Du har en nettleser som vi ikke støtter. Les om godkjente OS/nettleserversjoner

Hopp til hovedmeny Hopp til innholdet

Høyreapparat

Eit høyreapparat er eit teknisk hjelpemiddel som hjelper deg til å høyre betre. Høyreapparatet kan aldri erstatte normal høyrsel, men det er ei god støtte.

Det fins mange typar høyreapparat. Kva type som passar best for deg er først og fremst avhengig av størrelsen på høyrselstapet ditt. Andre viktige faktorar som speler inn er syn og om ein har god rørsle i fingrane.

Dersom du ønskjer å få ei vurdering av høyrselen din, tar du kontakt med fastlegen din. Fastlegen kan tilvise deg til vurdering hos øyre-nase-hals-spesialist og audiograf.

Treng du høyreapparat?

Det vere lurt å tenke over din eigen situasjon når det gjeld høyrsel før du kjem til legen.

  • Er du motivert til å få hjelpemiddel dersom det viser seg at du høyrer dårleg?
  • Kva situasjonar kjenner du at du slit med høyrselen?
  • Kva forventningar har du?

Du må gjerne spørje familie eller vener om dei legg merke til endringar i høyrselen din.

Vurdering av høyrselstap og behov for høyreapparat

Ved første konsultasjon vil du som oftast treffe både lege og audiograf. Legen, ein øyre-nase-hals-spesialist, sjekker øyrene dine for øyrevoks og eventuelle øyresjukdommar. Ein audiograf er spesialist innan høyrsel og høyreapparat.

Audiografen tar høyreprøve av deg og går igjennom resultatet med deg. Dersom det er aktuelt å prøve høyreapparat, får du vite kva type som passer best til høyrselstapet ditt. De blir einige om vidare forløp i lag. Du får ny time for å få tilpassa sjølve apparatet når det har kome frå leverandøren.

Tilpasning og utprøving av høyreapparat

​Det er audiografen som følgjer deg vidare. Audiografen tilpassar og programmerer høyreapparatet slik at det passar til høyrselen din, og så får du det på utlån. Du vil få all nødvendig informasjon om korleis du skal handtere høyreapparatet. For ein førstegongsbrukar dukkar det ofte opp mange spørsmål. Mange synes det er godt å ha med seg nokon til timen, fordi ein skal gjennom mykje informasjon.

Du blir fulgt opp med kontrollar i utprøvingsperioden. Kor mange kontroller du treng, er avhengig av korleis utprøvingsperioden går.

Sjå ventetider og vel behandlingsstad

Du har rett til å velje behandlingsstad for alle undersøkingar og behandlingar du blir tilvist for. På Velg behandlingssted vil du sjå at ventetidene kan variere.

Kontroller etter utprøvingsperioden

​Når utprøvingsperioden er avslutta, tilbys du 6- og 12-månadskontroll. I tillegg kan du ta direkte kontakt med høyrselssentralen om det er noko gale med høyreapparatet eller det treng justering. Dersom du har fått høyreapparat hos ein privat audiograf eller avtalespesialist, må du kontakte denne spesialisten for servicetime.

Du kan også levere høyreapparatet i skranken ved øyre-nase-hals-avdelinga. Høyreapparata blir sjekka innan ei veke. Av og til må høyreapparata sendast inn til leverandøren. Audiografen kontaktar deg og fortel om høyreapparata er klare for henting eller om dei må sendast inn. Når høyreapparata blir sendt vidare, må du forvente alt frå to til fire veker før dei er tilbake. Dette kjem an på kva som må reparerast.

NAV dekker utgifter til nye høyreapparat kvart sjette år. Du treng ikkje tilvising for å få nye, så lenge du har fått utlevert høyreapparat tidlegare.