Eigendelar på sjukehus og poliklinikk

Dersom du skal få behandling ved sjukehus eller poliklinikk, må du i utgangspunktet vere tilvist av lege, kiropraktor eller manuellterapeut. Dersom du treng legehjelp, må du ringje fastlegen din eller den kommunale legevakta.

Smilende sykepleier følger pasient nedover sykehuskorridor.
Foto: Morten Rakke / Helfo

Dersom du treng hjelp straks, kan du ringe akuttmedisinsk nødhjelpssentral på 113.

Det er det regionale helseføretaket (RHF) som er ansvarleg for å tilby sjukehustenester til innbyggjarane i regionen. På nettstadene til dei enkelte helseføretaka finn du meir informasjon om det regionale helseføretaket du høyrer til, og kva det kan tilby av helsetenester.

Det er gratis å bli innlagd på sjukehus i Noreg.

Du betaler eigendel på poliklinikk

Dersom du blir behandla på ein poliklinikk (utan å bli innlagd), må du som regel betale ein eigendel. I tillegg til eigendel ved konsultasjon må du som regel betale eigendel ved røntgen- og ultralydundersøkingar og ved nukleærmedisinske biletundersøkingar når du ikkje er innlagd på sjukehus.

Godkjende eigendelar tel med i grunnlaget for frikort eigendelstak 1. Har du fått frikort, skal du i hovudregelen ikkje betale eigendel. 

Nokre pasientgrupper får fritak frå å betale eigendel. Det gjeld mellom anna ved

  • undersøking og behandling i samband med graviditet og fødsel
  • undersøking og behandling av barn under 16 år (for psykiatrisk behandling av barn og ungdom slepp alle under 16 år å betale)
  • godkjend yrkesskade
  • allmennfarlege smittsame sjukdomar

Pasientbetaling

I enkelte tilfelle må du betale for bandasje- og forbruksmateriell eller andre tenester i tillegg til eigendelen. Dette kallar vi pasientbetaling eller gebyr, og det tel ikkje med i grunnlaget for frikort med eigendelstak 1.

Pasientbetaling må du dekkje sjølv, det speler inga rolle om du har frikort eller er friteken frå å betale eigendelar.

Full eller delvis pasientbetaling

For enkelte behandlingstilbod er det innført full eller delvis pasientbetaling. Dette gjeld ved

  • assistert befrukting – inntil tre forsøk
  • sterilisering av menn
  • sterilisering av kvinner utan medisinsk indikasjon
  • kirurgisk innsetjing av implantat ved marginal periodontitt
  • rituell omskjering av gutebarn

Dersom sterilisering av kvinner blir gjort av medisinske grunnar, skal det betalast vanleg eigendel.

Fritt behandlingsval

Ved planlagd behandling kan du gjennom ordninga fritt behandlingsval velje sjølv kva sjukehus du ønskjer å bli behandla ved.

Behandling ved private sjukehus

Staten dekkjer i utgangspunktet ikkje utgifter til behandling ved private behandlingsstader.

Du får derimot dekt utgifter til behandling ved alle private behandlingsstader som er omfatta av fritt behandlingsval. Dette gjeld private behandlingsstader som har avtale med eit regionalt helseføretak eller godkjenning frå Helfo. Her gjeld dei same reglane for utgiftsdekning som for offentlege behandlingsstader. På mange private habiliterings- og rehabiliteringsinstitusjonar må du betale ein eigendel.

Velg behandlingssted finn du ei oversikt over alle behandlingsstadene du kan velje mellom.

Eigendelar og eigenbetalingstakstar

 Eigendelstakstar på poliklinikkSats 
Undersøking, behandling, kontroll på poliklinikk av spesialist351 kroner
Røntgen, ultralyd eller nukleærmedisinsk undersøking250 kroner

 

Eigendelstak for frikort ​Sats
​Eigendelstak 1

​2 258 kroner

Eigendelstak 1 omfattar godkjende eigendelar ved behandling hos lege, psykolog og på poliklinikk, for radiologisk undersøking og behandling, laboratorieprøvar og medisinar og utstyr på blå resept samt for pasientreiser.

Du får automatisk frikortet i posten innan tre veker når du har nådd eigendelstaket (når du har bustadadresse i Noreg). Når du viser frikort, betaler du normalt ikkje fleire eigendelar under eigendelstak 1 resten av kalenderåret.

 

Pasientbetaling/gebyr på sjukehus eller poliklinikk

​Pasientbetaling må dekkast fullt ut av pasienten og tel ikkje med i grunnlaget for frikort eigendelstak 1.

Type Sats
Pasientgebyr for manglande oppmøte/avbestilling 702 kroner
​​(Gjeld det poliklinisk helsehjelp innan psykiatri eller rusbehandling, skal det ikkje krevjast høgare gebyr enn 351 kroner.)
Utskrift av pasientjournal / kopi av røntgenbilete85 kroner
Utgifter til bandasjemateriell/bedøvingsmiddel, maksimalt75 kroner
Pasientbetaling på sjukehus eller poliklinikk ved sterilisering eller rituell omskjering av gutebarn

Helfo dekkjer ikkje utgifter til sterilisering av menn. Når det gjeld sterilisering av kvinner, er det pasientbetaling når behandlinga skjer utan medisinsk indikasjon. Pasientbetaling må dekkast fullt ut av pasienten og tel ikkje med i grunnlaget for frikort eigendelstak 1. 

Type Sats
Sterilisering av menn1 268 kroner
Sterilisering av kvinner6 079 kroner
​Rituell omskjering av gutebarn​4 000 kroner

 

Pasientbetaling på sjukehus eller poliklinikk ved marginal periodontitt (tannkjøtssjukdom)

Pasientbetaling må dekkast fullt ut av pasienten og tel ikkje med i grunnlaget for frikort eigendelstak 1.

Type Sats
Første implantat6 500 kroner
Per implantat i tillegg2 550 kroner