EKG (elektrokardiografi)

EKG er ein metode som vert brukt for å registrere den elektriske aktiviteten i hjartet. Det er særleg dei elektriske impulsane som vert fanga opp når hjartemuskelen trekk seg saman.

Foto: Colourbox

Ved hjelp av EKG kan vi slå fast om hjartet slår regelmessig, om det er ujamn rytme eller om det er ekstraslag.

Hastigheita og bredding av dei elektriske impulsane seier også noko om skade av hjartemuskelen og tjukkelse eller størrelse av hjartet.

EKG er ein viktig del i samband med utgreiing og kontroll av alle slags hjartelidingar.

Korleis gjerast undersøkinga?

EKG krev ingen spesielle førebuingar.

Under EKG-takinga ligg du på ein undersøkingsbenk/i seng, og du må ta av deg kleda på overkroppen.

Klistrelappar med leidningar blir festa på huda, ein på kvar arm og kvar fot, i tillegg til 6 leidningar på brystet. Leidningane blir kopla til EKG-apparatet som registrerer dei elektriske impulsane i hjartet.

Gjer det vondt?

Sjølve undersøkinga er heilt smertefri, ein merker ikkje at registreringa vert utført og resultatet blir best om ein ligg stille.

For nokre kan det vere plagsamt når ein skal fjerne alle klistrelappane etter undersøkinga.