Aktiv på 30 dagar

Her er eit 30-dagars program med låg terskel, som passar for deg som bevegar deg lite i kvardagen og som vil bli meir aktiv. Fysisk aktivitet kan vere gøy, triveleg og sosialt og ei kjelde til overskot.

Det er mykje du kan gjere som du ikkje nødvendigvis tenkjer på som fysisk aktivitet eller trening. Fysisk arbeid ute og inne, ein tur, å gå til jobben. All aktivitet tel, også lett aktivitet er bra for helsa. Nokre minutt om dagen vil vere viktige dersom du elles sit mykje i ro. Sjå etter moglegheiter til å bevege deg litt meir i kvardagen Sjå også tips for å blir meir aktiv.

Før du byrjar

  • Fysisk aktivitet av låg intensitet har effekt dersom du bevegar deg lite i kvardagen. Ved auka intensitet og mengd, aukar effekten.
  • Tilpass intensiteten til kva som passar for deg.
  • Set deg nokre konkrete, realistiske og kortsiktige delmål. Set også nokre meir langsiktige mål.
  • Lag gjerne ein avtale om å vere aktiv med ein ven eller gjer aktivitet saman med andre.
  • Juster mål og aktivitet undervegs. 

Ein vanleg feil er at mange går ut for hardt og mistar motet. Det er heilt vanleg når ein skal endre rutinane. Ver tolmodig og start roleg. Då er det meir sannsynleg at du held lenger og også kan unngå skadar.
Nedanfor er nokre forslag til eit 30-dagarsprogram for ein person som ikkje er aktiv frå før. 

Om du synest aktivitetane nedanfor er for mykje eller for lite, reduser mengd og intensitet eller øyk mengd og intensitet. Tilpass forslaga til deg, ambisjonsnivået ditt, eventuelle plager og kvardagen din. 

Når du kjem heim, kan du bruke fem minutt på å tenke gjennom:

  • Kva har fungert i desse 4 vekene?
  • Kva har kome i vegen – og kva kan du gjere med det?
  • Kva vil gjere det lettare for deg å halde på desse gode rutinane?
  • Kan du gjere noko saman med nokon?

Anbefalinger om fysisk aktivitet for voksne og eldre

Det er ikke nødvendig å trene hardt for å få bedre helse. All fysisk aktivitet er bra for deg. Her kan du se hvor mye aktivitet som er anbefalt for voksne og eldre og hva du kan gjøre for å nå anbefalingene.

Illustrasjon: iStock

Trenger du tips til turen?

Det finner du her!

Innhaldet er levert av Helsedirektoratet

Helsedirektoratet. Aktiv på 30 dagar. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert fredag 14. mars 2025 [henta torsdag 24. april 2025]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/trening-og-fysisk-aktivitet/treningsprogram-30-dager/

Sist oppdatert fredag 14. mars 2025