Badeplassar og vasskvalitet  

Det er sjeldan personar blir sjuke av å bade på badeplassar i Noreg, men nokre omsyn bør du ta. 

Slik finn du informasjon om kvaliteten på badevatnet

Kommunane har ansvaret for å følge med på kvaliteten på vatnet der folk badar i saltvatn, elvar og innsjøar. Kommunen kontrollerer vatnet etter anbefalte normer eller direktiv. Du vil som oftast finne informasjon om badevatnet på nettsidene til kommunen eller andre stadar der kommunen informerer om sine tenester. 

Unngå å bli sjuk når du badar 

Det er ikkje vanleg at folk blir sjuke av å bade i Noreg, fordi det er god kontroll av badevasskvaliteten dei fleste stadar. I nokre tilfelle er det lurt å ta nokre førehandsreglar eller unngå å bade. Dette gjeld spesielt for små barn og personar med nedsett immunforsvar, leversjukdom eller sensitiv hud.  

Ver merksam:  

  • viss vatnet er misfarga, grumsete eller har eit slimaktig belegg   
  • etter kraftige styrtregn eller der vatnet kan vere forureina på andre måtar  
  • i vatn med mykje vadefuglar og siv  
  • i brakkvatn og sjø med lågt saltinnhald  
  • dersom det ligg søppel, skarpe skjel eller anna ein kan skjere seg på (bruk helst badesko) 

Misfarga eller grumsete vatn

Unngå å bade der vatnet er sterkt misfarga, har eit slimaktig belegg  eller er svært grumsete.   

Somme typar blågrønalgar (cyanobakteriar) kan danne eit grønt, gult eller brunt belegg på vassoverflata og produsere giftstoff. Dette blir kalla algeblomster og gjeld spesielt for ferskvatn. 

Giftstoffa kan vere farlege for dyr, som beitedyr eller hundar, men også for menneske.  

Eksponering for cyanobakteriar i badevatn kan føre til allergiske reaksjonar som liknar på høyfeber, astma-, hud-, auge- og øreirritasjonar. Giftstoff kan òg føre til øm og hoven lever, kvalme, oppkast og magesjuke. Inhalasjon kan føre til symptom som liknar på lungebetennelse.  

Om du allereie har bada i slikt vatn, bør du ta ein dusj etterpå og tørke deg godt. Om du går med badetøy eller andre klede som har blitt våte av vatn med høgt innhald av cyanobakteriar, bør du skifte så fort du kan. 

Les mer om cyanobakteriar på FHI sine nettsider.  

Om våren kan det dannast ei gulfarga hinne på vatnet som vanlegvis kjem pollen av frå furu. Dette er heilt ufarleg.

Bilde av blågrønnalger cyanobakterier i vann

Belegg av blågrønalgar (cyanobakteriar) i vatn.

Forureining etter kraftig styrtregn

Unngå å bade rett etter kraftige styrtregn. Regnet førar med seg mykje partiklar og stoff i vatnet, og kan òg innehalde kloakk frå til dømes røyrnettet og overløp i kummar. Badevatnet kan då få forhøgde verdiar av tarmbakteriar frå menneske og dyr.   

Om ein svelger forureina vatn kan ein få mageproblem og diaré, og nokon kan få hudreaksjonar.   

Tarmbakteriar formeirar seg ikkje i vatn og blir brotne raskt ned av solstrålar. Det blir anbefalt som ein hovudregel å vente eitt døgn etter kraftige styrtregn med å bade. Om du likevel har bada, kan det vere lurt å ta ein dusj.

Forureining frå andre kjelder

Badevatnet kan òg bli forureina via industri, kloakkutslepp frå land, tømming av septikk frå båtar, husdyr som beitar i vasskanten eller gjødseltømming nær bekkar og vassdrag.   

Er det beitande dyr, gjæser eller hestar i nærleiken av vatnet, kan dei legge igjen ekskrement i vasskanten. Då bør du vere ekstra merksam på hygiene og vaske hendene før du et. Pass på at små barn ikkje får i seg ekskrement når dei badar eller leikar i sanden. Vatn bør heller ikkje svelgast. Det er anbefalt å ta ein dusj etter strandturen.  

Om du mistenker at du eller barnet ditt kan ha svelgt noko som er giftig, kan du ta kontakt med Giftinformasjonen på tlf. 22 59 13 00. 

Parasittar i vatn med mykje vadefugl og siv 

I nokre innsjøar eller dammar med mange vadefuglar og mykje siv med sniglar, kan du få symjekløe (cerkariedermatitt). Det startar med litt kilande eller prikkande kjensle i huda, for så å bli eit kløande myggstikkliknande utslett.  

