Gynekologisk undersøkelse

Ei gynekologisk undersøking er undersøkinga av vulva, skjeden og livmorhalsen. Den kan gjerast hos dei fleste fastlegar og helsestasjonar for ungdom. Dersom det er behov for å undersøkje livmor og eggstokkar, blir du tilvist til ein gynekolog.

Når skal du gjere ei gynekologisk undersøking?

Frå det året du fyller 25 år, bør du ta ein prøve for livmorhalskreft kvart 3. år fram til du er 69 år. Denne testen tek legen anten som celleprøve eller HPV-prøve frå livmorhalsen din ved ei gynekologisk undersøking.

Utanom celleprøven er det ikkje nødvendig jamleg å ta gynekologisk undersøking, så lenge du ikkje har nokon plager i underlivet. Har du endra utflod, kløe eller smerter i magen eller i vulva som ikkje går over, bør du ta kontakt med lege.

På  vulva.no kan du lese meir om symptom i symptomrettleiinga (vulva.no).

Du kan også få hjelp til å vurdere behovet for ei gynekologisk undersøking hos fastlegen. Nokre gonger held det å ta ein prøve for seksuelt overførbare infeksjonar, eller du har symptom som er lett attkjennande for legen, slik at det ikkje er behov for ei gynekologisk undersøking.

Korleis bestiller du time til gynekologisk undersøking?

Mange trur dei må til ein gynekolog for å gjere ei underlivsundersøking. Dette er ofte unødvendig, sidan alle fastlegar er lærte opp til å gjere ei enkel gynekologisk undersøking og i tillegg ta celleprøvar. Du kan derfor starte med å ta kontakt med fastlegen din, dersom du treng ei gynekologisk undersøking.

Det vil likevel vere ein del fastlegar som vel å tilvise vidare også for dei enkle undersøkingane av ulike årsaker.

Les meir om samtalen på legekontoret (vulva.no).

Tilvising

Dersom fastlegen er usikker på kva plagene dine kjem av eller du må undersøkje eggstokkar og livmor, blir du tilvist til ein gynekolog for vidare undersøking med ultralyd. Dersom du blir tilvist av fastlegen, får du dekt timen hos gynekolog via helfo. Det kan ofte vere ganske lang ventetid.

Du kan også gå til privat gynekolog. Då treng du ikkje tilvising. Dette er gynekologar som ikkje har ein avtale med HELFO, slik at dei ikkje får refundert kostnader på konsultasjonen frå det offentlege. Det vil seie at du må betale heile konsultasjonen sjølv, og derfor blir dette dyrare enn om du får tilvising til ein gynekolog med avtale. Det er ofte kortare ventetid hos private gynekologar.

Kva skjer ved ei gynekologisk undersøking?

Ved ei undersøking ligg kvinna i ein gynekologisk stol der beina ligg i beinhaldarar. Har du menstruasjon, kan det vere vanskeleg å vurdere utflod, og det kan ikkje takast celleprøve når du har blødingar. Du kan ringje legekontoret dersom du får blødingar same dag som undersøkinga. For undersøking av vulva eller innsetjing av spiral er det ikkje problematisk at du har blødingar.

Undersøking av vulva

Legen vil først sjå på ytre og indre kjønnslepper og skjedeinngangen for å sjå etter teikn på sår, hevelsar, fargeendringar, blemmer og utslett. Det er ikkje nødvendig å fjerne hår rundt kjønnsorganet før ei gynekologisk undersøking.

Undersøking av skjeden og livmorhalsen

Etter å ha sett på vulva vil legen kikke inn i skjeden ved hjelp av eit spekel med glidemiddel. Legen vurderer slimhinna i skjeden, utfloda og livmorhalsen. For å teste seksuelt overførbare infeksjonar (som klamydia) eller teste pH på utfloda bruker legen ein bomullspinne. Nokre tilbyr test for seksuelt overførbare infeksjonar som ein sjølvtest pasienten kan ta på toalettet. Nokre gonger vil legen ta prøvar og vil hente ut utflod for å undersøkje bakteriar og celler i mikroskopet.

Celleprøve

Ein celleprøve blir teken mens spekelet er inne i skjeden. Prøven blir gjennomført ved at legen stryk ein plastspatel på livmorhalstappen og vrir ein liten børste rett innanfor livmorhalsen. Det er med andre ord berre undersøking frå livmorhalstappen og ikkje noko djupare enn det. Det er normalt å blø litt etter denne prøven, sjølv om det ikkje har vore noko skarpt i kontakt med livmorhalsen.

Film: Dette skjer når du tar livmorhalsprøve

På kreftregisterets nettisder kan du lese meir om kva som skjer når du skal ta ein celleprøve.

Undersøking av livmor og eggstokkar

Legen vil også ofte undersøkje storleiken og plasseringa av livmor og eggstokkar. Det gjer ein ved at legen tek to fingrar inn i skjeden og beveger litt på livmorhalsen, mens legen klemmer over nedre del av magen. Legen får då ei kjensle av kvar livmora er, storleiken på livmora og om det er klumpar eller kular som ikkje bør vere der. Det er viktig å gje tilbakemelding til legen dersom noko av dette kjennest unormalt vondt.

Ein gynekolog vil i tillegg kunne sjå på livmora og eggstokkane via innvendig ultralyd. Dette er eit avlangt instrument som legen fører inn i skjeden. Dette medfører ikkje smerter.

Gode tips ved undersøkinga

  • Ha på klede som er lett å ta av.
  • Ha gjerne ein lang genser eller ein kort kjole eller eit skjørt.
  • Fokuser på å slappe av i lår og rumpemuskulatur slik at du spenner deg minst mogleg i bekkenet.
  • Pust godt inn med magen, og konsentrer deg gjerne om pusten din i løpet av undersøkinga.
  • Dersom du tidlegare har opplevd vanskelege situasjonar ved gynekologisk undersøking eller opplevd overgrep, er det viktig å seie frå til legen om dette før undersøkinga.

Vulva.no

Vulva.no er laga for deg som ønskjer informasjon om sjukdomar i ytre delar av underlivet hos kvinner.

Innhaldet er levert av Oslo universitetssykehus HF

Oslo universitetssykehus HF. Gynekologisk undersøkelse. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert torsdag 16. februar 2023 [henta torsdag 25. april 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/undersokelse-og-behandling/gynekologisk-undersokelse/

Sist oppdatert torsdag 16. februar 2023