Korsbandskade (fremre)

Avriving av det fremre korsbandet er ein vanleg idrettsskade og kan gjere kneet ustabilt. Opptrening med rettleiing kan hjelpe, men er du veldig aktiv, kan du trenge ein operasjon.

Korleis oppstår ein korsbandskade?

Avriving av fremre korsband er vanleg i idrettar som inneber raske vendingar, vridingar eller hopping, for eksempel basketball, slalåm, fotball eller turn. Det er størst risiko for at det fremre korsbandet ryk dersom du overstrekkjer eller vrir kneleddet. Men direkte slag mot kneet eller foten kan òg forårsake skaden.

Symptom på korsbandskadar

For enkelte er skaden veldig smertefull, mens andre merkar mindre til han. Skaden gjer kneet ustabilt, og enkelte kjenner eit knepp når leddbandet ryk.

Dersom korsbandet ryk under idrett, må du truleg avbryte aktiviteten. Rask hevelse i kneet er vanleg, men ikkje alle legg merke til det.

Behandling av korsbandskadar

Val av behandling avheng delvis av kor alvorleg skaden er, og om du har pådrege deg skade i andre delar av kneet. Er du veldig aktiv, har ein fysisk jobb eller driv mykje med idrett, treng du intensiv fysioterapirettleia opptrening og kirurgi for å byggje opp att leddbandet. Lever du eit meir inaktivt liv, er det ikkje sikkert du treng like mykje behandling.

Kort tid etter skaden

Dei første dagane bør du kvile kneet og halde det høgt. Is hjelper mot smerter og hevelsen, men isen bør pakkast inn i eit handklede for å hindre frostskade på huda. Komprimering med ein elastisk bandasje hjelper òg mot hevelsen.

Ibuprofen er eit reseptfritt legemiddel som verkar både betennelsesdempande og smertestillande. Ved behov kan legen føreskrive eit sterkare legemiddel enn ibuprofen.

Dersom det er mistanke om skadar inne i kneet, er det vanleg å bestille ei MR-undersøking.

Du blir truleg tilrådd krykker eller ei kneskinne, eventuelt begge delar, for å beskytte leddet når du begynner å røre deg. Forsiktige vektberande øvingar med krykker kort tid etter skaden kan bidra til å redusere smerter, hevelse og stivheit. Seinare er skånsam aktivitet på ergometersykkel eller i symjebasseng gode måtar å få rørt seg på utan å belaste kneet for mykje. Snakk med fysioterapeuten eller legen om korleis du bør trene, og kor snart.

For den mindre aktive

Opptrening må tilpassast behovet til den enkelte. Du kan få eit heimetreningsprogram av fysioterapeuten dersom du

  • ikkje har ein fysisk krevjande jobb
  • ikkje driv aktivt med sport
  • ikkje ønskjer kirurgisk behandling
  • er hemma av annan sjukdom eller alder

Enkelte bruker òg ei kneskinne i spesielt belastande situasjonar.

Treninga tek sikte på å styrkje musklane rundt kneet. Dette støttar leddet og bidreg til å kompensere for ustabiliteten forårsaka av det avrivne leddbandet. På sikt kan du bevege deg som normalt. Fysioterapi kan òg lære deg å bevege kneet på ein måte som ikkje utset det for skadar. Av og til kan det vere lurt å slutte med enkelte aktivitetar til kneet blir betre.

For den moderat aktive

Dersom du liker golf, symjing, sykling, jogging og tennis, set desse aktivitetane større krav til opptrening. Fysioterapeuten kan rettleie deg og hjelpe til med å tilpasse ei støtteskinne.

For den svært aktive

Har du ein jobb med store krav til fysisk utfalding, for eksempel i byggebransjen, politiet eller militæret, blir du tilrådd kirurgisk behandling. Det gjeld òg personar som driv med sport på eit høgt nivå.

Kirurgisk behandling har som føremål å byggje opp det avrivne leddbandet. Denne typen kirurgi tek vanlegvis éin til tre timar. Operasjonen kan gjerast med kikholskirurgi gjennom fleire små kutt i huda eller med open kirurgi gjennom eit større kutt. Du får anten generell anestesi som gjer at du søv, eller ein injeksjon ved utgåande nervar i ryggen som gjer deg kjenslelaus i nedre del av kroppen.

Du kan vere klar for operasjon innan éi eller to veker etter skaden, men det er ingen hast med avgjersla. Det går heilt fint å ombestemme seg.

Sjølv om korsbandsrekonstruksjonar er svært vanlege, inneber dei risiko, mellom anna infeksjonsfare, blodpropp i ein vene (djup venetrombose) eller skade på nervar eller blodårer i kneet. Nokon endar opp med mindre rørsleevne i kneet etter operasjonen eller får smerter rundt kneskåla. Du bør diskutere grundig med kirurgen om moglege risikoar og fordelar ved operasjon.

Kor raskt du kjem tilbake til ein normal kvardag etter operasjonen, avheng mellom anna av kor god form du er i, og kor alvorleg kneskaden er. Full rehabilitering kan ta mellom seks og tolv månader. Dei fleste kan springe etter omtrent fire månader og er klar for anstrengande aktivitetar etter åtte månader.

Det er viktig å følgje opp med fysioterapi nokre dagar etter operasjonen. Men du må ikkje bli for ivrig, og du må halde deg til fysioterapeuten sine instruksar. Dersom du trenar for hardt for tidleg, kan det skade kneet eller til og med øydeleggje det gjenoppbygde leddbandet.

Du må vere i rimeleg god form for å vere eigna for kirurgi. Generelt sett er det ingenting i vegen for at eldre kan velje operasjon dersom skaden påverkar kvardagen. Snakk gjerne med legen om kva type behandling som er best for deg.

Har du først fått ein skade på fremre korsband, aukar dette risikoen for å få slitasje i kneet seinare. Det er uklart om kirurgi for å gjenoppbyggje korsbandet kan redusere denne risikoen.

Kirurgi gir best sjanse for at kneet blir sterkt og stabilt nok til å kunne drive med krevjande aktivitetar, men dette avheng av at du følgjer eit fysioterapiprogram. Av idrettsutøvarar med eit avrive fremre korsband kjem cirka 7 av 10 tilbake i same form som før skaden.

Dersom du begynner med idrett att, er god teknikk og fotarbeid viktig for å førebyggje ny skade. Det er òg viktig å styrkje musklane rundt kneet, gjere balanseøvingar og at du generelt er i god form.

Akutt medisinsk hjelp

113

Tror du at tilstanden er farlig eller lett kan bli det, skal du straks ringe medisinsk nødtelefon 113.

Legevakt

116 117

Ring legevakten når det haster å få hjelp eller hvis fastlegen ikke er tilgjengelig.

Døgnåpent

Korsbånd - skade på fremre korsbånd. Helsebiblioteket.no, 2024.

Anterior cruciate ligament injury (pdf). Originalbrosjyre frå BMJ Best Practice, 2021.

Innhaldet er levert av Helsebiblioteket/BMJ

Helsebiblioteket/BMJ . Korsbandskade (fremre). [Internet]. Oslo: The Norwegian Directorate of Health; updated Tuesday, June 18, 2024 [retrieved Sunday, December 22, 2024]. Available from: https://www.helsenorge.no/en/forstehjelp/behandling-av-skader/korsbandskade/

Sist oppdatert Tuesday, June 18, 2024