Skjede- og livmorframfall

Framfall av skjede og/eller livmor er ein tilstand der delar av skjedeveggen eller livmortappen søkk nedover i skjeden og kan kome delvis ut av vagina når ein har sete, stått eller gått mykje.

Kva er skjede- og livmorframfall?

Ein har enno ikkje funne ei sikker årsak til at nokre kvinner får framfall. Alder og reduksjon av styrken i bindevevet kan vere ein faktor.

Strekk i bindevevet i samband med fødslar, kronisk hoste, tungt fysisk arbeid, forstopping og overvekt, kan gi auka risiko for å utvikle framfall.

Ulike typar skjede- og livmorframfall

  • framfall av fremre skjedevegg og blærenedfall (cystocele)
  • framfall av bakre skjedevegg, eventuelt med effekt på tarm (enterocele/rectocele)
  • framfall av skjedetopp/livmor (uterindescens)
  • forlenging av livmorhals (cervixelongasjon)
  • totalprolaps der nesten heile livmora kjem ut av skjeden (også kalla nedsenka livmor)
  • kombinasjonar av desse

Symptom på skjede- og livmorframfall

Framfall kjennast ofte som ein kul eller eit press i underlivet. Nokon får plager med å tømme seg for urin eller avføring, og nokon får urinlekkasje. Nokon får småblødingar. Desse er vanlegvis forårsaka av gnagsår på den delen av skjedeveggen eller livmora som kjem utanfor skjeden. Blødingane skal alltid bli kontrollert av lege slik at andre årsaker blir utelukket.

Behandling

Mange kvinner lever godt og utan plager med framfall. Hos desse kvinnene er det heilt unødvendig med nokon form for behandling.

Dersom du treng behandling, er det to hovudmoglegheiter: pessarring og operasjon.

Pessarring

Pessarring er ein mjuk plastring som blir tilpassa hos gynekolog. Den blir lagt inn i skjeden og ligg der kontinuerleg. Du kjenner ikkje at du har den, men du blir kvitt plagene som framfallet har gitt deg.

Nokre gonger i året er det nødvendig å kontrollere at ringen ligg som han skal og ikkje gneg. Dei kvinnene som har ein slik ring liggande inne, bruker østrogenkrem/stikkpiller for at slimhuda i skjeden skal bli tjukkare og ikkje så lett få gnagsår.

Operasjon for framfall av skjede/livmor

Operasjonar for framfall blir gjennomført i narkose eller ryggbedøving (spinal- eller epiduralanestesi). Operasjonane blir gjennomført via skjeden.

Operasjonsmetode er avhengig av kva for type framfall du har, anten blir

  • fremre skjedevegg stramma opp og blæra løfta opp på sin naturlege plass
  • bakre skjedevegg stramma opp og forsterka
  • livmortappen, eventuelt heile livmora, blir fjerna

Hos nokon gjer ein «tre-trinns operasjon». Det inneber at legen opererer på framre og bakre skjedevegg og fjerner livmortappen under samme inngrep. Nokon sjeldne gonger blir skjedeveggane forsterka med «nett» av kunststoff.

Innhaldet er levert av Helse Bergen HF

Helse Bergen HF. Skjede- og livmorframfall. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert fredag 2. september 2022 [henta torsdag 21. november 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/sykdom/underliv/livmorframfall/

Sist oppdatert fredag 2. september 2022