Det kløande utslettet blir forårsaka av parasittar (iktar) som vanlegvis infiserer ulike artar av fuglar som er i ferskvatn. Parasittane kan førekome i alle innsjøar med høg vasstemperatur. Parasitten er ikkje farleg for menneske, men forårsakar i varierande grad ein allergisk reaksjon.   

Hevelsar i bein og armar, forstørra lymfeknutar, feber, kvalme og diaré kan førekome.

Les meir om symjekløe og korleis du kan førebygge det

Bakterier i brakkvatn og sjø med lågt saltinnhald 

Nokre stadar langs kysten der det er lågt saltinnhald eller brakkvatn, kan det førekome bakteriar som Vibrio og Shewanella. Desse finst naturleg i sjøen, og dukkar ofte opp når det er varmt i vatnet over lengre tid (rundt 20 grader).   

I Noreg er det er størst sannsyn for at bakteriane dukkar opp i Oslofjorden og langs sørlands- og Telemarkskysten på varme somrar. Bakterien kan trengje inn gjennom opne sår i huda.

Bakteriane kan gi infeksjonar 

Bakteriane Vibrio og Shewanella kan gi milde eller alvorlege infeksjonar, spesielt om du har opne sår, skader eller ferske tatoveringar på huda. Eldre, personar med leversjukdom, personar med immunsvikt (til dømes personar som brukar  immundempande medisinar)  og hemokromatose er òg spesielt utsette. 

Dei vanlegaste infeksjonane er: 

  • lett øyregangsinfeksjon 
  • rosen  
  • milde sårinfeksjonar 

Bakteriane kan òg føre til alvorleg blodforgifting, og kallast stundom "kjøtetande" fordi dei i nokre tilfelle kan skade kjøtvevet. Dette er svært sjeldan. 

Nokon Vibrio- og Shewanella-artar kan òg gi mage-tarm-infeksjonar om du et rå eller underkokte skaldyr, spesielt østers.

Korleis unngår eg bakteriane? 

  • Bruk badesko på strender med mykje stein og skjel.  
  • Får du rifter og sår i vatnet, bør du gå raskt opp, skylje såret i ferskvatn og tørke godt.  
  • Har du sår allereie, bør du dekke til dette med eit heildekkande, vasstett plaster.   
  • Følg med på sår etter bading. Forverrar det seg bør du straks oppsøke lege og fortelje at du har bada.  

Les meir om infeksjonar og bakteriar i sjøvatn på FHI sine nettsider

Badevasskvalitet i utlandet 

Når du reiser til nye stadar, er det lurt å følge råda over og sjå på omgivnadane før du badar.   

Det meste av badevatnet i Europa er veldig bra, men også her kan forureina overflate- og grunnvatn ha noko å seie, og kan forverrast av det endra klimaet. EU har eit eige program for medlemslanda sine (og dessutan Albania og Sveits) for oppfølging av badevasskvalitet. Her finn du kart over status for vasskvalitet i Europa (eea.europa.eu)

Bakteriane Vibrio og Shewanella trivst i vatn som er varmt over lang tid. Dei er vanlege i land som grensar til Austersjøen, Svartehavet, Marmarahavet og nokre stadar langs kystlinjene i Nord-Amerika og Søraust-Asia.   

Folkehelseinstituttet tilrår deg å følge lokale smittevernråd når du reiser til utlandet.

European Environment Agency. State of bathing waters (badevann-oversikt i EU-landene (inklusive Sveits og Albania)). Tilgjengelig fra: https://www.eea.europa.eu/themes/water/interactive/bathing/state-of-bathing-waters 

FHI. Bakterier i sjøvann kan gi infeksjoner (om cyanobakterier – forekomst, helse og forebygging, samt om infeksjoner i sjøvann). Tilgjengelig fra: https://www.fhi.no/sm/badevann/bakterier-i-sjovann-kan-gi-infeksjoner/ 

FHI. Vibrio- og shewanellainfeksjoner – håndbok for helsepersonell. Tilgjengelig fra:  https://www.fhi.no/sm/smittevernhandboka/sykdommer-a-a/vibrionaceaeinfeksjoner/?term= 

Helsedirektoratet (2024). Friluftsbad – kommunens oppfølging og kontroll med badevannskvaliteten [nettdokument]. Oslo: Helsedirektoratet (siste faglige endring 28. juni 2024, lest 01. juli 2024). Tilgjengelig fra:  https://www.helsedirektoratet.no/tema/miljo-og-helse/friluftsbad 

 

Innhaldet er levert av The Norwegian Directorate of Health

The Norwegian Directorate of Health. Badeplassar og vasskvalitet  . [Internet]. Oslo: The Norwegian Directorate of Health; updated Friday, July 5, 2024 [retrieved Sunday, December 22, 2024]. Available from: https://www.helsenorge.no/en/helse-og-miljo/badeplasser-og-vannkvalitet/

Sist oppdatert Friday, July 5, 2024