Myggstikk

Myggstikk som er hovna opp og klør, kan vere ubehagelege. I Noreg er stikka ufarlege, men i ei rekkje land kan mygg overføre farlege sjukdomar. Du kan likevel beskytte deg mot stikk med myggmiddel og myggnett.

Bilde av en mygg som suger blod

Det er ei kjend sak at nokre personar tiltrekkjer seg fleire mygg enn andre. Sannsynlegvis kjem dette av visse luktstoff som myggen flyg etter, men kva for nokre er ikkje heilt klarlagt, trass mykje forsking.

Myggen orienterer seg både ved synet, ved luktesansane og ved at dei oppfattar varmeutstråling frå vertsdyret og vassdamp frå pusten. Karbondioksid frå pusten aktiverer myggane til å fly søkjande omkring. I tillegg er lukt frå huda, bl.a. mjølkesyre, tiltrekkjande.​

Vern mot myggstikk

Røyk frå bål er ein metode for vern mot mygg som har vore brukt i fleire hundre år. I dag er det vanleg å smørje myggmiddel på huda, i form av olje, stift, serviettar, spray og roll-on. Mange av midla inneheld dietyltoluamid (DEET). Stoffet er lite giftig, men kan irritere auge, nase og munnslimhinner. Det bør difor ikkje brukast nær auge og munn for å redusera overføring dit. Barn under tre år bør ikkje bruke middel med DEET.

På eldre barn bør slike midlar brukast med forsiktigheit og berre på mindre område av huda, og ikkje på hender. Alternativ kan myggmiddel påførast på utsida av kleda.

Mygg kan også nedkjempast med pyrethrum, anten frå sprayboks eller myggspiral. Nokre kan få luftvegsreaksjonar av å puste inn desse stoffa, og bør derfor puste inn minst mogleg av dette.

Finmaska myggnett over hovudet og i opne vindauge er eit anna effektivt vern mot mygg.

Vern mot myggstikk på reise

I land der det førekjem malaria og andre myggoverførte sjukdomar, er det fornuftig å bruke myggnett over senga. Nettet bør monterast slik at det blir så høgt som mogleg, men rekn med cirka 20 cm nedst som kan brettast inn under madrassen.

Dersom ein om natta får armar, bein eller andre kroppsdelar inn til nettveggen, vil myggen kunne suge blod gjennom duken. Eit godt tiltak er å impregnere nettet med permetrin. Permetrin til impregnering følgjer ofte med når ein kjøper myggnett. Dersom ein ikkje har dette tilgjengeleg, kan ein spraye nettet med ein myggspray.

​Aa E, Roland PDH. Riktig bruk av myggmidler [Internett]. RELIS [hentet 2024-05-21]. Tilgjengelig fra: https://relis.no/artikler/28937

Ingvaldsen CA, Aa E, Roland PDH.Verdt å vite om verdens mest brukte myggmiddel. RELIS [hentet 2024-05-21]. Tilgjengelig fra: https://relis.no/artikler/28090/

Content provided by Norwegian Institute of Public Health

Norwegian Institute of Public Health. Myggstikk. [Internet]. Oslo: The Norwegian Directorate of Health; updated Thursday, May 23, 2024 [retrieved Tuesday, July 16, 2024]. Available from: https://www.helsenorge.no/en/helse-og-miljo/insekter-og-skadedyr/myggstikk/

Last updated Thursday, May 23, 2024