Nakkesleng – Whiplash
Nakkeslengskade (whiplash) er kjenneteikna av smertefull og stiv nakke. Nokon får i tillegg hovudverk og konsentrasjonsvanskar. Nakkeslengskadar går vanlegvis over i løpet av nokre få dagar eller veker, men plagene kan i enkelte tilfelle vare lenger.
- Hva er Nakkesleng (Whiplash)?
- Symptom på nakkesleng
- Sjølvhjelp og råd
Hva er Nakkesleng (Whiplash)?
Dersom hovudet ditt plutseleg blir kasta hardt fram og tilbake, som i ein piskesnert, kan du få nakkeslengskade. Denne skademekanismen kallar vi nakkesleng (whiplash). Nakkemusklane og ligamenta (bindevevet som held nakkevirvlane saman) blir strekte meir enn vanleg og kan bli forstrekte.
Nakkesleng oppstår oftast ved bilulykker, men kan òg oppstå ved ein idrettsskade og ved slag mot nakken når du fell.
Symptom på nakkesleng
Ved nakkeslengskade kjennest nakken stiv og smertefull ut, særleg når du bevegar på han. Smerta kjennest truleg verre ut dagen etter skaden. Desse symptoma kan oppstå i løpet av dei to til fire første dagane etter skaden:
- stivheit i nakken
- hovudverk
- smerter i skuldrer eller mellom skulderblada
- smerter i korsryggen
- konsentrasjonsvanskar og irritabilitet
- svimmelheit, øyresus eller synsforstyrringar (dette bør gå raskt over, elles må du kontakte lege)
Du bør gå tilbake til legen din igjen dersom
- smertene blir verre
- smertene varar lengre enn fire til seks veker
- du kjenner deg kjenslelaus i kroppen, svak eller har prikking og stikking i arm eller hand
Alvorlege nakkeslengskadar krev sjukehusbehandling. Nakkevirvlane eller ryggmergen kan ein sjeldan gong bli skadd.
Sjølvhjelp og råd
Ved nakkeslengskade gjer det vondt å bøye nakken i visse retningar, men det er viktig å bøye nakken i det smertefrie området fleire gonger i løpet av dagen. Det hindrar at nakken stivnar til. Ein fysioterapeut eller lege kan gi deg råd om korleis du bør bevege nakken, og kva slags øvingar som kan hjelpe mot nakkesmerter. Forsking viser at det er mindre sannsynleg at du får kroniske nakkeproblem dersom du følgjer desse råda. Nakkeøvingar for å halde nakken rørleg har sannsynlegvis betre effekt dersom du byrjar å gjere øvingane med éin gong etter skaden. Dette kallar vi tidleg mobilisering.
Prøv å komme tilbake til vanlege rutinar så snart som mogleg etter ein nakkeslengskade. Dette kan dessutan bidra til å redusere kroniske smerter og stivleik i nakken.
Er du blant dei som søv på sida? Prøv å snu puta på tvers og pakke ho godt inn mot nakken og hovudet, slik at hovudet blir løfta opp i vassrett stilling. Slik søv du betre og unngår strekk i nakken.
Å kvile nakken ved å bruke ein mjuk nakkekrage hjelper sannsynlegvis ikkje. Ei undersøking viste at personar som brukte nakkekrage og tok to veker fri frå arbeidet, hadde større sannsyn for vedvarande smerter, stivleik og hovudverk enn dei som raskt kom tilbake til dei vanlege aktivitetane sine.
Legemiddel
Smertestillande legemiddel hjelper mot nakkesmertene – særleg dei første dagane etter skaden når smerta som oftast blir verre. Fleire ulike typar medikament kan brukast til å behandle smerter. Paracetamol er trygt dersom du følgjer instruksjonane på pakka. Unngå å ta for mange tablettar. Ein overdose kan vere årsak til farleg leverskade.
Ikkje-steroide antiinflammatoriske legemiddel (NSAIDs), som ibuprofen, reduserer smerte og verkar betennelsesdempande òg. Du kan få milde biverknader av NSAIDs, som magesmerter og diaré. Brukar du NSAIDs over lang tid, kan det gi magesår og mage-/tarmblødingar.
Det finst sterkare smertestillande som legen kan skrive ut til korttidsbruk, men desse kan òg gjere deg avhengig og gi abstinenssymptom når du sluttar å ta dei etter lang tids bruk.
Smerte og stivleik etter nakkeslengskadar går vanlegvis over i løpet av nokre dagar eller veker. I enkelte tilfelle varar plagene lenger. Opptil 2 av 5 personar har framleis nokre symptom 15 år etter skaden. Ved langvarige plager bør du oppsøkje lege igjen.
Nakkesleng – Whiplash. Helsebiblioteket, 2022.
Whiplash (pdf). Originalbrosjyre fra BMJ Best Practice, 2021.