Fødselsangst

Fødselsangst er ei oppleving av sterk uro eller frykt for å føde. Angsten kan vere så stor at det påverkar livet ditt og korleis du fungerer i kvardagen. Dei aller fleste som opplever sterk frykt, får det betre med hjelp.

Kva er fødselsangst

Det er heilt vanleg å kjenne på uro og bekymring for at noko skal gå gale med ein fødsel. Dei fleste gravide har tankar om risiko for barnets og eiga helse, eller redsel for at det skal oppstå alvorlege komplikasjonar under fødselen. Problema oppstår når desse tankane tek svært mykje plass.

Ein går ut frå at mellom 5 og 20 prosent av alle gravide har angst for å føde, og nokre av desse ser keisarsnitt som einaste løysing.

Symptom på fødselsangst

Fødselsangst dreier seg om ei oppleving av uro eller frykt for å føde. Dersom frykta for å føde blir så alvorleg at:

  • ho hemmar deg i det daglege livet
  • du får problem med å sove
  • du får problem med å konsentrere deg
    kan det kallast fødselsangst.

Fødselsangst kan variere frå sterk uro til meir lammande panikk og dødsangst.
Det er også vanleg å ha vonde og krevjande tankar, som til dømes at du ikkje vil vere ein god forelder eller at det skal oppstå skadar på barnet eller deg sjølv under fødselen. Nokre med fødselsangst kan også ha meir generell angst eller vere deprimerte.

Kvinne er deprimert etter fødsel

Fødselsdepresjon

Å være gravid og å få barn er en stor omstillingsprosess, både fysisk og psykisk. Det er vanlig å føle seg psykisk sårbar i denne livsfasen, og mange opplever også depressive plager.

Illustration: Ana Ado / Mostphotos

Risikofaktorar

Årsaka til fødselsangst er ofte samansett. Likevel er nokre årsaker vanlegare enn andre:

  • tidlegare angst/depresjon
  • tidlegare fødslar som har vore vanskelege
  • tidlegare vonde sjukehusopplevingar
  • tidlegare overgrep eller krenkingar
  • ulike belastningar anten i notid eller i fortid
  • frykt for å miste kontroll
  • redsel for det ukjende
  • redsel for smertene
  • frykt for at noko skal gå gale med deg eller barnet

Behandling av fødselsangst

Behandling for fødselsangst er nødvendig når frykta er så altoverskyggjande at kvardagen i stor grad blir påverka negativt. Dei aller fleste som opplever sterk frykt, får det betre med hjelp. Det er viktig å snakke med jordmor eller lege så tidleg som mogleg. På den måten kan de finne ut kva som er den beste hjelpa for deg og korleis du kan få ekstra oppfølging om du treng det.

Behandlinga av fødselsangst går i hovudsak ut på at du, i samtale med helsepersonell, får ei forståing av angsten og hjelp til å takle han. Vidare behandling vil også vere avhengig av årsakene til at du har angst. Nokre kan ha utbyte av terapi hos psykolog.

Informasjon er ein viktig del av behandlinga

God informasjon og kunnskap om fødsel kan ha god nytte. Du kan også få hjelp til å utarbeide ein fødselsplan som gjev deg høve til å kunne påverke fødselssituasjonen Dette kan bidra til betre graviditet, betre oppleving av fødsel og dermed at familien får ei betre barseltid.

Dei fleste kvinneklinikkar tilbyr fødselsførebuande samtalar til kvinner med fødselsangst. I denne samtalen kan det vere aktuelt å snakke om:

  • kva du er redd for
  • rutinar på fødeavdelinga
  • smertelindring
  • fødestillingar

Målet er at det skal opplevast som trygt å føde, og at fødselen skal bli ei så positiv oppleving som mogleg.

A newborn baby

Where and how to have your baby in Norway

Your midwife and GP will help you to choose where to have your baby. This depends on where you live, of your health, risk of complications during labour, and if you have a straightforward pregnancy.

Illustration: Johnér Bildbyrå AB

Sjølvhjelp og råd

Ta kontakt med fastlegen din eller jordmor

Her finn du råd om korleis du kan førebu deg til ein samtale med helsepersonell og kva som kan vere lurt å tenkje på undervegs.

Det kan kjennast trygt å ha med seg den som skal vere saman med deg i samband med fødselen – til dømes partnaren din eller ein annan nær pårørande – i møte med legen.

Tenk gjennom kva det er du er redd for

Det er viktig at du prøver å setje ord på kva du er mest redd for og er så konkret som mogleg. Skriv det gjerne ned. Forsøk å tenkje gjennom kva du trur du treng for å bli trygg. Då er det lettare å gje deg den hjelpa du treng.

Feel life

Tips for pregnant women on how to monitor your baby’s movements. Information in Arabic, English, Norwegian, Polish, Somali, Spanish, Tigrinya and Urdu.

Zanzu

Information about pregnancy, childbirth and the postnatal period in Arabic, English, Farsi, French, Norwegian, Polish, Somali, Tigrinya and Turkish aimed at immigrants and others with a short period of residence.

Content provided by Oslo University Hospital

Oslo University Hospital. Fødselsangst. [Internet]. Oslo: The Norwegian Directorate of Health; updated Wednesday, September 21, 2022 [retrieved Sunday, November 24, 2024]. Available from: https://www.helsenorge.no/en/childbirth/fodselsangst/

Last updated Wednesday, September 21, 2022