Livmorknutar – myom
Livmorknutar er vanlegvis ikkje farleg og gir som oftast ingen symptom. Hos enkelte kan dei likevel gi smertefulle eller kraftige menstruasjonsblødingar eller trykksymptom i nedre del av magen.
- Oppsummering
- Symptombilde
- Behandling av livmorknutar
- Prognose
Oppsummering
Livmorknutar er kuler som veks i veggen på livmora. Dei er laga av ein type muskelceller og bindevev. Knutane skaper vanlegvis ikkje problem og er svært vanlege. Om lag åtte av ti kvinner vil utvikle livmorknutar i løpet av livet. Dei kan vere små, omtrent på storleiken med eit nålehovud, men kan òg vekse og bli store, nokon gonger så store som ein ballong.
Vi veit ikkje sikkert kvifor kvinner får livmorknutar, men hormona østrogen og progesteron ser ut til å få dei til å vekse.
I overgangsalderen blir produksjonen av desse to hormona redusert, og livmorknutane begynner å krympe. Det er likevel ikkje slik at dess meir østrogen du har, dess meir veks livmorknutane. For eksempel veks ikkje livmorknutar særleg mykje i svangerskapet, sjølv om nivået av østrogen stig.
Symptombilde
Dei færraste med livmorknutar får symptom, og ofte blir dei oppdaga under ei rutineundersøking av underlivet. Enkelte livmorknutar kan likevel forårsake problem, for eksempel:
-
smerter eller trykkjensle i magen
-
hyppig vasslating
-
smerter under samleie
-
Problem med å bli gravid (sjeldan)
-
Forstopping
Behandling av livmorknutar
Har du milde eller ingen symptom, treng du vanlegvis ingen behandling. Er livmorknutene smertefulle eller gir deg andre plagar, kan behandling hjelpe.
Nærmer du deg overgangsalderen kan det å vente være eit alternativ, sidan symptoma ofte minsker med tiden.
Det finst fleire ulike behandlingar og legens anbefalinger avheng av alvorsgraden og livssituasjonen, som for eksempel om du planlegg å bli gravid.
Behandling med legemiddel
Dersom livmorknutane gir deg store og/eller smertefulle blødingar, kan medisinar hjelpe. Eksempel på medisiner:
- Traneksamsyre. Legemiddelet bidreg til å redusere kraftige blødingar.
- Betennelsesdempande legemiddel. Desse verkar smertelindrande og kan gi mindre blødingar. Du kan kjøpe lavdose naproxen eller ibuprofen reseptfritt på apotek eller i butikken.
- P-piller gir mindre blødingar.
- Hormonspiral kan redusere blødingar.
- Anna hormonbehandling.
Sjølv om behandlingane over kan hjelpe mot symptom, bidreg dei mest truleg ikkje til at muskelknutane blir mindre.
Eksempel på legemiddel som kan redusere storleiken på livmorknutar:
- GnRH-agonistar fungerer ved å redusere østrogenmengda i kroppen. Sidan ein trur at østrogen stimulerer veksten av livmorknutar, kan mindre østrogen truleg gi mindre livmorknutar. Eit eksempel på ein GnRH-agonist er leuprorelin.
- Antiprogestogen reduserer effekten av progesteron i kroppen. Dette kan bidra til at livmorknutane blir mindre, og nokon opplever at menstruasjonen forsvinn. Mifepriston er eit eksempel på eit antiprogestogen.
Legemidla kan òg gjere at menstruasjonen tek slutt.
Planlegg du å bli gravid, kan du ikkje behandlast med hormon, men du kan prøve å bli gravid igjen etter avslutta behandling.
Når du sluttar med hormonbehandlinga, kan livmorknutane vekse ut att og gi same symptom som tidlegare.
Hormonbehandlingar har biverknader som kan likne symptom på overgangsalderen, for eksempel hetetokter. GnRH-agonistar aukar òg risikoen for beinskjørheit (osteoporose). Mifepriston kan føre til at slimhinna inne i livmora blir fortjukka.
