Førstehjelpsskrin

Du bør ha førstehjelpsutstyr heime, i bilen og på hytta, i tilfelle det skjer eit uhell. Ha utstyret lett tilgjengeleg, men i sikker avstand for små barn.

Innhald i førstehjelpsskrinet

Alle førstehjelpsskrin bør innehalde:

  • Plaster, kompress, bandasjar og sårteip
  • Sårvask og saltvatn til reinsing av sår og skol av auget
  • Små dottar av gassbind (tupferar) for reinsing av sår
  • Termometer
  • Pinsett og saks
  • Ispose
  • Eingongshanskar
  • Glas eller flaske til augeskol
  • Branngelé
  • Munn-til-munn maske eller duk
  • Febernedsetjande og smertelindrande medisinar (tilpassa riktig alder)
  • Medisinsk kol (ved forgiftingar)
  • Krem mot kløe

Hugs å fylle på utstyr når noko er brukt eller gammalt. For at utstyret skal vare lengst mogleg, bør du oppbevare det tørt og i romtemperatur.

På tur er det i tillegg lurt å ha med teppe og vern mot vind for å hindre nedkjøling, og refleksvest, telefon, kart og navigeringsutstyr.

Informasjon om posisjonen din

Dersom du ringjer 113, blir posisjonen din spora, men det er ein fordel om du kan fortelje kvar du er. Det er lurt at barn lærer si eiga adresse så tidleg som mogleg, slik at dei kan informere om kvar dei ringjer frå i ein eventuell naudsituasjon.

På hytta kan ein naudplakat vere til hjelp for å forklare posisjonen din. Hos Kartverket kan du lage din eigen naudplakat med posisjon og adresse.

Eigenberedskap

I tillegg til førstehjelpsutstyr bør du ha eit eige beredskapslager i tilfelle naturkatastrofe, terror eller ekstremvêr. Sjå kva du bør ha i beredskapslageret ditt på nettsidene til Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap.

Bilde av jodtablettene Jodix

Jodtabletter ved atomulykker

Dersom det skjer ei atomulykke, rår styresmaktene personar under 18 år, gravide og ammande til å ta jodtablettar. Statens strålevern vil då gi beskjed. Ikkje ta jodtablettar utan at styresmaktene har oppmoda til det.

Illustration: Aleksandr Davydov/Mostphotos

Akutt medisinsk hjelp

113

Tror du at tilstanden er farlig eller lett kan bli det, skal du straks ringe medisinsk nødtelefon 113.

Legevakt

116 117

Ring legevakten når det haster å få hjelp eller hvis fastlegen ikke er tilgjengelig.

Døgnåpent

Kontakt Giftinformasjonen

Du kan kontakte Giftinformasjonen ved spørsmål om forgiftninger og forgiftningsfare.

Content provided by Nasjonal kompetansetjeneste for prehospital akuttmedisin (NAKOS)

Nasjonal kompetansetjeneste for prehospital akuttmedisin (NAKOS). Førstehjelpsskrin. [Internet]. Oslo: The Norwegian Directorate of Health; updated Friday, October 27, 2023 [retrieved Sunday, November 24, 2024]. Available from: https://www.helsenorge.no/en/forstehjelp/forstehjelpsskrin/

Last updated Friday, October 27, 2023