Pollenallergi – høysnue

Dersom du begynner å nyse, får tett nase eller irriterte auge kvar vår eller sommar, har du truleg pollenallergi. Dette kan vere plagsamt, men det finst behandling.

Bjørketrær bærer pollen og kan være til plage i pollensesongen.

Oppsummering

Pollenallergi blir på folkemunne kalla høysnue. Ein allergi er ein overreaksjon frå kroppen sitt immunforsvar mot noko som eigentleg er ufarleg. Ved pollenallergi overreagerer immunforsvaret mot pollen, det vil seie blomsterstøv som spesifikke planter og tre slepp ut i lufta.

Mengda pollen i lufta varierer med årstidene. Dei ulike plantene frigjer pollenet sitt i ulike periodar på våren og sommaren. Pollenutsleppet varierer òg etter kvar i landet du oppheld deg.

Symptombilete

Det er vanleg å nyse mykje når du har pollenallergi. Andre symptom:

  • rennande, kløande og tett nase
  • rennande, kløande og raude auge
  • kløe i svelget
  • hoste

Andre allergiar gir ofte dei same symptoma. Dette gjeld for eksempel middallergi og allergi mot dyrehår. Det spesielle med pollenallergi er at han kjem til same tid kvart år.

Det finst testar som kan gi svar på kva du eventuelt er allergisk mot.

Allergi kan utløyse astma. Dersom du får tung pust, hoste eller pipelydar, bør du oppsøkje fastlegen din.

Behandling

Det finst fleire effektive behandlingar mot pollenallergi. Dei fleste legemidla mot allergi blir selde som tablettar eller spray, mens augedropar blir brukte ved irriterte auge. Enkelte legemiddel får du kjøpt reseptfritt på apoteket, mens andre må føreskrivast av lege.

Legemiddel mot poll​​enallergi

Dersom du har milde symptom på pollenallergi, kan det hende det er nok å ta antihistamin. Du får kjøpt antihistamin reseptfritt på apoteket, men større pakkar må føreskrivast av lege. Eksempel på nyare antihistamin er cetirizin, loratadin, feksofenadin, desloratadin og ebastin.

Eldre antihistamin kan verke søvndyssande og gi trøyttheit, derfor blir dei i liten grad brukte i dag.

Bruker du tablettar utan at symptoma forsvinn, kan du bruke nasespray i tillegg.

Leukotrienreseptoragonist (Montelukast) er eit legemiddel som ser ut til å fungere betre mot tett nase enn antihistamin, og desse kan brukast i kombinasjon ved behov. Legemiddelet natriumkromoglikat som nasespray kan òg hjelpe mot tett nase. Det blir likevel vanlegvis berre tilrådd når andre behandlingar ikkje har hatt effekt.

Behandling med kortisonpreparater

Dersom antihistamin ikkje fungerer godt nok, kan du prøve inhalasjonspulver til nasen eller nasespray med kortison. Legemiddelet kan òg takast saman og verke betre med eit antihistamin.

Kortisonpreparat fungerer dempande på immunforsvaret og motverkar den allergiske reaksjonen. Eksempel på kortisonpreparat i nasespray er flutikason, budesonid, mometason og triamcinolon.

Dosen med kortison bør vere så liten som mogleg, spesielt hos barn.
Kortisonspray skal brukast éin eller to gonger dagleg og kan brukast gjennom heile pollensesongen. Det er best om du begynner å bruke han éin eller to veker før pollenkonsentrasjonen begynner å auke i lufta.

Du må ha resept for dei fleste legemidla med kortison. Legar er ofte forsiktige med å føreskrive legemidla til barn, med mindre symptoma er alvorlege. Dette kjem av at ein er uroa for at kortisonbruk over lang tid kan bremse veksten til barnet.

Dersom symptoma er alvorlege, kan legen tilrå ein kort kur (vanlegvis berre nokre få dagar) med kortisontablettar. Du får lågast mogleg dose på grunn av faren for biverknader ved bruk over lengre periodar, for eksempel auka blodsukker.

Slimhinneavsvellande legemiddel

På apoteket finst det nasespray som fungerer mot hevelse i naseslimhinna. Dersom du er veldig plaga, kan du bruke det i nokre dagar inntil antiallergibehandlinga som er beskriven over, får full effekt. Etter ei vekes bruk kan du oppleve å bli endå tettare i nasen når du sluttar med nasesprayen, så dette bør berre brukast til korttidsbehandling.

Anna behandling

Allergivaksinering er eit svært godt behandlingsalternativ ved langvarig og alvorleg allergi der ein ikkje har tilfredsstillande nytte av vanleg legemiddelbehandling.

Behandlinga blir òg kalla hyposensibilisering eller spesifikk immunterapi. Prinsippet for behandlinga er å minske allergien ved å gi ei rekkje injeksjonar eller tabletter med det stoffet du er allergisk mot. Det blir vanlegvis ikkje gitt til barn under fem år.

Sjølvhjelp og råd

Det er lurt å unngå å utsetje seg for pollen i den graden det går. Vêrmeldinga har ofte eit pollenvarsel om våren og sommaren. Du kan òg sjekke internett, for eksempel pollenvarselet til Norges astma- og allergiforbund.

Pollennivåa er ofte høgare på varme, tørre og vindfulle dagar og toppar seg gjerne i ti-tida om morgonen.

Det kan vere lurt å tørke klede innandørs i pollensesongen. Tettsitjande solbriller utandørs kan òg verke beskyttande mot pollen. Hald vindauga i bilen lukka. Luftforureining, tobakksrøyk og insektmiddel kan forverre pollenallergi. Enkelte tykkjer at det hjelper å vaske ansiktet og skylje håret etter at ein har vore utsett for mykje pollen ute. Ein kan òg skylje nasen med saltvatn.

Prognose

Dei fleste opplever pollenallergi som plagsamt, men hos enkelte kan han vere til hinder for daglegdagse aktivitetar som skule og arbeid. Allergien kan vere spesielt ille for barn. Adekvat behandling vil vere effektiv for dei fleste.

Oppsøk lege dersom du treng utgreiing eller om behandlinga du får, ikkje er tilstrekkeleg.

Astma- og allergiforbundet

23 35 35 35

Hverdager kl. 09:00 - 14:30

Interesseorganisasjon for alle som har astma, allergi, eksem og andre overfølsamheitssjukdommar.

LHL Astma og allergi

22 02 68 10

Hverdager kl. 08:30 - 12:00

Interesseorganisasjon for alle som har astma, allergi og eksem.

Pollenallergi – høysnue. Helsebiblioteket.no, 2021.

Hay fever (PDF). Originalbrosjyre frå BMJ Best Practice, 2021.

Innhaldet er levert av Helsebiblioteket/BMJ

Helsebiblioteket/BMJ . Pollenallergi – høysnue. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert onsdag 15. september 2021 [henta torsdag 18. april 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/sykdom/astma-og-allergi/pollenallergi/

Sist oppdatert onsdag 15. september 2021