På grunn av faren for alvorlege biverknader er det sjeldan tilrådd at kvinner bruker hormonpreparat lengre enn i nokre månader. Hormonbehandling blir tilrådd oftare dersom du nærmar deg overgangsalderen eller ventar på ein operasjon (sjå ulike operasjonstypar under).
Kirurgisk behandling
Kirurgisk behandling av livmorknutar kan hjelpe mot kraftige menstruasjonar. Det finst fleire operasjonsalternativ, så snakk med legen din om kva som kan vere rett behandling for deg.
Myomektomi
Ein myomektomi er ein operasjonstype som fjernar berre livmorknutane. Du beheld livmora og kan framleis få barn. Ikkje alle livmorknutar eignar seg for denne operasjonen. Det avheng av kvar dei sit, kor mange det er og kor store dei er.
Det er fleire måtar å utføre eit myomektomi på. Livmorknutar kan fjernast med kikholskirurgi (laparoskopi), der kirurgen lagar nokre få snitt i magen. Operasjonen blir utført ved hjelp av eit instrument med kamera på. Kikholskirurgi er berre eigna dersom livmorknutane er små.
Open kirurgi inneber eit større inngrep i magen, og det kan ta lengre tid å komme seg etter inngrepet enn ved kikholskirurgi.
Eit tredje alternativ er hysteroskopisk myomektomi, der kirurgen bruker eit instrument inne i livmora gjennom skjeden.
Dersom du har hatt problem med å bli gravid, kan fjerning av livmorknutar hjelpe på fruktbarheita og redusere sjansane for spontanabort.
Uansett type operasjon kan livmorknutane komme tilbake. Tre år etter operasjonen har dei vakse tilbake hos éin av fire.
Hysterektomi - fjerning av livmora
Ønskjer du å fjerne livmorknutane for godt, kan ein hysterektomi vere ei løysing. Dette er ein stor operasjon der berre livmortappen står igjen. Du kan ikkje bli gravid etterpå.
Livmora kan fjernast via kikholskirurgi, open kirurgi eller gjennom skjeden. Å fjerne livmora gjennom skjeden går raskare enn gjennom ei opning i magen. Denne metoden gir òg raskare betring etter operasjonen.
Nokre kvinner får komplikasjonar av operasjonen, som smerter, feber og infeksjonar.
Dei fleste kvinner som vel hysterektomi, fortel at dei er fornøgde med operasjonen.
Embolisering
Ein nyare teknikk er å kutte blodtilførselen til livmorknutar, slik at dei krympar. Dette heiter embolisering.
Gjennom eit lite kutt i lysken fører legen inn ein slange i lårarterien. Slangen blir ført heilt inn til livmorknuten og blokkerer der, slik at blodtilførselen blir stoppa.
Dei fleste som blir behandla med denne teknikken, opplever god betring, men livmorknutane kan komme tilbake. Embolisering er ei mindre inngripande behandling enn myomektomi og hysterektomi, og dei fleste kan gjenoppta daglege aktivitetar mykje raskare. Behandlinga er ikkje tilrådd for kvinner som ønskjer å bli gravide.
Overgangsalder: Bør eg ta østrogen?
Vanlege plager i overgangsalderen er hetetokter, underlivsplager og søvnvanskar. Mange har god effekt av hormonbehandling.
Prognose
Har du ingen plager frå livmorknutane, treng du truleg ikkje behandling. Du kan bli tilrådd å følgje utviklinga ved hjelp av regelmessige undersøkingar.
Dersom livmorknutane gir deg store plager, finst det behandlingar som kan hjelpe.
Mange opplever at symptoma blir mindre eller forsvinn heilt etter overgangsalderen. Men dersom du framleis har problem, bør du kontakte legen din.
Livmorknuter - myomer. Helsebiblioteket.no, 2024.
Fibroids (pdf). Originalbrosjyre fra BMJ Best Practice, 2023.