Ménières sjukdom

Ménières sjukdom er ein sjukdom i det indre øyret, som gjev anfall av svimmelheit og øyresymptom. Sjukdomen er ufarleg, men ofte plagsam i periodar.

Oppsummering

Årsaka til sjukdomen er væskeoppsamling i det indre øyret. Sjukdomen er kronisk, men behandling kan redusere symptoma. Anfalla blir i dei fleste tilfelle svakare og sjeldnare med tida. 

Symptom på Ménières sjukdom 

Dei vanlegaste symptoma ved Ménières sjukdom er 

  • kraftige svimmelheitsanfall som varer i minst 20 minutt 
  • høyrselstap 
  • øyresus (tinnitus) 
  • trykkjensle i øyret 

Under eit typisk Ménière-anfall får ein kjensla av å rotere kraftig (vertigo). Denne kjensla er ofte følgt av kvalme, brekningar og å vere svært ustø. Omkring halvparten skildrar i tillegg ei kjensle av tettleik (dottkjensle) eller trykk i øyret. 

Mange blir også ømfintlege for lydar (lydsky). Anfallet varer frå 20 minutt til fleire timar, men sjeldan meir enn 12 timar. 

Årsaker

Ménières sjukdom er ein kronisk sjukdom i labyrinten i det indre øyret. Auka væskemengd i labyrinten fører til at han blir spila ut, og sanseområda for høyrsel og likevektssans blir skadde. 

Kva som skaper væskeoppsamlinga, er i dei fleste tilfelle ukjent. Ein sjeldan gong kan det vere arveleg. Nokre gonger kan det kome av annan sjukdom i eller skade av øyret.

Risikofaktorar 

Ménières sjukdom startar oftast i vaksen alder og er uvanleg hos barn. Kvinner blir ramma omtrent like ofte som menn. 

Ein meiner at omtrent 1 til 2 promille av befolkninga har Ménières sjukdom. 

Utgreiing og diagnose

Dersom du opplever anfall av svimmelheit saman med høyrselstap, øyresus og trykkjensle i øyret, bør du undersøkjast for Ménières sjukdom. Fastlegen din kan tilvise deg til utgreiing hos øyre-nase-halsspesialist, for å stadfeste eller avkrefte diagnosen. 

Det er viktig at du gjev legen ei grundig skildring av svimmelheitsanfalla. Dersom det er mistanke om at du har Menières sjukdom, bør du derfor føre ein anfallslogg for å registrere hyppigheit og grad av symptom. 

Sjukdomen gjev eit karakteristisk høyrselstap som kan stadfestast ved høyrselsmåling (audiometri). I starten av sjukdomen kan høyrselen vere normal mellom anfalla. Over tid vil ein likevel oftast sjå eit høyrselstap på det aktuelle øyret også mellom anfalla. 

Det er vanleg at eventuelle andre årsaker til symptoma blir utelukka ved hjelp av relevante undersøkingar. 

Behandling

Dei aller fleste kan bli behandla utanfor sjukehus. Ved langvarige og uttalte plager, kan nokre ha nytte av medisinsk og kirurgisk behandling. Behandlinga ved Ménières sjukdom går ut på å lindre symptoma ved anfall, førebyggje nye anfall og behandle medfølgjande problem som høyrselstap eller redusert balanse. 

Medisinsk behandling 

Bruk av vassdrivande medikament og redusert inntak av salt kan i nokre tilfelle hjelpe på symptoma. Andre behandlingsformer er meir usikre og omdiskuterte (til dømes Betaserc). 

Kirurgisk behandling 

Eit ventilasjonsrøyr (også kalla dren) kan opererast inn i trommehinna i øyret for å endre trykkforholda og luft-samansetninga i mellomøyret. Dette vil i nokre tilfelle dempe symptoma. 

Ein sjeldan gong vil ein på grunn av langvarige plager med kraftige svimmelheitsanfall vurdere anna kirurgisk behandling. Her finst det fleire alternativ, men det vanlegaste er såkalla medikamentell labyrintdestruksjon, der balanseorganet blir øydelagt gjennom innsprøyting av gentamycin i mellomøyret. 

Denne behandlinga fører i dei fleste tilfella til at anfalla opphøyrer eller blir langt svakare. Du må likevel rekne med ein forbigåande auke i svimmelheita med behov for balansetrening, og det er også ein risiko for at høyrselen på øyret kan bli dårlegare etter denne behandlinga. 

Prognose

Menières sjukdom er kronisk. Det vil seie at funksjonen i øyret blir redusert over tid, sjølv om dei fleste fungerer bra trass i sjukdomen. 

Dei første symptoma kan vere svimmelheitsanfall, høyrselssymptom eller begge delar. Til å byrje med vil høyrselssymptoma kunne variere mykje. I periodar kan det kjennast som om høyrselen er heilt borte, andre gonger kan høyrselen kjennast nesten normal. Seinare blir høyrselssymptoma meir konstante, sjølv om øyret sjeldan blir heilt døvt. 

Svimmelheitsanfalla vil oftast bli mildare over tid. Nokre kan likevel ha nokså uttalte og langvarige plager, og då er det vanlegvis svimmelheitsanfalla som er hovudproblemet. 

Å leve med

 

Eit regelmessig liv med nok søvn, fysisk mosjon og utan for mykje stress blir rekna som gunstig for å førebyggje anfall. Fysisk aktivitet mellom anfalla er viktig for å trene balansen. Turgåing er ein god måte å gjere dette på. 

Orienter gjerne familie, vener, arbeidsgjevar og kollegaer om sjukdomen. Ved å vere open kan du gjere det lettare for andre å ta omsyn. 

Dersom du byrjar å unngå sosiale situasjonar, held deg mest heime eller livet kjennest håplaust i lengre periodar, er det viktig at du tek kontakt med fastlegen din for å få hjelp. Det finst profesjonell hjelp å få i heile landet. 

Nokre kan oppleve seriar av anfall kort tid etter kvarandre. Heldigvis er slike anfallsseriar forbigåande, og etter anfalla vil du ofte ha ein lengre stabil periode med lite anfall. 

Innhaldet er levert av Nasjonal kompetansetjeneste for vestibulære sykdommer

Nasjonal kompetansetjeneste for vestibulære sykdommer . Ménières sjukdom . [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert tysdag 20. desember 2022 [henta torsdag 21. november 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/sykdom/svimmelhet-og-balanseforstyrrelser/menieres-sykdom/

Sist oppdatert tysdag 20. desember 2022