Væske i mellomøyret (sekretorisk otitt)

Lufta i mellomøyret ditt må heile tida bli erstatta av ny luft. Mangel på luft kan gjere at du får betennelse i slimhinna.

Kva er sekretorisk otitt?

Sekretorisk otitt er ein betennelse i mellomøyret. Betennelsen gjer at mellomøyret ditt blir fylt med væske (sekret).  

Sekretorisk otitt er ikkje ein infeksjon og antibiotika har ingen effekt.

Symptom på væske i mellomøyret

Om du har væske i mellomøyret vil du oppleve å høyre dårlegare enn vanleg. Det er fordi væska hindrar den normale overføringa av lydar til det indre øyret ditt.

Årsaker til væske i mellomøyret

Årsaka er at det ikkje er nok lufting av mellomøyret. Lufta i mellomøyret ditt må heile tida erstattast av ny luft, via øyretrompeten. Mangel på luft kan føre til at du får ein betennelse i slimhinna. Då blir det produsert væske. Denne væska kan vere alt frå lett flytande til svært seig.  

Årsaker hos barn  

Dette skjer ofte hos barn når dei er forkjølte. Barn er generelt meir utsette for væske i mellomøyret enn vaksne.  Øyretrompeten fungerer dårlegare hos barn enn vaksne. Når barna blir eldre, er det mindre sannsynleg at dei får det.  

Ein stor såkalla falsk mandel (adenoid/polyppar) kan vere med på å blokkere øyretrompeten i svelget. Blokkeringa av øyretrompeten er ei vesentleg årsak til væske i mellomøyret. 

Årsaker hos vaksne  

Hos vaksne er det ofte eit problem med nasen eller biholene som gjer at du får væske i mellomøyret. Då kan slimhinna i øyretrompeten hovne opp og blokkere denne. Men tilstanden er sjeldan hos vaksne. 

Behandling av væske i mellomøyret

Tilstanden kan vare lenge om du ikkje behandlar han. Det er likevel også ein stor sjanse for at dette kan gå heilt over av seg sjølv.   

Om det ikkje har gått over i løpet av 2-4 månadar, bør legen din vurdere om du treng behandling. Det same gjeld om høyrsla di framleis ikkje har komme ordentleg tilbake.  

Hos barn kan operasjon av falsk mandel vere nyttig. Det kan gjere det mindre sannsynleg at dei får vatn i mellomøyret på nytt.  

Hos vaksne må legen undersøke om du har andre sjukdommar i nasen, svelget eller biholene. Desse kan nemleg vere grunnen til at du har væske i mellomøyret.  

Behandling med dren 

Ved å leggje inn eit ventilasjonsrøyr (dren) i trommehinna di for å lufte mellomøyret, vil betennelsen og høyrsletapet gå over i løpet av få dagar. Hos barn blir dette gjort med narkose. Drenet vil vanlegvis gå ut av seg sjølv i løpet av 6-12 månader. I dei fleste tilfelle vil sekretorisk otitt gå over av seg sjølv. Derfor er det vanleg å vente i 2-3 månader før det blir lagt inn dren, som raskt normaliserer høyrsla. Komplikasjonar med varig høyrsletap, anten på grunn av sjukdommen eller behandlinga med dren, er svært sjeldan.  

Går det over?

Nokre barn får oftare væske i mellomøyret enn andre. Nokon må derfor behandlast med dren fleire gonger for at dei ikkje skal gå i lange periodar av oppveksten med dårleg høyrsle. Det er vanleg at væske i mellomøyret hos barn blir meir sjeldan etter skulestart. Få barn har problemet etter at dei fyller 10 år.   

Varige skadar på trommehinna eller i mellomøyret med varig nedsett høyrsle finst, men dette er svært sjeldan. Det er viktig at øyre-nase-hals-legen følgjer deg opp med kontrollar.

Innhaldet er levert av The Norwegian Directorate of Health

The Norwegian Directorate of Health. Væske i mellomøyret (sekretorisk otitt). [Internet]. Oslo: The Norwegian Directorate of Health; updated Friday, January 12, 2024 [retrieved Sunday, December 22, 2024]. Available from: https://www.helsenorge.no/en/horsel/sykdommer-plager/vaeske-i-mellomoret/

Sist oppdatert Friday, January 12, 2024