegen dersom du treng rettleiing.

Helsestasjonar brukar vekstkurver

På helsestasjonar er det vanleg å bruke vekstkurver på barn. Å bruke vekstkurver på ulike måletidspunkt gir ei god oversikt over utviklinga av høgd og vekt hos barnet over tid. På helsestasjonen brukar ein vekstkurver utan iso-KMI fram til 5 år. Frå 6-19 år brukar ein vekstkurver der iso-KMI er markert. 

Her kan du laste ned vekstkurver med oversikt over KMI-verdiar for barn (iso-KMI). 

Nordic Nutrition recommendations 2012. Integrating nutrition and physical activity København: Nordic Council of Ministers. 5th ed. Nord 2014:002. ISBN 978–92–893–2670–4. ISSN 0903–7004 1 627 Tilgjengelig fra https://www.norden.org/en/publication/nordic-nutrition-recommendations-2012

Institute of Medicine, National Research Council Committee to Reexamine IOMPWG Weight Gain During Pregnancy: Reexamining the Guidelines The National Academies Collection: Reports funded by National Institutes of Health 2009

Content provided by The Norwegian Directorate of Health

The Norwegian Directorate of Health. Kroppsmasseindeks (KMI) og midjemål. [Internet]. Oslo: The Norwegian Directorate of Health; updated Saturday, April 20, 2024 [retrieved Sunday, November 24, 2024]. Available from: https://www.helsenorge.no/en/overvekt-og-fedme/kroppsmasseindeks-KMI/

Last updated Saturday, April 20, 2024